Utflukt til Punta Rucia i Den Dominikanske Republikk, på ein sandbanke dei kallar Paradisøya. Den er der på grunn av korallreva rundt, der det kryr av fisk…!
Har laga ein film i tillegg til tidlegare innlegg om turen:

Etter en lang busstur over fjellet fra Santo Domingo var vi vel fremme i Cabarete. Byen var full av liv og røre, og egentlig nokså lik slik vi hadde forestilt oss at en Karibisk by ville være. Vi ankom «La Loma», skogen hvor vi skulle tilbringe de neste dagene, og ble møtt av Papon; vår guide/kontaktperson/alt-mulig-mann. Allerede før vi var steget ut bussen, var de lokale guttene der, klare til å bære sekkene våre opp til huset til Efrahim, vår altmuligmann nr. 2, og lokalet for velkomstfesten vår. Der ble vi møtt av en enda større gjeng: et 10-talls damer som var godt i gang med å forberede et festmåltid til oss, og deres ektemenn og barn. Vi merket fort den åpne og inkluderende kulturen de er kjent for her i den Dominikanske Republikk. Til tross for ulikt språk sto det ikke på innsatsen for å prøve å bli kjent med oss. Vi jentene fikk være med å lage mat, og lærte samtidig de spanske navnene på alle ingrediensene. Alle sammen fikk være med på en kort ekskursjon opp til et utsiktspunkt for å sjekke ut området.
Tilbake ved Efrahim sitt hus måtte alle jentene på do og ble fulgt av China, en utrolig karismatisk jente og en av døtrene til Efrahim. Toalettet var en utedo på toppen av en liten bakke, bak et forheng, med en liten blikkplate som tak. I tur og orden gikk vi på do og China fulgte oppmerksomt med.
Etter noen timer med mingling på spansk, ble all maten satt frem på et langbord og plassen dekorert av hengende lys. Vi fikk servert alt frå grillet kylling og svin, til diverse salater, risotto og platanos fritos (friterte bananer). Alt smakte fantastisk og det var god stemning rundt måltidet.
Mørket senket seg nokså fort, og med det ble det satt frem høytalere og et ”live-band” begynte å spille dominikansk musikk. Det gikk ikke lang tid før alle var i gang med å danse den lokale dansen ”Merengue”, og etter hvert også ”Bachata”. I utgangspunktet enkle danser, men en utfordring for oss stive nordmenn. Alle jentene fikk rimelig raskt beundrere, og var etter et titalls danser rimelig gjennomsvette og klare for en god natts søvn.
Det ble foretatt en rask loddtrekning for å finne ut hvilke to av oss som skulle bo hos hver familie, og vi gikk alle i en stor, samlet flokk fra hus til hus hvor vi ble innlosjet hos familiene våre. Vi tok i bruk en av våre spanske fraser ”buenas noches” og var klare for senga. Til tross for varmen sov vi alle sammen godt etter en lang dag med mange nye inntrykk.
Elisabeth og Sigrid 🙂
Pico Duarte!
Kvifor ikkje stå opp klokka 02.30 for å køyre til midten av landet, der ein time er på vegar som får norske vegklagarar til å holde godt munn? No problemas!
Vi gav sekkane våre til nokre barske hestekarar og dyra deira, og starta på den lange ferda klokka 07.00. Etter to mil og to tusen høgdemeter i varmen kom vi til hytta vi skulle bu i. Gaidane laga middag til oss og bål, så vi hadde det supert til vi la oss på tregolvet i den eine hytta klokka 20.00 på kvelden, totalt utslitte. Så var det opp og stå klokka 03.30 og drikka varm sjokolademelk til frukost, for å nå sjølve toppen klokka 06.30 til soloppgang. Vi gjekk i nydeleg stjerneklar himmel og nådde toppen med fantastisk utsikt! Då vi var ferdig med litt karbohydratar og bilder var vi blitt så kalde at vi måtte nedatt, for vinden og temperaturen så høgt er ikkje til å spøka med.
Vi kom ned til starten klokka 1600, og då hadde vi totalt gått i 22 av 36 timar desse dagane. Snakk om sprek gjeng! Og spreke gaidar og dyr som kunne hjelpa dei som trengte det innimellom. Vi avslutta dagen med å ete hjå sjefshelten, Ramon, i huset hans.
Vi vart shanghaia av ein mann som vart kalla Guagua. Det betyr eigentleg buss, og vi forstod først etterpå at vi var hans pasasjerar! Han tok oss med på museum, kyrkjer, sjokoladebutikk, tobakkbutikk, smykkebutikk og masse meir i over to timar. Og det heile kosta 12kr.
På kvelden gjekk vi i over ein halv time for å komma til kinoen, og såg SankyPanky2, som handlar om korleis dominikanarane prøvar å finne seg dame for å få reise til rike land. Ein støyande komedie, masse høg musikk og vi forstod lite, men når det heile kosta 21kr. For alle ni billettane!!!
I dag har eg rafta i tidenes mest rotete og skitne elv, men du hendelse, kor gøy det var! To
og ein halv time tok ferda, og dei verste (beste?) stryka var grad 5! Det er fordi det har vore regntid her ei stund no, og då er elva på sitt beste. Guidane var lekne og gode, og takla alle utfordringar greitt nok. Eg var ganske skeptisk i starten, fordi eg kom i ein båt med fira veldig ukompetente og utrente personar. To av dei snakka verken spansk eller engelsk, så guiden hadde det nok ikkje så greitt. Eg hjalp til så godt eg kunne, og fiska opp russarar etter kvart som dei datt uti J
Utgangspunktet for turen, samt frukost og lunsj, var på Rancho Biguate. Dei driv med alt frå klatring til overnatting, så det er nok ein stad eg kjem til å bruka neste år! Stille og rolig, jordbærgardar rundt på alle kantar, samt massevis av mulighetar for spel og avslapping.
Etter rafting og lunsj vart eg praia (eller praia eg?) av ein av rafteguidane. Han hadde hørt at eg trengte tre viktige ting: minibank, billig overnattingsplass og ein tur til den flottaste fossen i byen. Så dermed fòr vi ned og opp den gjørmete gardsvegen med mine to ryggsekkar på hans litle moped til vi kom til det første hotellet i byen. Turen til fossen, Salto Jimenoa nr Uno, var fin, men på grunn av mykje regn i det siste var den skiten og kulpen alt for stri til å bada. Grei unnskyldning å ha, for vatnet var faktisk iskaldt! Fossen var på 600moh, så det var kanskje ikkje så rart.
Kvelden har eg brukt på å vaska klede for hand og nytt noko eg ikkje har hatt på lenge: Ein dusj og varmt vatn! Så var det ut og eta kinamat og spela 9 rundar med biljard. Flott måte å bruka ein kveld på i ein rolig og nydelig fjellby!
http://ranchobaiguate.com/
Mellom Puerto Plata og Monte Cristi ligg ei nesten veglaus grend der ein kan reise til Paradisøya. Denne består av om lag 50 kvadratmeter sand, fira bananpalmebodar og ingenting meir enn dei folkene som eventuelt har komt ut dit. Målet for dagen var å nyta sol, korallar, fisk og mat. Det klarte eg så absolutt, saman med ei frå Cabarete som heite Jessica. Turen dit var utrulig lang, og av 11 timar vekke, var 8 bumpete busstur… Sånn sett vart eg usikker på om det er verdt strevet, men snorklinga på revet var nydelig! Eg såg trompetfisk og papegøyefisk, mellom anna.
Her er ein link til turoperatøren eg brukte:
http://www.colonialtours.com.do/cayo_arena_puerto_plata.htm
I dag har eg prøvd ut ein aktivitet vi kan ha på turen vår neste år: Mountain Biking! Det heile var litt mindre ekstremt enn eg hadde håpa på, men det var på grunn av vèret. Vi kunne ikkje kryssa elva dei to plassane vi måtte det, fordi det har regna hundar og kattar her dei siste dagane. Men maten var supergod! Vi stoppa på ein lokal liten butikk og fekk lokalprodusert honning, kokosnøtt og ananas, og avslutta dagen med basseng (totalt unødvendig, sidan vi var klissvåte J ) og indisk-inspirert mat på ein liten topp med nydelig utsikt over alle regnbygene og kaffibuskene.
Fleire gangar no har eg vore med Papon og dyrka hans fiskeglede. Eg veit ikkje om det er viktigare enn baseball, men det er i alle fall kjempekjekt for meg å vera med! Han kan masse om dei ulike fiskesortane og krepsedyra som vi kan finna i Cabarete, der dei fattige bur og vi skal bu med klassen min neste år. I dag fanga ein av menna ein ål-liknande fisk på over ein meter! På stranda har han utstyr som er fascinerande enkelt, men effektivt. Når det først er kasta ut i bølgene, er det berre å planta gøtten i sanden med litt rekved og passa på til ein ser at det nappar. Eg sovna på stranda mens eg «passa på» alle snørene våre, fordi det var så herlig vèr og søvndyssande bølger. Dèt kallar eg kontemplativt friluftsliv og matauk