Tsàchila-folket

 

Vi reiste frå den deilige lufta og stemninga på kysten, austover til Santo Domingo.

Godt med ein strekk på hard benk etter busskøyringa. Deilig med skogslydar og roleg atmosfære
Godt med ein strekk på hard benk etter busskøyringa. Deilig med skogslydar og roleg atmosfære

Det var ein by som kan samanliknast litt med Førde; ligg midt på vegen, grei nok, har alt av butikkar, men manglar sjel og retning. Vi tok lokalbussen ut av byen i det totalt ukjente, for vi ville oppsøka stammen som vert kalla ”dei farga” av spansktalande, og  Tsàchila-folket  av seg sjølve. Dei fargar håret raudt på toppen, og alle går med hekla eller vevd stripete skjørt. Dei er kjent for sjamanane sine og sitt gode humør og stor gjestfridom. Vi fekk sjå at det stemte!

Vi spurte nokon om vi kunne få vera der og oppleva litt av deira liv. Det kunne vi, så lenge vi orka å sove på ei stutt seng av

Kakaoslang med Nena og Carlo :)
Kakaoslang med Nena og Carlo 🙂

bambuslaminat, utan vatn eller toalett. Sjefen, Jose Aguavil, spurte om vi ville prøva Ayahuasca, eit hallisunogen som er mykje brukt i områda rundt Amasonas, frå ei slyngplante. Den lukta, såg ut som og smakte som selje, i tilfelle nokon vil prøve heime…

Ein nydeleg hekkblome
Ein nydeleg hekkblome

Vi sa ja, og han lova å ta godt vare på oss. Vi fekk beskjed om å ikkje ete noko resten av dagen. Eg er alltid svolten, så dette vart ei kjempeutfordring! Men vi klarte det, ved å slappa heilt av, snakka mykje med familien til Jose, henta ved, hugga ayahuasca og koka det i to timar. Først skulle vi reinsast for alt dumt, nede i eit hellig rom hugga ut i leire.

Sånn ser blomen på bommulsplanten ut
Sånn ser blomen på bommulsplanten ut

Han starta med røyking og skvetting av ulike vatn på altersteinane. Jesus og Maria stod og såg på oss; synkretismen lenge leve! Eg trur det er best å ikkje skrive så mykje om kva som skjedde etter dette, for det er ganske privat. Men spennande var det, og alt gjekk bra!

Anita lagar ei krone av bommull til Jose, eit teikn på respekt og myndighet
Anita lagar ei krone av bommull til Jose, eit teikn på respekt og myndighet

Elles var vi berre der, leika med ungane, gjekk på slang etter kakao, appelsiner, mandariner og pasjonsfrukt. Åt grøne bananer og yuca frå hagen, fortalte om Noreg og korleis det var å fly. Vi fekk reisa og bada i ei deilig, rein elv og gjekk litt rundtom i bondelandet.

Ein stilig plante
Ein stilig plante

Neste natt vart vi spurt om vi ville sova heima hjå dei, og ei sånn ”backstage”-oppleving seier ein ikkje nei til! Det var mykje her som kan samanliknast med turismen samane driv i Noreg, både korleis ein går frå framside til bakside, korleis ein kler seg, korleis ein brukar språket sitt og korleis dei tenkjer om seg sjølv og storsamfunnet.

Nok om det, bileta får seie resten! Spør gjerne om kontaktinformasjon om du vil til desse folka, eg framsnakkar dei gjerne!

 

Vi fekk god kvelds heime hjå Anita og Jose
Vi fekk god kvelds heime hjå Anita og Jose
Og her sov vi supergodt! Trass knallheftig regnvær og predikantar tidleg om morgonen.
Og her sov vi supergodt! Trass knallheftig regnvær og predikantar tidleg om morgonen.

 

Alle ting er i balanse
Alle ting er i balanse
CrazyCatWoman lærar å laga armband av San Pedro-frø
CrazyCatWoman lærar å laga armband av San Pedro-frø
Anita plantar i hagen. Ikkej forstår eg at denne harde sandjorda kan vera så fruktbar, men her veks ting alle stadar!
Anita plantar i hagen. Ikkej forstår eg at denne harde sandjorda kan vera så fruktbar, men her veks ting alle stadar!
Vi får ikkje hjelpa til med maten. Uansett kor mykje vi spør.
Vi får ikkje hjelpa til med maten. Uansett kor mykje vi spør.
Ungane hentar vatn til oss, så vi får vaska hendene før middag.
Ungane hentar vatn til oss, så vi får vaska hendene før middag.
Elv med innlagt dusj og varme steinar til å laga basseng på :)
Deilig rein elv, innlagt dusjefoss og varme steinar

 

 

)

Store forventingar til Ayahuascasnus. Innfridde ikkje.
Store forventingar til Ayahuascasnus. Innfridde ikkje.
Vi må mose Ayauaskaen før vi kan koke den
Vi må mose Ayauaskaen før vi kan koke den
Jose skal laga benkar av desse balsastokkane. Men ikkje på ein søndag
Jose skal laga benkar av desse balsastokkane. Men ikkje på ein søndag
Anita syns det var så trist at mange dyr berre vert kasta vekk, så hjå dei er det seks hundar og to kattar frå gata. I tillegg har dei ei skjelpadde og masse giganthøns.
Anita syns det var så trist at mange dyr berre vert kasta vekk, så hjå dei er det seks hundar og to kattar frå gata. I tillegg har dei ei skjelpadde og masse giganthøns.

Én kommentar til «Tsàchila-folket»

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.