Canopy og Cloudforrest!

Eg veit framleis ikkje kva ordet betyr. Men det var veldig kjekt! Konseptet er enkelt nok: Sleng deg ut på ståltau mellom trea i skyeskogen. Der kjem neste ordproblem: kva er «cloud forrest» på norsk? Det får eg slenga ut i verdsvevslufta, og kanskje ein av dåke som les kan oversetta for meg J

Frukosten på hostellet vårt i Santa Elen,: http://www.pensionsantaelena.com/, var rett og slett ein liten taco og fire stykker frukt. Vi supplerte med litt kornblanding og kaffi, og var kliss klare for eventyr! Anlegget til Selvatura, http://www.selvatura.com/, var imponerande velfungerande, reint og bra sørvis. Her var det sommarfuglpark, insektsmuseum og kolibrihage i tillegg til hengebruløype og ståltaubanene. Først tok vi tur med gaid som fortalte om alt frå mat til latinske namn på orkidear og fuglar. Utruleg lærerikt! Turen tok om lag to timar, og hadde det ikkje vore for gaiden, ville vi rett og slett sikkert brukt om lag 45min og ikkje sett ein halv sopp ein gong…. Så bar det opp i tretoppane for å slenga seg utfor 13 ulike baner; den lengste var 1km lang!!! Alt var trygt og bra laga til, og ikkje minst Tarzan-slengen gav kriblingar i magen. Vi avslutta med rundtur i sommarfuglparken, og den kunnskapsrike gaiden Roy bobla over av entusiasme og glede over desse nydelege skapningane. Særleg den blå, store Morfo-sommarfuglen var det mange av. Skranglande nedover til byen att var eg ganske salig og mett på både ny kunnskap og opplevingar!

Laguna de Apoyo

Etter marknaden unna vi oss luksusen med ein drosjetur til Laguna de Apoyo, mellom Leon og Granada. Det tok ein halv time, og kosta 40kr. Då er det vel greitt? Lagunen er eit urgamalt vulkankrater, det er utruleg lite utbygd og mange av hostella har gratis kajakkar, kjekke kaiar og dekkslangar ein kan bada med. Her høyrar ein om lag ein bil i timen, og elles rådar grashoppene og gekkoane.  Vi har faktisk utedusj! Og myggnetta over sengene ser ut som prinsesseforheng… På ein annan stad rundt lagunen hadde eg den kjekkaste turen då eg studerte her, og dit skal vi nok tilbake med klassen: http://www.themonkeyhut.net/monkey/ . Her kan ein bade, padle og chille, i rein luft og utan stress…

Handverksmarknad i Masaya!

Den minste provinsen i Nicaragua, og likevel stappfull av tradisjon og kultur! Byen Masaya er liten, og her stoppar faktisk bilane for deg når du prøvar å kryssa gata, så her er det ganske rolig og grei stemning. Hostella ligg alle på under 70kr natta, og det er lett å finne fram. Marknaden er eit heilt kvartal, så her er det mykje å ta tak i… Det går an å prute om lag 8%, så det er ikkje så mykje, men om ein kjøpar fleire ting, går det betre med salget. Eg har no fiksa litt julepresangar (og gledar meg til å bæra det med meg resten av turen…) og faktisk kjøpt meg skjørt og sandalar! Sistnevnte er av den fine sorten , så her skal det visast fram ved varme høve heime. I tillegg har eg eit problem med sko på denne turen; slippersane gjer meg gnagsår og eine joggeskoen la eg att i gjestehuset til Rigo… Men eg klarar meg utmerka utan! Enn så lenge, kanskje må eg investera skal eg nå Costa Ricas høgaste punkt…

Playa las Peñitas og Rigos Guesthouse

Tilbake til kjente område utanfor Leon, der eg studerte I tre månader. Rigo var supersnill og lot oss få sova i gjestehuset sitt på stranda! Der er det mange val; hengekøye, madrass eller senger. I tillegg er det koselege kattar og hundar der, havbrisen og bølgene dyssar ein i søvn og ikkje minst den store gjestfridomen hjå dei som styrar huset.  Sjå denne linken om du vil sjå meir: http://www.tripadvisor.com/Hotel_Review-g1166730-d3419485-Reviews-Rigo_s_Guest_House-Las_Penitas_Leon_Department.html

Stranda har vorte ganske utbygd sia sist eg var her, og no tek det ikkje ein time på ryggskadeleg veg å køyra hit frå byen, så det var stor stas! Samstundes har plassen endå eit preg av urørt og uendeleg sandstrand, og skjelpaddene kjem framleis hit for å legge egg. Restaurantane er få, men gode nok, sjølv om det tek lang tid å få maten…  Heilt tilfeldig har eg møtt tre viktige personar i dag! Det er  merkelig, at ein skal sjå folk att på den måten i ein så stor by! Magisk…

Etter litt vanskelig, men utruleg herlig  surfing vart det buss vidare til ein stad som heite Puerto Sandino. Ein kjekk kar i marineuniform hjalp til med å  finne buss til riktig stad. Då det viste seg at bussen gjekk først om ein time, inviterte han heim til seg og familien! Du hendelse, hadde sånt skjedd i Noreg?

 

Viva Leon!

Etter bussturen til Santo Domingo fann vi ein kjekk drosjesjåfør som anbefalte eit hostell i Zona Colonial. Den bydelen er der Colombus først grunnla ein by i sør-amerika, og sidan vart det eit senter for handel, forsvar og ikkje minst 500år etter; turisme. Sonen er veldig flott, med gamle hus i kolonistil og det er masse gateliv og museumsbygg over alt. Denne gongen gjekk vi langs heile Malecon, der ein har god sjans til å bli overkøyrd, få kjøpt roser til sin kjæreste, eta dyr mat og nyta solnedgangen mens pelikanane stupar etter mat. Edwardo hadde aldri vore på kino før, så vi såg liksågodt to stykk! Og, endå betre, det kostar ca 30kr billetten!

 

Eg sov nesten ingenting den natta, for eg måtte opp kl 0400 for å reisa til flyplassen. Der gjekk ferda til Miami, og du hendelse, virkeligheten tok meg att når det gjaldt prisnivå og skilnad mellom nord og sør! Så dermed var det godt å berre venda nasa sørover att, og vi landa i Managua midt på dagen. Derfrå tok vi taxi til fagre Leon. Alle som skal gjennom hovudstaden med bil må hugse å ha med seg vatn og mat! Det er ein knøttliten by, men det tok ein time å reisa gjennom den på grunn av elendig gateplanlegging… Klarte likevel å ha det veldig greitt i drosjen, og det var godt å besøka Hilario på hostellet eg budde på då eg studerte: http://www.hostalcasasantiago.com/.

Dagen i dag er spesiell for katolikkane, dei feirar jomfru Maria, og det er som ein religiøs halloween, for du kan få snop om du seier ei regle i døra til andre, der dei har laga store alter. Fyrverkeri av syke mengdar og massevis av folk i gatene var eit herlig gjennsyn med Leon! Seinare bar det til ein restaurant og så til La Olla Quemada, der eg heilt tilfeldigvis møtte læraren til Henriette, Marybely! Og då vi hadde bestemt oss for å gå, kom akkurat Rigo den einaste Sampson inn J Superstas å møta gamle kjente!

 

Rafting i Jarabacoa!

I dag har eg rafta i tidenes mest rotete og skitne elv, men du hendelse, kor gøy det var! To

Rafting!
på Rancho Biguate i jarabacoa

og ein halv time tok ferda, og dei verste (beste?) stryka var grad 5! Det er fordi det har vore regntid her ei stund no, og då er elva på sitt beste. Guidane var lekne og gode, og takla alle utfordringar greitt nok. Eg var ganske skeptisk i starten, fordi eg kom i ein båt med fira veldig ukompetente og utrente personar. To av dei snakka verken spansk eller engelsk, så guiden hadde det nok ikkje så greitt. Eg hjalp til så godt eg kunne, og fiska opp russarar etter kvart som dei datt uti J

Utgangspunktet for turen, samt frukost og lunsj, var på Rancho Biguate. Dei driv med alt frå klatring til overnatting, så det er nok ein stad eg kjem til å bruka neste år! Stille og rolig, jordbærgardar rundt på alle kantar, samt massevis av mulighetar for spel og avslapping.

Etter rafting og lunsj vart eg praia (eller praia eg?) av ein av rafteguidane. Han hadde hørt at eg trengte tre viktige ting: minibank, billig overnattingsplass og ein tur til den flottaste fossen i byen. Så dermed fòr vi ned og opp den gjørmete gardsvegen med mine to ryggsekkar på hans litle moped til vi kom til det første hotellet i byen. Turen til fossen, Salto Jimenoa nr Uno, var fin, men på grunn av mykje regn i det siste var den skiten og kulpen alt for stri til å bada. Grei unnskyldning å ha, for vatnet var faktisk iskaldt! Fossen var på 600moh, så det var kanskje ikkje så rart.

Kvelden har eg brukt på å vaska klede for hand og nytt noko eg ikkje har hatt på lenge: Ein dusj og varmt vatn! Så var det ut og eta kinamat og spela 9 rundar med biljard. Flott måte å bruka ein kveld på i ein rolig og nydelig fjellby!

http://ranchobaiguate.com/

Isla Paraiso

Mellom Puerto Plata og Monte Cristi ligg ei nesten veglaus grend der ein kan reise til Paradisøya. Denne består av om lag 50 kvadratmeter sand, fira bananpalmebodar og ingenting meir enn dei folkene som eventuelt har komt ut dit. Målet for dagen var å nyta sol, korallar, fisk og mat. Det klarte eg så absolutt, saman med ei frå Cabarete som heite Jessica. Turen dit var utrulig lang, og av 11 timar vekke, var  8 bumpete busstur… Sånn sett vart eg usikker på om det er verdt strevet, men snorklinga på revet var nydelig! Eg såg trompetfisk og papegøyefisk, mellom anna.

Her er ein link til turoperatøren eg brukte:

http://www.colonialtours.com.do/cayo_arena_puerto_plata.htm

MountainBiking!

bad og vask etter ein våt, glatt og skitten tur i fjellene :)
Bading etter syklinga på Blue Moon restaurant. Nydelig indisk mat her! Og ein fin pus…

I dag har eg prøvd ut ein aktivitet vi kan ha på turen vår neste år: Mountain Biking! Det heile var litt mindre ekstremt enn eg hadde håpa på, men det var på grunn av vèret. Vi kunne ikkje kryssa elva dei to plassane vi mEin liten pause i bakken med info om frukt og folkåtte det, fordi det har regna hundar og kattar her dei siste dagane. Men maten var supergod! Vi stoppa på ein lokal liten butikk og fekk lokalprodusert honning, kokosnøtt og ananas, og avslutta dagen med basseng (totalt unødvendig, sidan vi var klissvåte J ) og indisk-inspirert mat på ein liten topp med nydelig utsikt over alle regnbygene og kaffibuskene.

Fisketur i øs pøs og herlig solskinn!

Fleire gangar no har eg vore med Papon og dyrka hans fiskeglede. Eg veit ikkje om det er viktigare enn baseball, men det er i alle fall kjempekjekt for meg å vera med! Han kan masse om dei ulike fiskesortane og krepsedyra som vi kan finna i Cabarete, der dei fattige bur og vi skal bu med klassen min neste år. I dag fanga ein av menna ein ål-liknande fisk på over ein meter! På stranda har han utstyr som er fascinerande enkelt, men effektivt. Når det først er kasta ut i bølgene, er det berre å planta gøtten i sanden med litt rekved og passa på til ein ser at det nappar. Eg sovna på stranda mens eg «passa på» alle snørene våre, fordi det var så herlig vèr og søvndyssande bølger. Dèt kallar eg kontemplativt friluftsliv og matauk 

css.php