Gokart og Atlanterhavsparken!

Alltid kjekt med ferge! Molde-Vestnes
Alltid kjekt med ferge! Molde-Vestnes

Nydeleg vèr, to flotte friluftslivsklassar, velfungerande minibuss, fartsfyllt gokartkøyring, interaktivt akvarium, overspising på pizzabuffet….

– altså ein flott dag på jobben!

Kan verkeleg anbefale både Ålesund Gokartutleige og Atlanterhavsparken:

http://www.atlanterhavsparken.no/

http://www.gokartutleie.no/

Kajakktur til Hjertøya

Moldivene, bilete lånt frå RBnett
Moldivene, bilete lånt frå RBnett
Siste måndag i mars la vi turen til fagre Moldivene, nærare bestemt Hjertøya. Nokon  reiste i kajakk og nokon i båt.  Sjølv om vèret ikkje var av det beste og mest stabile, fekk vi alt i alt ein flott dag med kystliv. Tre tøffingar valgte å kryssa fjorden i kajakk, sjølv om dei ikkje hadde padla så mykje før. Det var godt med vind før og under regnbygene, og vi sleit med å halde kajakkane på rett kurs. Men innimellom var det blåare himmel og nesten ingen vind, så vi kom oss fint over.
På det idylliske friluftsområdet var folk allereie godt inni grillinga, slåball, fisking, fresbee og diverse sjonglering.
På veg heim fekk vi demonstrert kajakkstuping med vått utfall. Ein må rekne med litt svinn, og ta det med eit smil 🙂
Anbefalar alle ein tur til Moldivene! Takk for turen!
Trine Gundersen framfor Seilet i Molde
Trine Gundersen framfor Seilet i Molde

Endeleg kom snøen!

Utsikt ut Skorgedalen
Utsikt ut Skorgedalen

Etter tidenes tørraste og raraste vinter vart det plutseleg total julestemning på tunet. Vi vakna til laussnø på omlag 30 cm, og onsdag satt vi avgarde til Skorgedalen. Målet var Smørbottfjellet på 1188m.o.h. Det var varsla snøskredfaregrad 3 i Romsdalen, og det er noko ein skal ha respekt for. Nettopp difor valgte vi dette fjellet, då vi visste at det var ganske lite gamal snø der, at det brattaste partiet var mogeleg å gå på avblåst rygg, at det ikkje nokon stad er brattare enn 28grader og at himmelretninga var den vi veit det har lagt seg minst snø i (lo side).

Hiluxus!
Hiluxus!

Turen starta bra, vi kom oss i «Lynet» og fòr innover fjorden. Då vi skulle opp skogsvegen, innsåg vi fort at vi måtte gi tapt. Dermed var det på med kjettingar, noko som alltid er like stas. Lærerikt i alle fall… Heldigvis var det ein grunneigar i området som skulle opp med bilen sin. Hiace har ingenting å stilla opp med overfor Hilux! Frimodige som vi er, spurte vi om haik. Det fekk vi, og Oda og Elisabeth vart fint innpakka i ski, stavar, spadar, sekkar og all verdens ræl baki, mens Johan og Pål fekk brisken i førarhuset. Ubeskriveleg!

Vi satt avgarde, og litt oppe i skogsida tok vi oss lunsj i store, herlege mengdar laussnø. Etterpå grov vi litt for å forstå snøen betre, sjekka lagdelingar og gjere oss opp ei meining om vi var eininge med varselet. Vi fann interessante svake lag (sannsynlegvis hagl), ulikt omgjort nysnø og fann ut via spadeprøve at varselet nok stemte. Vidare oppover sjekka vi snøen nokre gonger til. All etterforskinga er sjølvsagt mest på grunn av læringa, jamfør vurderingane gjort over. Då vi nådde toppen var det litt steinete, men det gjekk fint. Nedfarten var legendarisk! Som å danse på skyer!!!

Bilete av Oda Haagensen og Elisabeth Eide

Finnmarksfilm!

Elisabeth i klassen har laga ein film av noko av det vi gjorde i Finnmark. Her er mellom anna Northern Lights Husky og flinke vegleiaren Eirill, snøskuterkøyring, besøk på Sametinget og hjå Strømeng Samekniv. I tillegg var vi i Finland, på feiring av Samisk Nasjonaldag og slakta rein… Les tidlegare innlegg for meir info 🙂

 

 

Gjennoppvarming og renselse

Vi vakna altså midt på vidda onsdag, til rim på soveposen og havregraut i gompien. Etter den lange og overraskande dagen med samling av flokk, flytting, slakting og matlaging, var vi ganske segne. Men kva er vel betre då, enn å oppsøka bygdas spa-avdeling?Rett over «gata» ligg nemlig Jergul Astu , ei fjellstove med lange tradisjonar. Dei har godt med plass til besøkande i ulike formar for overnatting, samt både konferansar og drop-in besøk. I tillegg har dei kjekke aktivitetar i løpet av året, som til dømes Jergullekene og bli kjent med elva. 

jerguljergul_2

 

Men mest av alt har dei godt med hjerterom på Astu! Det er alltid kjekt å stikke innom for ein kaffi, og det at eg kunne ta med klassen min denne dagen var ikkje anna enn perfekt! Sjefen sjølv, John Edvin Holmestrand, gjorde klart for oss, og så var det berre å rigga seg til. Metrane ut til boblebadet var lange når kulden har satt seg i ryggraden og snøen og mørkret ligg overalt, men du hendelse, kor godt det var å komma seg oppi! Nokon var tøffe nok til å ta snøbad innimellom boblinga… Badstu var det òg.

IMG_8299

Det var veldig kjekt å ha desse timane til å prata saman om kva vi hadde vore med på, og snakke med Svein Holmestrand som var spesialinvitert for anledninga.

Namnet til fjellstova, Astu, saman med ordet for «tid»,  betyr visst «fri tid». Det passar bra: Her har dei god stemning, god tid og gode fortellingar… 

Takk for oss!

 

<script>
(function(i,s,o,g,r,a,m){i[‘GoogleAnalyticsObject’]=r;i[r]=i[r]||function(){
(i[r].q=i[r].q||[]).push(arguments)},i[r].l=1*new Date();a=s.createElement(o),
m=s.getElementsByTagName(o)[0];a.async=1;a.src=g;m.parentNode.insertBefore(a,m)
})(window,document,’script’,’//www.google-analytics.com/analytics.js’,’ga’);

ga(‘create’, ‘UA-47898758-1’, ‘bloggnorge.com’);
ga(‘send’, ‘pageview’);

</script>

Reisebrev frå Sameland

Vi er tilbake i Molde, fulle av nye opplevelsar! Her kjem eit reisebrev frå Fride:

Etter en natt på Øytun folkehøgskole, bar turen til Jergul og huset til Per Ivar. Da vi kom frem fikk vi servert kaffe i ekte Finnmark-stil før vi tok på oss varme klær og var klar for Finnmarksvidda. Uten noen særlig plan pakket vi sleden med mat, reinsdyrskinn og soveposer, og satte oss på scooterne. Sigrid, som hadde kjørt scooter én gang tidligere, fikk æren av å kjøre første etappe på en av de tre scooterne, mens resten av klassen tok plass bak på sledene.

IMG_8177
Pål speidar etter flokken
Fride lagar mat på kjøkkensleden
Fride lagar mat på kjøkkensleden
Sigrid og Oda ventar på tradisjonsmaten
Sigrid og Oda ventar på tradisjonsmaten
Per Ivar Sara og Oda
Per Ivar Sara og Oda

 

"Gompien", her var det akkurat  plass til oss alle. Men vi måtte sove ute:)
«Gompien», her var det akkurat plass til oss alle. Men vi måtte sove ute:)

 

 

 

Første stopp var «gompien» (campingvogn på ski) til Per-Ivar, der vi skulle campe for natten. Det var fremdeles lyst og klassen var sulten, så med gulerøtter og poteter i sekken passet det bra at Per-Ivar hadde reinsdyrkjøtt i «Gompien.» Høres kanskje ut som en tilfeldighet, men det viste seg at Per-Ivar og de andre reindriftssamene spiser reinsdyr 5-6 ganger i uken. kjøre første etappe på én av de tre scooterne, imens resten av klassen tok plass bak på sledene.

Vi tente bål og spiste tradisjonell reinsdyrgryte, og koste oss mens sola gikk ned. Klokken var imidlertid ikke blitt mer enn fire da det var bekmørkt, så Per-Ivar kom med den gode ideen om å besøke «nabohyttene».  Etter en liten time på scooteren var vi fremme ved den første hytta hvor vi møtte fire fjellsamer. Vi drakk litt kaffe og småpratet før vi dro videre til neste hytte med enda mer kaffe og prat. Utpå kvelden kjørte vi tilbake til «gompien» hvor vi spiste fruktsuppe og gjorde oss klare for en natt ute. Vi fant kvister og la utover reinsdyrskinn, og sov en natt under stjerneklar himmel. Dessverre så vi ikke nordlys, men fikk en lang og god natts søvn.
Elisabeth får prøva ein av Sombyane sin peskDagen etter hadde vi ingen plan. Alle håpet på mer scooterkjøring, og muligheter for å se reinsdyrflokken. Det var vanskelig å få noe ut av Per-Ivar om hva vi skulle, men etter å ha kjørt en liten stund møtte vi en av de andre samene som holdt på å samle flokken. Det var en ivrig klasse som kjørte etter flokken med Julie hengende etter på ski. Vi flyttet flokken lengre ned i dalen, ved elva der det var bedre beite. Der ble vi vitne til Per-Ivar og de andre samene som dro frem lassoen, klare for å fange reinsdyr, til vår store begeistring.

Elisabeth får prøva ein av Sombyane sin pesk
Inga visar korleis ein lagar blodmat...
Inga visar korleis ein lagar blodmat…

Tre reinsdyr ble med oss tilbake til Jergul, hvor vi flådde dem og parterte ett. Vi fikk se og hjelpe til i hele prosessen fra flåing og oppdeling av dyret, til tilbereding av blodpølser og andre godsaker, som søstrene til Per-Ivar sto for. Etter noen timer med matlaging, fikk vi servert reinsdyrhjerte i fløtesaus og diverse annet. Det falt i smak hos de fleste, men ikke nok til at vi hadde klart å spise dette fem til seks ganger i uka.

Bilete av Elisabeth og Olinda

Julie går på ski etter flokken
Julie går på ski etter flokken
Anders Eira fangar rein med lasso
Anders Eira fangar rein med lasso
Slakting...
Slakting…
Elisabeth finner rette magedings å dra i
Elisabeth finner rette magedings å dra i

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kvalpane må få litt kos
Kvalpane må få litt kos

<script>
(function(i,s,o,g,r,a,m){i[‘GoogleAnalyticsObject’]=r;i[r]=i[r]||function(){
(i[r].q=i[r].q||[]).push(arguments)},i[r].l=1*new Date();a=s.createElement(o),
m=s.getElementsByTagName(o)[0];a.async=1;a.src=g;m.parentNode.insertBefore(a,m)
})(window,document,’script’,’//www.google-analytics.com/analytics.js’,’ga’);

ga(‘create’, ‘UA-47898758-1’, ‘bloggnorge.com’);
ga(‘send’, ‘pageview’);

</script>

Vinterdepresjoneida!

P3052784

Ein finn seg plutsleg utan snø, men likevel med stor reiselyst og opplevingstrang. Då kjem vinterdepresjonen.… Neste veke er det linjefagsveke, og vi er utan opplegg.

Eller ikkje…?

 

 

Friluftsliv/Backpacking, I present you the ultimate

Finnmark Tulltur 2014!

Her er værmeldinga til ein av plassane vi skal. Nevnte eg ull?

http://www.yr.no/sted/Norge/Finnmark/Karasjok/Jergul/langtidsvarsel.html

Her er noko vi kan/skal/bør/vil kunne gjere og sjå….

sultne hunder

 

 

 

 

 

 

 

IM002501Skilt

 

P1010179 P1010242Flyet går 09.50 på måndag.

Vi er heime att fredag.

 

Pakkeliste:

Eit reisekleskift, som og passar til kaffibesøk.

Varme vintersko

To spreke samerFotposar om du har, om ikkje kan du laga i løpet av helga.

Skallar dersom du vil og har kartankar eller t.d. tre par tjukke ullsokkar(kan lånast av Julie, og er DET BESTE i så streng kulde.)

Ullundertøy, to sett

Ullsokkar, for eksempel eit tynt og eit tjukt

Storsekk

Vintersovepose

julie

Liggeunderlag – Tulla! Gjett ka vi skal bruke?!

Lommebok, mobil, kamera, batteri og ladarar

Hovudlykt

Etedings

Kortstokk/lesestoff til lang flytur

Skiutstyr kjem vi tilbake til, eg skal prøva å få lånt noko.

 

 

P3052808

 Av og til må ein berre snu seg rundt.

 Så det har eg gjort i dag,

 med entusiastisk oppbacking frå stipendiat Elisabeth 🙂

Vårsemesteret er i gang!

Vi har starta opp att etter juleferie. No ventar vi på snøen i rosenes by…

Medan vi ventar på det, er det mykje anna vi må gjere. Denne veka skal vi mellom anna gjennom vinterførstehjelp, turkakebaking, skredteori og turplanlegging.

Søknadane for neste år er starta å komme inn, og det er kjekt om du som les bloggen vil starte på linja eller anbefale den til andre!

IMG_1121 IMG_2599 IMG_1109

css.php