Playa las Peñitas og Rigos Guesthouse

Tilbake til kjente område utanfor Leon, der eg studerte I tre månader. Rigo var supersnill og lot oss få sova i gjestehuset sitt på stranda! Der er det mange val; hengekøye, madrass eller senger. I tillegg er det koselege kattar og hundar der, havbrisen og bølgene dyssar ein i søvn og ikkje minst den store gjestfridomen hjå dei som styrar huset.  Sjå denne linken om du vil sjå meir: http://www.tripadvisor.com/Hotel_Review-g1166730-d3419485-Reviews-Rigo_s_Guest_House-Las_Penitas_Leon_Department.html

Stranda har vorte ganske utbygd sia sist eg var her, og no tek det ikkje ein time på ryggskadeleg veg å køyra hit frå byen, så det var stor stas! Samstundes har plassen endå eit preg av urørt og uendeleg sandstrand, og skjelpaddene kjem framleis hit for å legge egg. Restaurantane er få, men gode nok, sjølv om det tek lang tid å få maten…  Heilt tilfeldig har eg møtt tre viktige personar i dag! Det er  merkelig, at ein skal sjå folk att på den måten i ein så stor by! Magisk…

Etter litt vanskelig, men utruleg herlig  surfing vart det buss vidare til ein stad som heite Puerto Sandino. Ein kjekk kar i marineuniform hjalp til med å  finne buss til riktig stad. Då det viste seg at bussen gjekk først om ein time, inviterte han heim til seg og familien! Du hendelse, hadde sånt skjedd i Noreg?

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php