I desse dagar er vi i full gang med å bygge flåte, innhente opplysningar om mat, søke om alle mulige løyver, designe og svette. Den vesle byen Coca er no blitt vår heim, vi går ut for å ete til lunsj og middag, og om kvelden vert vi kasta vekk frå leikeplassen i park
en av securitasvaktane. Vi er visst ikkje ungar lenger, meiner dei 🙂
Vi har satt i gang ein kilometerkonkurranse og innsamlingsaksjon for Flyktningehjelpen. Allereie i dag har vi samla inn over 4000kr! Premien blir totalt verdt det, donèr og bli med!
Her kan du donere og her må du skriva inn kor mange kilometer du trur vi klarar.
Følg bloggen vår om du vil vite meir om korleis det går med oss!
I natt kom siste flåtar til Quito, og vi har styrt litt rundt, samsnakka oss og kjøpt medisinar og eit kart.
Eg er redd.
Eg er klar.
Eg er flekkete av myggstikk allereie.
Eg er gira.
Eg er litt sjuk i magen.
Eg er omringa.
Eg trur eg er på rett plass…
Og det som er deilig, er at no treng eg ikkje ta så mykje ansvar for alt mulig lenger. Vi er mange som kan snakka spansk, mange som kan gjera ulike ærend og ikkje minst mange med kompass og kunnskap i hovudet.
No startar den harde etappen byggemessig. Alle har mange idear, og gledar seg. Forhåpentligvis vert vi enige. Forhåpentligvis finn vi materiale.
Vi reiste frå den deilige lufta og stemninga på kysten, austover til Santo Domingo.
Det var ein by som kan samanliknast litt med Førde; ligg midt på vegen, grei nok, har alt av butikkar, men manglar sjel og retning. Vi tok lokalbussen ut av byen i det totalt ukjente, for vi ville oppsøka stammen som vert kalla ”dei farga” av spansktalande, og Tsàchila-folket av seg sjølve. Dei fargar håret raudt på toppen, og alle går med hekla eller vevd stripete skjørt. Dei er kjent for sjamanane sine og sitt gode humør og stor gjestfridom. Vi fekk sjå at det stemte!
Vi spurte nokon om vi kunne få vera der og oppleva litt av deira liv. Det kunne vi, så lenge vi orka å sove på ei stutt seng av
bambuslaminat, utan vatn eller toalett. Sjefen, Jose Aguavil, spurte om vi ville prøva Ayahuasca, eit hallisunogen som er mykje brukt i områda rundt Amasonas, frå ei slyngplante. Den lukta, såg ut som og smakte som selje, i tilfelle nokon vil prøve heime…
Vi sa ja, og han lova å ta godt vare på oss. Vi fekk beskjed om å ikkje ete noko resten av dagen. Eg er alltid svolten, så dette vart ei kjempeutfordring! Men vi klarte det, ved å slappa heilt av, snakka mykje med familien til Jose, henta ved, hugga ayahuasca og koka det i to timar. Først skulle vi reinsast for alt dumt, nede i eit hellig rom hugga ut i leire.
Han starta med røyking og skvetting av ulike vatn på altersteinane. Jesus og Maria stod og såg på oss; synkretismen lenge leve! Eg trur det er best å ikkje skrive så mykje om kva som skjedde etter dette, for det er ganske privat. Men spennande var det, og alt gjekk bra!
Elles var vi berre der, leika med ungane, gjekk på slang etter kakao, appelsiner, mandariner og pasjonsfrukt. Åt grøne bananer og yuca frå hagen, fortalte om Noreg og korleis det var å fly. Vi fekk reisa og bada i ei deilig, rein elv og gjekk litt rundtom i bondelandet.
Neste natt vart vi spurt om vi ville sova heima hjå dei, og ei sånn ”backstage”-oppleving seier ein ikkje nei til! Det var mykje her som kan samanliknast med turismen samane driv i Noreg, både korleis ein går frå framside til bakside, korleis ein kler seg, korleis ein brukar språket sitt og korleis dei tenkjer om seg sjølv og storsamfunnet.
Nok om det, bileta får seie resten! Spør gjerne om kontaktinformasjon om du vil til desse folka, eg framsnakkar dei gjerne!
Pedernales får ingen omtale i Lonely Planet. Det syns vi den skulle hatt! Her var det god gatemat, gratis danseshow på torget, konsert og eit yrande natteliv på stranda. Rett ved bussterminalen sov vi på eit hotell der vi for 120kr fekk aircondition, flatskjerm/kleshengar, eige bad, varmtvatn og veranda. Vi likte oss mye!
No har vi reist med overraskande behaglege bussar til kysten.
Prisen er omlag 8kr for ein time. Greit det.
Øya Muisne endte vi opp på, og for ein stad! Utslitt, vérbitt, roleg og snill. Rekebasseng og mangroveskog i skjønn disharmoni, dramatisk hav og skiftande himmel. Vi snorkla etter stilige fiskar, såg fuglar med blåe bein og fekk juling i bølgene. Men tøffast av alt var å sjå kvalane! Det er utruleg at kapteinen klarte å finna dei på det store stillehavet….
Kor mykje kostar eit år? Kva skal ein måle det i? Pengar, lønningar, arbeid, relasjonar, møter, smil, sjølvtillit, draumar eller tårer?
No startar eit nytt eventyr, som ikkje skal målast i anna enn minner og tid. Kanskje kjem eg til å skrive litt her til dåke som er glade i meg, til dåke som treng eit spark bak for å komma i gang med eigne turar eller berre deg som tilfeldigvis klikkar forbi. Audmjukt seier eg takk til deg som følgjer!
Eg har no permisjon frå Molde Folkehøgskole, har vore på Nordgardsetra og gjort meg feit, vaksinert skrotten for det meste ulumskt som finns og er klar for Sør-Amerika, regnskogen og Amasonas!
Planen er genial i sin komplekse enkelhet:
Fly Bergen til Quito I Ecuador
Byggje ein flåte til fem personar
Sjå kor langt vi kjem
Fly heim frå Rio de Janiero, Brasil
Forhåpentligvis. Vi har i teorien teke høgde for malariamedisinpsykose, bryllupsreiseforventningar, varierande risikopersepsjon og kulinariske behov. Vi kjenner ikkje kvarandre alle saman frå før av, så dette vert spennande, utfordrande, irriterande, klaustrofobisk, morsomt og lærerikt! Skulle alt gå skeis har eg for min del testamentet ferdigskrive, samt passordoversikt og ønskelista til julenissen klart heime. Så få vi sjå då, korleis alt går til sist : ) Eg er klar for kva det skulle vere!
På flyet over Atlanterhavet var situasjonen denne: Eg og reisekammerat Håkon Birk har planlagt neste veke ilag på 10 minutt, kvifor gjere det meir komplisert? Mamma har skrive song til meg på «Vesle Daniel»-melodien, Malin har skrive eit legendarisk, pasjonert flybrev og beina mine er ein stad mellom elefant og vissen peppermynte. «Pura
vida!» ville dei sagt i Costa Rica, kva vil vi læra oss å seie her?
Så kom vi fram, og tru det eller ei: På heile reisa har det ikkje skjedd noko kluss! Alle papir, flygningar og magar er i orden. Det er noko å skrive heim om.
Vi ordna oss inn på koselege, reine og vennlege Hostal Secret Garden, og sjekka inn på sovesal. 100kr natta. Deilig å vera i gang igjen! Så tok vi byen fatt, åt, prata, handla og såg på ting. Quito er ein ryddig og strukturert by, så vidt eg opplever det til no. Har sett nokre horer og mange fulle, eldre menn, men ellers er det overraskande flott her!
Det er godt å reisa denne gangen, for eg gledar meg til å komma heimatt på ein ny måte for meg. Gløggen er allereie bestilt og juleverkstadsinvitasjonane forventar eg vil tårna seg opp i postkassen.
Hald deg innstilt
(stay tuned)
Norsk. Norwegian. Noruega. Takksam.
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.