Vi har fått oss nokon gode, ærlege folk rundt oss som vi stolar på.
I desse dagar er vi i full gang med å bygge flåte, innhente opplysningar om mat, søke om alle mulige løyver, designe og svette. Den vesle byen Coca er no blitt vår heim, vi går ut for å ete til lunsj og middag, og om kvelden vert vi kasta vekk frå leikeplassen i park
en av securitasvaktane. Vi er visst ikkje ungar lenger, meiner dei 🙂
Vi har satt i gang ein kilometerkonkurranse og innsamlingsaksjon for Flyktningehjelpen. Allereie i dag har vi samla inn over 4000kr! Premien blir totalt verdt det, donèr og bli med!
Her kan du donere og her må du skriva inn kor mange kilometer du trur vi klarar.
Følg bloggen vår om du vil vite meir om korleis det går med oss!
I natt kom siste flåtar til Quito, og vi har styrt litt rundt, samsnakka oss og kjøpt medisinar og eit kart.
Samsnakking over frukost, med surrete, døvhørte Guillermo som kelner
Eg er redd.
Eg er klar.
Eg er flekkete av myggstikk allereie.
Eg er gira.
Eg er litt sjuk i magen.
Eg er omringa.
Eg trur eg er på rett plass…
Vi prøvar å vera kreative i teambuilding, heilt til la policia jagar oss vekk
Og det som er deilig, er at no treng eg ikkje ta så mykje ansvar for alt mulig lenger. Vi er mange som kan snakka spansk, mange som kan gjera ulike ærend og ikkje minst mange med kompass og kunnskap i hovudet.
vi er forsikra i håve og halen… Trur vi har omlag 6kg med førstehjelp og medisinar.
No startar den harde etappen byggemessig. Alle har mange idear, og gledar seg. Forhåpentligvis vert vi enige. Forhåpentligvis finn vi materiale.
Vi reiste frå den deilige lufta og stemninga på kysten, austover til Santo Domingo.
Godt med ein strekk på hard benk etter busskøyringa. Deilig med skogslydar og roleg atmosfære
Det var ein by som kan samanliknast litt med Førde; ligg midt på vegen, grei nok, har alt av butikkar, men manglar sjel og retning. Vi tok lokalbussen ut av byen i det totalt ukjente, for vi ville oppsøka stammen som vert kalla ”dei farga” av spansktalande, og Tsàchila-folket av seg sjølve. Dei fargar håret raudt på toppen, og alle går med hekla eller vevd stripete skjørt. Dei er kjent for sjamanane sine og sitt gode humør og stor gjestfridom. Vi fekk sjå at det stemte!
Vi spurte nokon om vi kunne få vera der og oppleva litt av deira liv. Det kunne vi, så lenge vi orka å sove på ei stutt seng av
Kakaoslang med Nena og Carlo 🙂
bambuslaminat, utan vatn eller toalett. Sjefen, Jose Aguavil, spurte om vi ville prøva Ayahuasca, eit hallisunogen som er mykje brukt i områda rundt Amasonas, frå ei slyngplante. Den lukta, såg ut som og smakte som selje, i tilfelle nokon vil prøve heime…
Ein nydeleg hekkblome
Vi sa ja, og han lova å ta godt vare på oss. Vi fekk beskjed om å ikkje ete noko resten av dagen. Eg er alltid svolten, så dette vart ei kjempeutfordring! Men vi klarte det, ved å slappa heilt av, snakka mykje med familien til Jose, henta ved, hugga ayahuasca og koka det i to timar. Først skulle vi reinsast for alt dumt, nede i eit hellig rom hugga ut i leire.
Sånn ser blomen på bommulsplanten ut
Han starta med røyking og skvetting av ulike vatn på altersteinane. Jesus og Maria stod og såg på oss; synkretismen lenge leve! Eg trur det er best å ikkje skrive så mykje om kva som skjedde etter dette, for det er ganske privat. Men spennande var det, og alt gjekk bra!
Anita lagar ei krone av bommull til Jose, eit teikn på respekt og myndighet
Elles var vi berre der, leika med ungane, gjekk på slang etter kakao, appelsiner, mandariner og pasjonsfrukt. Åt grøne bananer og yuca frå hagen, fortalte om Noreg og korleis det var å fly. Vi fekk reisa og bada i ei deilig, rein elv og gjekk litt rundtom i bondelandet.
Ein stilig plante
Neste natt vart vi spurt om vi ville sova heima hjå dei, og ei sånn ”backstage”-oppleving seier ein ikkje nei til! Det var mykje her som kan samanliknast med turismen samane driv i Noreg, både korleis ein går frå framside til bakside, korleis ein kler seg, korleis ein brukar språket sitt og korleis dei tenkjer om seg sjølv og storsamfunnet.
Nok om det, bileta får seie resten! Spør gjerne om kontaktinformasjon om du vil til desse folka, eg framsnakkar dei gjerne!
Vi fekk god kvelds heime hjå Anita og JoseOg her sov vi supergodt! Trass knallheftig regnvær og predikantar tidleg om morgonen.
Alle ting er i balanseCrazyCatWoman lærar å laga armband av San Pedro-frøAnita plantar i hagen. Ikkej forstår eg at denne harde sandjorda kan vera så fruktbar, men her veks ting alle stadar!Vi får ikkje hjelpa til med maten. Uansett kor mykje vi spør.Ungane hentar vatn til oss, så vi får vaska hendene før middag.Deilig rein elv, innlagt dusjefoss og varme steinar
)
Store forventingar til Ayahuascasnus. Innfridde ikkje.Vi må mose Ayauaskaen før vi kan koke denJose skal laga benkar av desse balsastokkane. Men ikkje på ein søndagAnita syns det var så trist at mange dyr berre vert kasta vekk, så hjå dei er det seks hundar og to kattar frå gata. I tillegg har dei ei skjelpadde og masse giganthøns.
På eit bittelite museum som er verdt eit besøk! Alt dette er eldgamle signaturstempel… Ah, vil ha!!!
Pedernales får ingen omtale i Lonely Planet. Det syns vi den skulle hatt! Her var det god gatemat, gratis danseshow på torget, konsert og eit yrande natteliv på stranda. Rett ved bussterminalen sov vi på eit hotell der vi for 120kr fekk aircondition, flatskjerm/kleshengar, eige bad, varmtvatn og veranda. Vi likte oss mye!
Eg unnar meg litt pedikyr til 40 kroner.Han lærar seg ta-på-skjerm….
Vi skal til ANDENES!
Frukost på gata er aldri kjedeleg! Ei gås kostar 20kr, om du lurte.
No har vi reist med overraskande behaglege bussar til kysten.
Prisen er omlag 8kr for ein time. Greit det.
Besten instruerar Birk i kokosnøttkunsten. Denne kaféen var overmåte bra, både mat og folka og hjelpa!
Øya Muisne endte vi opp på, og for ein stad! Utslitt, vérbitt, roleg og snill. Rekebasseng og mangroveskog i skjønn disharmoni, dramatisk hav og skiftande himmel. Vi snorkla etter stilige fiskar, såg fuglar med blåe bein og fekk juling i bølgene. Men tøffast av alt var å sjå kvalane! Det er utruleg at kapteinen klarte å finna dei på det store stillehavet….
Må berre plukke på termittua….Bøttevask…Vi ventar på Luis som skal ta oss med på båtturKvalutflukt, habil båtførar, snorkling, mangroveklatring, fisking, deilig dag!!!Vi vart sitjande med denne gamle, sletne mjelkebonden i ein time og prata politikk og økonomi, samt livet generelt..
Kor mykje kostar eit år? Kva skal ein måle det i? Pengar, lønningar, arbeid, relasjonar, møter, smil, sjølvtillit, draumar eller tårer?
No startar eit nytt eventyr, som ikkje skal målast i anna enn minner og tid. Kanskje kjem eg til å skrive litt her til dåke som er glade i meg, til dåke som treng eit spark bak for å komma i gang med eigne turar eller berre deg som tilfeldigvis klikkar forbi. Audmjukt seier eg takk til deg som følgjer!
Eg har no permisjon frå Molde Folkehøgskole, har vore på Nordgardsetra og gjort meg feit, vaksinert skrotten for det meste ulumskt som finns og er klar for Sør-Amerika, regnskogen og Amasonas!
Eg sov ikkje bort Gardermoen-nattaPlanen er genial i sin komplekse enkelhet:
Fly Bergen til Quito I Ecuador
Byggje ein flåte til fem personar
Sjå kor langt vi kjem
Fly heim frå Rio de Janiero, Brasil
Forhåpentligvis. Vi har i teorien teke høgde for malariamedisinpsykose, bryllupsreiseforventningar, varierande risikopersepsjon og kulinariske behov. Vi kjenner ikkje kvarandre alle saman frå før av, så dette vert spennande, utfordrande, irriterande, klaustrofobisk, morsomt og lærerikt! Skulle alt gå skeis har eg for min del testamentet ferdigskrive, samt passordoversikt og ønskelista til julenissen klart heime. Så få vi sjå då, korleis alt går til sist : ) Eg er klar for kva det skulle vere!
Regel nummer 3: Hold lav profil. Korleis skal eg klara det, når eg er som eg er, og Birk er sjølvaste definisjonen på norsk turist!?Denne skulle eg gjerne hatt ei historie til…
På flyet over Atlanterhavet var situasjonen denne: Eg og reisekammerat Håkon Birk har planlagt neste veke ilag på 10 minutt, kvifor gjere det meir komplisert? Mamma har skrive song til meg på «Vesle Daniel»-melodien, Malin har skrive eit legendarisk, pasjonert flybrev og beina mine er ein stad mellom elefant og vissen peppermynte. «Pura
vida!» ville dei sagt i Costa Rica, kva vil vi læra oss å seie her?
Obligatorisk «Vi er framme»-bilete på Quitos takSå kom vi fram, og tru det eller ei: På heile reisa har det ikkje skjedd noko kluss! Alle papir, flygningar og magar er i orden. Det er noko å skrive heim om.
Vi ordna oss inn på koselege, reine og vennlege Hostal Secret Garden, og sjekka inn på sovesal. 100kr natta. Deilig å vera i gang igjen! Så tok vi byen fatt, åt, prata, handla og såg på ting. Quito er ein ryddig og strukturert by, så vidt eg opplever det til no. Har sett nokre horer og mange fulle, eldre menn, men ellers er det overraskande flott her!
Magane og vegane overraskar!Det er godt å reisa denne gangen, for eg gledar meg til å komma heimatt på ein ny måte for meg. Gløggen er allereie bestilt og juleverkstadsinvitasjonane forventar eg vil tårna seg opp i postkassen.
Høgdepunktet på heile turen var for meg å besøke Amantani igjen. Det er ei lita øy i Titicacasjøen og det bur om lag 4000 mennesker her. Dei snakkar det gamle språket quechua. Tradisjonelt et dei veldig lite kjøtt, på grunn av at det er så vanskeleg å få dyrka ting i høgda. Særleg kornet quinoa ar vore livsnaudsynt for dei. Eit audmjukt folkeferd som har forstått at dei kan tene pengar på turismen, utan (enn så lenge) å vere kyniske og krevjande.
Vi fekk moña-te heile tida. Smakar nydeleg og skal hjelpe mot høgdesjuka
Opplegget vårt var å komma ut dit og ete lunsj. Vi fekk potetsuppe og potetmiddag, veldig tradisjonell mat! Det finns visst over 3800 potetsortar i Peru! Så høgt som dette er det vanskeleg å få særleg mykje til å vekse, men du og du, kor dei jobbar for å få det til… Sauane vert til dømes nøye gjeta kvar dag, og det er ofte kvinnene som gjetar. Når kvelden kjem, stappar dei sauane inn i små steingardsirklar og tettar hòlet. Der vert dei så verande, og gjetaren kan ta møkka dagen etterpå og bære den til dit ho treng det. ALT må nyttast i dette jordfattige landskapet.
Vi vart fordelte i heimar rundtom i bygda, om lag 4 i kvart hus. Dei stilte med mat til oss og reine og OK rom. Heldigvis godt med tepper! På dei fire åra sidan sist eg var her, merkar eg stor skilnad på standarden på husa, turismen har gjort at dei har det mykje betre. Fliser på bad og skikkeleg do (dog utan innlagt vatn) var vanleg no, og nesten alle husa hadde solcellestraum. Det er ikkje straum eller bilar på Amantani.
I vår vertsheim. Tante Jorunn leikar med ei velutvikla jente på 8mnd. Dei er knallharde på familieplanlegging her.
Mamma, Henriette, Pappa og eg la i veg for å finne huset vi hadde budd i for fira år sidan, og vi fann det! Dei vi budde hjå no sa at dei hadde flytta til Lima, og det var altså blank løgn. Eg vart så sint! Det er visst vanleg at dei lyg om dette, for at folk skal bli i bygda dei kjem til (dei har eit rulleringssystem for å fordele godene) og dei prøvar å gjere uorganisert overnatting der vanskeleg å gjennomføre. Familien hugsa oss godt, særleg at eg hadde hatt ilt i ryggen, detaljar om liva våre og fått hjelp av sjamanen. Tenk det, etter så lang tid!
Vi gjekk på fjellet Pachatata, og sjølv om det ikkje var mange hundre høgdemeterar opp dit, var det vanskeleg å gå i den tynne lufta! Pachatata betyr faderjord, og på toppen var det eit stort tempel. Dette er berre opent ein gong i året, så vi måtte gå utanfor. Der såg vi på solnedgangen, og vart for ørtiande gong overraska over kor fort det vert mørkt og kaldt når sola forsvinn.
På kvelden organiserte vertsfamiliane våre ein dans for oss, med musikarar og tradisjonelle kostymer. Benjamin, Mariell og eg vart spådde i koka-blad av ei gamal, klok kone etterpå….
Taquile er øya vi besøkte dagen etterpå. Der gjekk vi over halve øya, såg på alle dei strikkande mannfolka, åt herleg lunsj og bada litt i sjøen før vi vente nasen mot gråstygge Juliaca og flyet attende til Lima.
Dei kunne verkeleg bygga i stein, desse folka…
Solnedgang frå Pachatata-tempelet på toppen av Amantani
På veg til dans!
Jose 🙂
På Taquile er det menna som strikkar. Kan du ikkje strikke, blir du ikkje godt gift.
Vi bada i Titicacasjøen! 3812 kalde meter over havet…
Spartansk… Mykje vart laga på golvet… Open eld…
Titicacasjøen er verdas høgaste navigerbare vatn.
Sånn ser eit vanleg hus ut. No har nesten alle fått blikktak, det er STORE endringar her sidan vi var her sist…
Johannes er klar til fest!
God stemning med middagsbordet i kjøkkenet vårt med jordveggar og lys frå ei kald solcelledreve pære.
Litt rart for oss å ikkje ete kjøtt, men ein vert veldig mett av denne maten! Dei èt gjerne suppe tre gongar for dagen…
Fattar ikkje at dei klarar å læra seg å gå på dette «golvet»
Urofolket er det veldig interessant å besøke! Dei er eit folk med røtter tilbake til før Inka-dynastiet, og har ein veldig spesiell måte å bu på, nemleg på flytande øyer. Det fins 42 av desse rundt Bolivia og Peru, i Titicacasjøen på 3812moh. Myndighetene har tvangsflytta dei til same område, og dette har reslutert i dårlegare livsvilkår når det gjeld å hauste frå naturen, men samstundes har dei fått støre nærleik til Puno og dagleg kjem det ein heil horde med små turist-båtar. Ute på øyene har dei no sjukehus, skule og turistsenter. Vi opplevde at det har skjedd veldig mykje utvikling her på berre fire år. Kanskje ikkje heilt til det betre, på ein måte, for no var det vanvittig med folk og vanlege hus.
Duskane betyr her så vidt eg huskar at ein er singel 🙂
Det verkar litt rart å bygge vanlege hus oppå øyene, men det har dei i alle fall gjort. Så vidt eg hugsar, så varar ei øy i om lag 20 år. Dei sagar laus noko som såg ut som torv, med stoooore sager. Så pluggar dei saman bitane dei har saga til ein så stor flate som dei vil ha, vanlegvis nok til om lag 10 hytter. Så legg dei massevis av lag med siv oppå. Hyttene vert òg laga av siv, og dei byggjer dei litt meir opp enn å berre ligge rett på grunnivået. Ofte, lurar på om det var 4-5 gongar i året, må dei legge på ein meter med nytt siv på heile øya.
Ungar lærar ikkje å symje før dei er rundt 10 år. Det sa dei var fordi det er då dei kan hjelpe til med fiskinga. Difor hendar det ofte, særleg når turistane kjem, at små ungar druknar. Dei fell utanfor øya, som ikkje har rekkverk, ned i doen eller merdane dei har til fisk. Tragisk…!
Gjennomsnittsalderen er låg, berre om lag 60 år. Det er hovudsakleg på grunn av to ting, sa gaiden vår: Hudkreft og all soppen. Dei lever eit heilt liv rett under sola, i tynn luft og utan solkrem. Myndighetene har gått ut og anbefalt store hattar, i staden for dei tradisjonelle bowlerhattane dei har brukt før. Sopp er eit problem fordi det alltid er fuktig, og vatnet står gjerne om lag 20 cm under føttene dine når du går rundt på øya.
Gaiden vår fortalte nøye om historia, geografien og folket
Til oss turistane lagar dei vakre broderi og mykje nips. Dette sel dei, og tek litt pengar for å vise oss inn i hyttene sine. Eg og Pappa var inne hjå eit ektepar på over 80 år (så nokon lever lenge!) og det var stussleg, fullt av floger, tepper og tørka fisk. Bland det med fuktig, tenk på lukta…. Utan turistane ville veldig få uro-indianarar hatt mogelegheit til å studere, så det er bra at vi får inn økonomi til dei. Det ein kanskje kan problematisere er at det verkar som om få som studerar kjem tilbake og at pengane dei får av turistane gjer at presset på å ta utdanning ikkje vert stort, då dei klarar seg fint. Lynnet til uros-indianarane er nydeleg, dei er gjestfrie og ler mykje, der dei stabbar av garde i dei spesielle kleda sine og store magar.
Desse øyene og folka er vel verdt eit besøk!
Dei som ville kunne prøve tradisjonelle klede som uros-indianarane brukar
Solcellepanel oppå ein haug med siv, kjøkken under.
Denne vesle guten hadde ikkje blitt klippa, for det skal fadderen gjere. Onkelen spurte om eg ville bli fadder. Ei altfor alvorleg ære til å svara ja på, måtte eg svara…
Dei fleste øyene har vakttårn.
Mercedesen!
Dei sang for oss mange gongar 🙂
Duskane betyr her så vidt eg huskar at ein er singel 🙂
Båten vart kanskje litt framtung?Soldekk, brus, sjøgang og chips 🙂Gjengen – eit merkeleg skue av svære glinsande klumpar…Dei er overraskande smidige og flotte i vatnet!
Siste heile dagen vår reiste vi ut øyene utanfor Callao, havnebydelen i Lima. Øyene heiter Palomino, og er heilt tørre og ubeboelege. Der er det eit gamalt ”Alcatras”-fengsel, som sist vart brukt (og bomba sønder og saman) i 1986. No er det berre fuglane som regjerar der ute. Mange stadar ser ein at fjellsidene er kvite, og om du skulle vera blind, kan du bruka lunktesansen. Fuglebæsjen, guanoen, luktar langt til sjøs! Mange var litt uggen på grunn av ganske heftige dønningar, så lukta var prikken over i-en. Men for eit skue! Fuglefjella var fulle av aktivitet, og det heile såg ut som store myggsvermar. Vi såg pelikanar, masse ulike måkar, skarv og alt mulig anna eg ikkje kan namnet på….
Sjøløvane hadde valgt seg ut ei øy i havgapet. Vi bada med dei! Sjå filmen 🙂
Den oppmerksame lesar har kanskje merka at vi har reist ein god del på denne turen. Heldigvis har vi hatt nokre netter på kvar plass, så ein ikkje treng å pakka opp og ned heile tida. Vi flaug frå Lima til Amazonas, og deretter til Cusco. Så var det buss til Urubambadalen og rundtomkring, tog til Machu Picchu og så litt meir buss og sightseeing i buss. Nok buss? Nei! Frå Cusco til Puno ved Titicacasjøen tok det oss 8 timar! Men det var ein super tur med masse innhald. Plutseleg stoppa vi ved ein enkel handverkar som laga murstein for hand. Der fekk eg prøva å laga meg ein, ganske lett faktisk.
Marianne matar ein vicuñababy
Så stoppa vi ein stad der nokon hadde lisens til å oppdra to vicuña-babyar. Dei er utrydningstrua, i slekt med lamaen og statens eigedom. Eit teppe på ein kvadratmeter kostar visst 3500kr av den vanvittig mjuke ulla deira. Sidan stoppa vi for ein god buffetlunsj.
Tida gjekk fort, for det var heile tida nydelege fjell, elever, buskap og mange ulike ting å sjå på. Her hadde toppturfolket fått seg ei utfordring i den tynne lufta! Rundtom over alt såg vi utedo med spesielle fargar, så eg antar er veldedige organisasjonar som har satt opp. Det er òg eit andinsk universitet og masse skular midt oppe på høgslettene her. Vi får håpa kvaliteten på undervisniga ar lik kvaliteten på bygga! Overalt går saueflokkar med ein einsleg gjetar, ofte ei dame med strikketøy og eit barn på ryggen i klede sitt.
Byen Juliaca var eit trist skue! Her måtte vi gjennom, og du hendelse, for ein dårleg veg og elendig infrastruktur. Nesten ingen av husa har farge, fleirtalet er uferdige og det var masse boss i gatene. Det morosame var å driva trailerstudier her, Johannes og Frode lærte oss skilnaden på Frightliner og International og Dodge. Og vi såg mellom anna ”Thorsen Vennesla Transport” og ”Bilspedition”. Så det er her vårt rask hamnar….
Puno er litt finare, klistra i ei fjellside som går ned til Titicacasjøen på 3800 moh. Her skulle vi berre vere ei natt, så vi fekk ikkje gjort så mykje. Ungdommen gjekk ut i gågata og prøvde ut ein god restaurant med heile spelelisto frå Slowdansen på Ungdomslaget frå seint 90-talet….
Hadde ikkje så mange fine bilder av Andersfjella og høgslettene, men tenk ein blanding av Finnmarksvegetasjon og Romsdalsfjella….
Masse gøye instrument å kjøpa….
Litt rare instrument òg. Eller ubrukelege, alt etter som….