Hei, verda!

Velkomne til bloggen min!

I skrivande stund sit eg i ei dobbeltseng i Miami og lurar på kva «blogg» faktisk tyder… Det er likevel ikkje så viktig; det essensielle er at eg får spreia mine erfaringar utover verdsveven!

Eg tenkjer å skrive om reisene mine og jobben min, som ofte er same sak. Det som har stått på programmet fram til no i november var 20 innhaldsrike dagar med klassen min i Australia. Der prøvde vi alt frå dykking, surfing, rafting, fallskjermhopp til sandbrettkøyring. Herlig!

Det som no står på programmet er å undersøkje og planlegge neste års tur til nyelinja mi «Frilufsltiv/Backpack» på Molde folkehøgskule. Ferda går til Latinamerika, og i morgon landar eg vonleg i Santo Domingo. Derfrå skal eg vidare nordover til Cabarete, der eg kjenner nokre snille bønder vi kanskje kan få bu hjå i skogen.

Stay tuned!

6 kommentarer til «Hei, verda!»

  1. herreminhatt det hørtes innholdsrikt ut, julieO. Ble oppriktig spent på oppfølgingsbloggingen din! Ha en fin ferd videre 🙂

    1. Dersom du lærar deg spansk, er du ein ypperlig kandidat til å vera med i november neste år, amigita 🙂

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php