Varme og gjestfridom

Endelig i Cabarete!

Eg har no reist i om lag 50 timar, og det kjenns på ein merkelig måte. Eg er døgnvill, tida er relativ og matlyst og tørst er absurde storleikar… Natta på hotell var grei, eg bada i badekar og hørte på Spotify, så eg skal ikkje klaga! Men eg klarte ikkje å sova, for eg var så redd for å forsova meg eller at eg hadde feilkalkulert tidsforskjellen… Vel på flyplassen fekk eg plenty med studietid, og no har eg pløyd gjennom snart heile Lonely Planet-bibelen. Dei mange planane mine har vorte konkretiserte, og eg ser fram til å prøva  ut rafting og canyoning i Jarabacoa.

Først av alt no skal eg berre møta gamle kjente. Mange ting har endra seg i Cabarete sidan eg var her sist. Callejon har fått asfalt, masse butikkar og husa ser mindre vaklevorne ut. Nasjonalparken har fått utgravd lagune ved inngangen med kjeldevatn og det finns faktisk bosspann. Papon har ønska meg velkommen i heimen sin, trass at den nye ungen hans berre er 1mnd og at huset er lite. Eg møtte ein annan nøkkelperson i planen min vidare i kveld, så dette går rette vegen! Ungane stimlar rundt meg og nokon huskar meg frå tidlegare. Det er superkjekt!

Huskatten har forstått at eg ikkje kan sei nei, så der rauk alle gode forsett om å unngå lopper, lus og andre raritetar. Eg durar no berre på som vanleg, og trur at når matlysten kjem att, vert det nok ete det som er tilgjengeleg. Så får eg prøva å hugsa å vaska hendene ofte, i det minste. Erfaring tilseier at det berre er å peisa på, og eg har ikkje blitt sjuk tidlegare. Bank i bordet! (men ikkje så hardt, huset er laga av rekved…)

Én kommentar til «Varme og gjestfridom»

  1. Hei !
    Godt å høre at du har kommet trygt frem. Håper du får spenennde og innholdsrike dager. Vi følger med på bloggen din.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.