
I skrivande stund sit eg i ein snabla god stressless på flyplassen i Amsterdam. Starbucks har fått pengar, eg har fått frappucino. Så no er det som det skal vera før ein tur!
Vi starta gørrtidleg i dag, med minibuss som henta oss på Hjertås klokka 0400. Kva skal gruppa heite? Tidlegare har Skare-group vore nevnt, denne gang får vi heller kalla det Odlandsfloken. Det er nemlig fordi mamma feirar halvvegs til hundre at vi reiser, og ho har skreddarsydd programmet. Det ser veldig bra ut, aktivt og variert, så no er det berre å henga på!
Formåla med turen: Ha det kjekt, oppleva mange ulike delar av Peru, møta Jose sin verden og vera ilag med familie og vennar.

Litt av det vi skal er å besøke Macchu Picchu og Urubambadalen, bu hjå familiar i Titicacasjøen, Amazonas og ikkje minst besøka Ungdomshuset Henriette og Jose har lagt ned mykje arbeid i, som ligg i ein veldig fattig del av Lima.
Med på turen er Familien Odland Skare og Mariellita, Sjølvaste Odland og frue, Høvding Skjelvik og frue, Spreke Grete, Kjekke Frode og vår venninne Marianne. Samt utallige førstehjelpsskrin, øyreproppar, ladarar , nyvaksinerte kroppar og urolege magar.
Her i Amsterdam skal vi òg få møte resten av dei vi skal reise med, som hang seg på konseptet til mamma.

Satsar på å oppdatera dåke heima etter kvart – neste innlegg kjem plutseleg 😉