Vi reiste frå den deilige lufta og stemninga på kysten, austover til Santo Domingo.

Det var ein by som kan samanliknast litt med Førde; ligg midt på vegen, grei nok, har alt av butikkar, men manglar sjel og retning. Vi tok lokalbussen ut av byen i det totalt ukjente, for vi ville oppsøka stammen som vert kalla ”dei farga” av spansktalande, og Tsàchila-folket av seg sjølve. Dei fargar håret raudt på toppen, og alle går med hekla eller vevd stripete skjørt. Dei er kjent for sjamanane sine og sitt gode humør og stor gjestfridom. Vi fekk sjå at det stemte!
Vi spurte nokon om vi kunne få vera der og oppleva litt av deira liv. Det kunne vi, så lenge vi orka å sove på ei stutt seng av

bambuslaminat, utan vatn eller toalett. Sjefen, Jose Aguavil, spurte om vi ville prøva Ayahuasca, eit hallisunogen som er mykje brukt i områda rundt Amasonas, frå ei slyngplante. Den lukta, såg ut som og smakte som selje, i tilfelle nokon vil prøve heime…

Vi sa ja, og han lova å ta godt vare på oss. Vi fekk beskjed om å ikkje ete noko resten av dagen. Eg er alltid svolten, så dette vart ei kjempeutfordring! Men vi klarte det, ved å slappa heilt av, snakka mykje med familien til Jose, henta ved, hugga ayahuasca og koka det i to timar. Først skulle vi reinsast for alt dumt, nede i eit hellig rom hugga ut i leire.

Han starta med røyking og skvetting av ulike vatn på altersteinane. Jesus og Maria stod og såg på oss; synkretismen lenge leve! Eg trur det er best å ikkje skrive så mykje om kva som skjedde etter dette, for det er ganske privat. Men spennande var det, og alt gjekk bra!

Elles var vi berre der, leika med ungane, gjekk på slang etter kakao, appelsiner, mandariner og pasjonsfrukt. Åt grøne bananer og yuca frå hagen, fortalte om Noreg og korleis det var å fly. Vi fekk reisa og bada i ei deilig, rein elv og gjekk litt rundtom i bondelandet.

Neste natt vart vi spurt om vi ville sova heima hjå dei, og ei sånn ”backstage”-oppleving seier ein ikkje nei til! Det var mykje her som kan samanliknast med turismen samane driv i Noreg, både korleis ein går frå framside til bakside, korleis ein kler seg, korleis ein brukar språket sitt og korleis dei tenkjer om seg sjølv og storsamfunnet.
Nok om det, bileta får seie resten! Spør gjerne om kontaktinformasjon om du vil til desse folka, eg framsnakkar dei gjerne!








)




Ser så koselig ut der! 🙂 Trivelige folk og fe! 😀 Kos dere og lykke til med planleggingen 🙂