Gjengen delte seg i tre grupper, og alle hadde planlagt meir eller mindre kvar dei skulle reise, korleis og kvar dei ville bu og ikkje minst korleis dei skulle komma seg dit.
Så, kva skulle læraren gjere?!

Eg tok meg først ein runde i Granada, fekk pedikyr for første gang på 27 år og kjøpte bikini på bruktbutikk for ti kroner. Deretter køyrde eg med ein gamal mann i ein 25 år gamal bil i to timar for å komme til San Juan del Sur, eit chill ferieparadis for surfarar, loffarar og dei som treng billige spansktimar og yogatimar.
Eg fann meg eit billig hostell der dei var i total oppussingsmodus i tillegg til å vere rett ved barneskulen, hendelse til støy! Så eg skifta dagen etter, til eit hotell i sentrum der dei hadde dårleg frukost, bråkete naboar, dårleg belysning og plastikkunderlag i sengene – MEN godt internett, nydelege folk og fantastisk kaffi- så då var dei innafor likevel 🙂

Så var det av garde på stranda. Klarte å halde ut ein time. KJEDELIG!
Så eg gjekk heller til ansiktsbehandling. Det er jo latterlig billig! Men det skulle visa seg å vera alt anna enn bra… Damo smurte meg inn med krem fem gangar, masserte med nesten umerkelige bevegelsar og holdt forsyne meg på i ein time og eit kvarter! Det einaste eg verkeleg trengte; skikkelig rens og peel, fekk eg ikkje. SKUFFA.

Åt hummer til middag! Full middag med to drikker og tre hummarhalar, 100kr versågod. Dagen etter gjentok eg suksessen 🙂
Morgondagen kom, med typisk nica-frukost av egg, bønner, ris og kaffi. Veldig grei måte å starta dagen på, faktisk! Varar lenge. Eg gjekk på yogatime og besøkte Jesus-statuen, der eg tok dagens push-ups og tenkte litt over livet Det er kjekt å vera aleine etter 3 veker saman med klassen, men eg var litt einsam og kjenner at dei gir meg energi- så det var godt å snakkas att!!
