Vi har vore med på ein interessant tur med Rigo og Antonio i nasjonalparken Isla Juan Venado. Vi køyrde med båt, hadde med kajakkar og frukt. Kunnskapen til gaidane var veldig interessant! Dei er båe veldig brennande interesserte i miljøvern, og let seg ikkje be to gongar for å fortelje oss om det som skjer.

Det første Rigo peikar på, er store gravemaskiner som driv på inne på stranda i Las Penitas, med å flytte sand og grave ut grøfter. Så vidt eg forstod skulle det brukes til rekeproduksjon, og var totalt ulovleg. Dei hadde fått nei, men har betalt seg fram til riktige papir…


Det andre vi ser er menn som kjem ut frå mangroveskogen med båtar fulle av treverk. Det er ulovleg å høgge ved i nasjonalparken, og mangroveskogen er livsviktig for mange system i havet, då mellom anna reker, krabbar og småfiskar bur der, samt andre ting nederst på næringskjeda.

Så padlar vi innover ein stad så grunn at båten ikkje kan komme inn, og i ein nydeleg lagune går det eit sperregarn tvers over alt. I det ligg det masse daud fisk, og det luktar forferdeleg… Fiske på denne måten er ikkje lov inne i skogen.
Vi besøkar ein klekkingsplass for skjelpadder. Det er heilt magisk å sjå på dei små skapningane kjempa seg ut i bølgjene! For desse er det i alle fall litt meir håp enn for dei som vert funne av mennesker, og solgt for 1dollar egget på marknaden…

I båten att møtar vi ein gjeng unge menn på veg innover i mangroveskogen. Antonio fortel at dei skal inn for å jakte krokodillar. Vi såg ein liten krokodille då vi var inne ved lagunen, og Rigo fortalte at det er veeeldig sjeldan han ser krokodiller der lenger.
