Amantani og Taquile

Nydeleg horisont...
Nydeleg horisont…

Amantani

Høgdepunktet på heile turen var for meg å besøke Amantani igjen. Det er ei lita øy i Titicacasjøen og det bur om lag 4000 mennesker her. Dei snakkar det gamle språket quechua. Tradisjonelt et dei veldig lite kjøtt, på grunn av at det er så vanskeleg å få dyrka ting i høgda. Særleg kornet quinoa ar vore livsnaudsynt for dei. Eit audmjukt folkeferd som har forstått at dei kan tene pengar på turismen, utan (enn så lenge) å vere kyniske og krevjande.

Vi fekk moña-te heile tida. Smakar nydeleg og skal hjelpe mot høgdesjuka
Vi fekk moña-te heile tida. Smakar nydeleg og skal hjelpe mot høgdesjuka

Opplegget vårt var å komma ut dit og ete lunsj. Vi fekk potetsuppe og potetmiddag, veldig tradisjonell mat! Det finns visst over 3800 potetsortar i Peru! Så høgt som dette er det vanskeleg å få særleg mykje til å vekse, men du og du, kor dei jobbar for å få det til… Sauane vert til dømes nøye gjeta kvar dag, og det er ofte kvinnene som gjetar. Når kvelden kjem, stappar dei sauane inn i små steingardsirklar og tettar hòlet. Der vert dei så verande, og gjetaren kan ta møkka dagen etterpå og bære den til dit ho treng det. ALT må nyttast i dette jordfattige landskapet.

Vi vart fordelte i heimar rundtom i bygda, om lag 4 i kvart hus. Dei stilte med mat til oss og reine og OK rom. Heldigvis godt med tepper! På dei fire åra sidan sist eg var her, merkar eg stor skilnad på standarden på husa, turismen har gjort at dei har det mykje betre. Fliser på bad og skikkeleg do (dog utan innlagt vatn) var vanleg no, og nesten alle husa hadde solcellestraum. Det er ikkje straum eller bilar på Amantani.

I vår vertsheim. Tante Jorunn leikar med ei velutvikla jente på 8mnd. Dei er knallharde på familieplanlegging her.
I vår vertsheim. Tante Jorunn leikar med ei velutvikla jente på 8mnd. Dei er knallharde på familieplanlegging her.

Mamma, Henriette, Pappa og eg la i veg for å finne huset vi hadde budd i for fira år sidan, og vi fann det! Dei vi budde hjå no sa at dei hadde flytta til Lima, og det var altså blank løgn. Eg vart så sint! Det er visst vanleg at dei lyg om dette, for at folk skal bli i bygda dei kjem til (dei har eit rulleringssystem for å fordele godene) og dei prøvar å gjere uorganisert overnatting der vanskeleg å gjennomføre. Familien hugsa oss godt, særleg at eg hadde hatt ilt i ryggen, detaljar om liva våre og fått hjelp av sjamanen. Tenk det, etter så lang tid!

Vi gjekk på fjellet Pachatata, og sjølv om det ikkje var mange hundre høgdemeterar opp dit, var det vanskeleg å gå i den tynne lufta! Pachatata betyr faderjord, og på toppen var det eit stort tempel. Dette er berre opent ein gong i året, så vi måtte gå utanfor. Der såg vi på solnedgangen, og vart for ørtiande gong overraska over kor fort det vert mørkt og kaldt når sola forsvinn.

På kvelden organiserte vertsfamiliane våre ein dans for oss, med musikarar og tradisjonelle kostymer. Benjamin, Mariell og eg vart spådde i koka-blad av ei gamal, klok kone etterpå….

 

Taquile er øya vi besøkte dagen etterpå. Der gjekk vi over halve øya, såg på alle dei strikkande mannfolka, åt herleg lunsj og bada litt i sjøen før vi vente nasen mot gråstygge Juliaca og flyet attende til Lima.

Uros-øyene

Fattar ikkje at dei klarar å læra seg å gå på dette "golvet"
Fattar ikkje at dei klarar å læra seg å gå på dette «golvet»

Urofolket er det veldig  interessant å besøke! Dei er eit folk med røtter tilbake til før Inka-dynastiet, og har ein veldig spesiell måte å bu på, nemleg på flytande øyer. Det fins 42 av desse rundt Bolivia og Peru, i Titicacasjøen på 3812moh. Myndighetene har tvangsflytta dei til same område, og dette har reslutert i dårlegare livsvilkår når det gjeld å hauste frå naturen, men samstundes har dei fått støre nærleik til Puno og dagleg kjem det ein heil horde med små turist-båtar. Ute på øyene har dei no sjukehus, skule og turistsenter. Vi opplevde at det har skjedd veldig mykje utvikling her på berre fire år. Kanskje ikkje heilt til det betre, på ein måte, for no var det vanvittig med folk og vanlege hus.

Duskane betyr her så vidt eg huskar at ein er singel :)
Duskane betyr her så vidt eg huskar at ein er singel 🙂

Det verkar litt rart å bygge vanlege hus oppå øyene, men det har dei i alle fall gjort. Så vidt eg hugsar, så varar ei øy i om lag 20 år. Dei sagar laus noko som såg ut som torv, med stoooore sager. Så pluggar dei saman bitane dei har saga til ein så stor flate som dei vil ha, vanlegvis nok til om lag 10 hytter. Så legg dei massevis av lag med siv oppå. Hyttene vert òg laga av siv, og dei byggjer dei litt meir opp enn å berre ligge rett på grunnivået. Ofte, lurar på om det var 4-5 gongar i året, må dei legge på ein meter med nytt siv på heile øya.

 

Ungar lærar ikkje å symje før dei er rundt 10 år. Det sa dei var fordi det er då dei kan hjelpe til med fiskinga. Difor hendar det ofte, særleg når turistane kjem, at små ungar druknar. Dei fell utanfor øya, som ikkje har rekkverk, ned i doen eller merdane dei har til fisk. Tragisk…!

Gjennomsnittsalderen er låg, berre om lag 60 år. Det er hovudsakleg på grunn av to ting, sa gaiden vår: Hudkreft og all soppen. Dei lever eit heilt liv rett under sola, i tynn luft og utan solkrem. Myndighetene har gått ut og anbefalt store hattar, i staden for dei tradisjonelle bowlerhattane dei har brukt før. Sopp er eit problem fordi det alltid er fuktig, og vatnet står gjerne om lag 20 cm under føttene dine når du går rundt på øya.

Gaiden vår fortalte nøye om historia, geografien og folket
Gaiden vår fortalte nøye om historia, geografien og folket

Til oss turistane lagar dei vakre broderi og mykje nips. Dette sel dei, og tek litt pengar for å vise oss inn i hyttene sine. Eg og Pappa var inne hjå eit ektepar på over 80 år (så nokon lever lenge!) og det var stussleg, fullt av floger, tepper og tørka fisk. Bland det med fuktig, tenk på lukta…. Utan turistane ville veldig få uro-indianarar hatt mogelegheit til å studere, så det er bra at vi får inn økonomi til dei. Det ein kanskje kan problematisere er at det verkar som om få som studerar kjem tilbake og at pengane dei får av turistane gjer at presset på å ta utdanning ikkje vert stort, då dei klarar seg fint. Lynnet til uros-indianarane er nydeleg, dei er gjestfrie og ler mykje, der dei stabbar av garde i dei spesielle kleda sine og store magar.

Desse øyene og folka er vel verdt eit besøk!

Sjøløveekspedisjon!

Båten vart kanskje litt framtung?
Båten vart kanskje litt framtung?
Soldekk, brus, sjøgang og chips :)
Soldekk, brus, sjøgang og chips 🙂
Gjengen - eit merkeleg skue av svære glinsande klumpar...
Gjengen – eit merkeleg skue av svære glinsande klumpar…
Dei er overraskande smidige og flotte i vatnet!
Dei er overraskande smidige og flotte i vatnet!

Siste heile dagen vår reiste vi ut øyene utanfor Callao, havnebydelen i Lima. Øyene heiter Palomino, og er heilt tørre og ubeboelege. Der er det eit gamalt ”Alcatras”-fengsel, som sist vart brukt (og bomba sønder og saman) i 1986. No er det berre fuglane som regjerar der ute. Mange stadar ser ein at fjellsidene er kvite, og om du skulle vera blind, kan du bruka lunktesansen. Fuglebæsjen, guanoen, luktar langt til sjøs! Mange var litt uggen på grunn av ganske heftige dønningar, så lukta var prikken over i-en. Men for eit skue! Fuglefjella var fulle av aktivitet, og det heile såg ut som store myggsvermar. Vi såg pelikanar, masse ulike måkar, skarv og alt mulig anna eg ikkje kan namnet på….

Sjøløvane hadde valgt seg ut ei øy i havgapet. Vi bada med dei! Sjå filmen 🙂

Reisa til Puno, Titicacasjøen

altiplanoDen oppmerksame lesar har kanskje merka at vi har reist ein god del på denne turen. Heldigvis har vi hatt nokre netter på kvar plass, så ein ikkje treng å pakka opp og ned heile tida. Vi flaug frå Lima til  Amazonas, og deretter til Cusco. Så var det buss til Urubambadalen og rundtomkring, tog til Machu Picchu og så litt meir buss og sightseeing i buss. Nok buss? Nei! Frå Cusco til Puno ved Titicacasjøen tok det oss 8 timar! Men det var ein super tur med masse innhald. Plutseleg stoppa vi ved ein enkel handverkar som laga murstein for hand. Der fekk eg prøva å laga meg ein, ganske lett faktisk.

Marianne matar ein vicuñababy
Marianne matar ein vicuñababy

Så stoppa vi ein stad der nokon hadde lisens til å oppdra to vicuña-babyar. Dei er utrydningstrua, i slekt med lamaen og statens eigedom. Eit teppe på ein kvadratmeter kostar visst 3500kr av den vanvittig mjuke ulla deira. Sidan stoppa vi for ein god buffetlunsj.

Tida gjekk fort, for det var heile tida nydelege fjell, elever, buskap og mange ulike ting å sjå på. Her hadde toppturfolket fått seg ei utfordring i den tynne lufta! Rundtom over alt såg vi utedo med spesielle fargar, så eg antar er veldedige organisasjonar som har satt opp. Det er òg eit andinsk universitet og masse skular midt oppe på høgslettene her. Vi får håpa kvaliteten på undervisniga ar lik kvaliteten på bygga! Overalt går saueflokkar med ein einsleg gjetar, ofte ei dame med strikketøy og eit barn på ryggen i klede sitt.

Byen Juliaca var eit trist skue! Her måtte vi gjennom, og du hendelse, for ein dårleg veg og elendig infrastruktur. Nesten ingen av husa har farge, fleirtalet er uferdige og det var masse boss i gatene. Det morosame var å driva trailerstudier her, Johannes og Frode lærte oss skilnaden på Frightliner og International og Dodge. Og vi såg mellom anna ”Thorsen Vennesla Transport” og ”Bilspedition”. Så det er her vårt rask hamnar….

Puno er litt finare, klistra i ei fjellside som går ned til Titicacasjøen på 3800 moh. Her skulle vi berre vere ei natt, så vi fekk ikkje gjort så mykje. Ungdommen gjekk ut i gågata og prøvde ut ein god restaurant med heile spelelisto frå Slowdansen på Ungdomslaget frå seint 90-talet….

Cusco

Etter en sakte, men vakker togtur til Ollantaytambo, og ein lang busstur var vi tilbake til Cusco seint på kveld.

Obligatorisk bilde. Allpakka denne gong. Trur eg.
Obligatorisk bilde. Allpakka denne gong. Trur eg.

Mange var sengeferdige, men andre gikk ut for å spise seg litt pizza. Neste morgen var det guida tur rundt om i Cusco, mellom anna til Saksaywaman ,og vi fekk sett enda meir stein og spennande saker fra Inkatiden. Tid for lunsj og vi vart plassert på det store torget. Det var mange restauranter å velge i, så folk gikk på forskjellige steder. Resten av dagen var til fri disposisjon, pluss heile morgendagen. Det vart mykje handling på damene, og herrene fulgte greit med eller satt seg ned og tok en cervesa.

Første påskedag var det reine 17.mai-stemning i byen. Det var eit langt paradetog der lag og organisasjonar fekk vist seg fram, og sjølvsagt politi og det militære. Etter dette fekk vi sjå kor alle dei lokale gjekk for å få seg lunsj: ein sværa hall der dei solge alt mellom himmel og jord, og mat i lange baner. Seinare vart det enda meir handling, så no begynne koffertane å bula! Seinare på kveld under middagen fekk vi flott danseoppvisning, der både Åge, Wenche og Harry fekk vera med å opptre.

Utsikt frå Saksaywaman over Cusco
Utsikt frå Saksaywaman over Cusco

Mange fekk òg med seg høgmesse denne dagen tidleg om morgonen, og det var ein flott opplevelse å få med seg. Andre hadde ikkje fått nok sigtseeing, så dei kjørte med dobbeldekkerbuss og hadde seg ein flott tur om bord rundt i byen.

Cusso er ein fantastisk by, bare smilande og blide folk, mange lamaar og nydelige barn i dei flotte fargerike draktene. Pengane forsvinn lett, men ikkje farlig når ein får flotte ullgensarar til under hundrelappen. Litt spesielt med lufta som er så tynn… Merker det av og til, men er mykje lettere denne gangen enn for fire år siden!

Forfattar: Judith Odland.

Bilete: Litt av kvart…

Machu Picchu

DSC03060

Jada, vi har vore der! Dei fleste har vel fått det med seg allerede?

Machu Picchu er «den glømte inkabyen» som vart gjenoppdaga i 1911 av ein amerikanar. Namnet betyr «det gamle fjellet», og indianarane har alltid visst at det var der… Det er eit imponerande kompleks, der all sand og alle mursteinane måtte transporterast opp på fjellet. Snakk om kustus på arbeidarane sine!

Fira år sidan sist :)
Fira år sidan sist 🙂

Her er det matlager, sol, måne,stjerne og eg veit ikkje ka – tempel, samt hus for vanlege inkaar. Arbeidarane måtte bu lengre nede. Det er 8 ulike stiar som førar til Machu picchu, og vi valgte å gå den eine til den spektakulære «inkabrua». TENKA SEG TIL Å MÅTTA LAGA DEN! Lurar på kor mange som datt ned den vanvittig slette fjellveggen. Mange gjekk med sug i magen. Rekkverk finns ikkje. Gaiden vår gjorde ein god jobb, men han har altfor god utholdenhet, så vi vart ganske fissne. Etter dopause og ein kikk på prisane i restauranten reiste dei fleste nedatt. Fira timar var godt nok, men dette er ein plass ein kan venda tilbake til gang på gang og oppdaga nye ting…

Andesfjella

Vi besøkte eit Inka-kooperativ, med stor sjarm, show og handarbeid.
Vi besøkte eit Inka-kooperativ, med stor sjarm, show og handarbeid.

Etter jungelen fòr vi med fly til Inkahovudstaden Cusco. Der åt vi lunsj før vi køyrde buss til Urubambadalen. Mange kjente allereie på at høgden ikkje er til å spøka med, så vi burde følga råda om å ikkje ete for masse, drikke alkohol eller bruke tobakk… Vanskelig med all den gode maten! På vegen var vi innom ein spennande plass der 12 familiar lagar handtverk og visar turistar litt av prosessen. Dei var veldig sjarmerande! Alle gjekk heilt berserk i bodane etter framvisninga… Dei hadde lama og marsvin til utstilling, masse ungar og god munja-te.

Vidare kom vi til eit nydeleg kolonialstilshotell i Urubamba. Der gjorde vi ikkje så mykje meir enn å sova for å lada opp etter den lange reisa. Dagen etterpå skulle vi avgarde til Pisaq, som er eit slags lite Machu Picchu-kompleks i fjella, med terrassar for å halde på jord, dyrke mais og poteter og quinoa, graver i fjella rundt,

Mat. Kostar omlag 120 kroner på ein fin restaurant. Eit av indianarbarna (3år) sitt første engelske ord: Guinea pig.
Mat. Kostar omlag 120 kroner på ein fin restaurant. Eit av indianarbarna (3år) sitt første engelske ord: Guinea pig.

massevis av tempel og sirlige vasskanalar. Det var lite folk og herleg å gå rundt og få forklaring på alt vi såg. Dernest var vi innom ein sølvsmedbutikk, der prisane var makalause, men interessant å sjå litt av prosessen bak alle smykkene vi heile tida ser i salgsbodane rundtom. Eg fekk holda ein lamababy utanfor, og det var veldig stas 🙂

Lunsj åt vi på eit fasjonabelt bygg med kolonistil, der vatnet kosta 7 gongar meir enn på gata. Men maten var god, dog. Vidare reiste vi til Ollantaytambo, som er den staden folk oftast tek toget til Machu Picchu frå. Her fekk vi nok ein terrasse, tempel og matoppbevarings-omvisning. Vanvittig imponerande kva desse Inkaane fekk til! Dei hadde visst ein slags arbeidarklasse som gjorde alt for seg, gjerne henta frå området rundt Titicacasjøen, fordi dei var små, flinke og sterke. Sjølv gjekk dei ekte Inkaane aldri sjøl, men vart båre rundt. Ingeniørane og dei steingalne i gruppo var godt nøgd med dagen!

Til Amazonas!

Fine augestikkaren i havna i Puerto Maldonado
Fine augestikkaren i havna i Puerto Maldonado

Å køyre i Lima by er noko herk. Byen har ingen effektiv infrastruktur, og alt tar lang tid. Men vi kom oss til flyplassen etter kvart, og flaug via Cusco til Puerto Maldonado i Amasonas. Der vart vi møtt av kjekke gaidar som skulle ta oss med til plassen vi skulle bu. På grunn av ein omfattande og komplisert streik i området, fekk vi ikkje køyra aleine til hamna, så politiet eskorterte oss. Streiken er på grunn av ein salig blanding av oljeinteresser, ulovleg og lovleg gullutvinning, naturreservat og doptraffikk. Vi vart plasserte i lange elvebåtar og vinden blåste friskt imot heilt til vi var framme. Det som møtte oss var ein stad eg har vanskeleg for å gi eit enkelt namn… Her var utallige papegøyar, tucan, tamme gigantrotter, ekorn, badebaseng, frukttrær,kaffiplantar, bar og fransk mat. Vi fekk eigne, store bungalowar å sove i, med gassoppvarma vatn i dusjen. Lyset var på kun ti timar om dagen og vi hadde ein stikkontakt, men det gjorde ingenting. Første dag gjekk vi ein tur på om lag ein og einhalv time, der gaidane fortalte oss om plantar og insekt i skogen. Lærte masse nytt! No veit eg kva tre eg må banka på om eg vil ha hjelp, eller kva tre eg ikkje bør legga meg inntil…. Vi avslutta med bad i lunka basseng før middag. Herleg!

Superkoselig med besøk på terrassen av Lola og ein Tucan
Superkoselig med besøk på terrassen av Lola og ein Tucan

Neste dag var det av garde tiiiidleg til ein sandbanke i elva der vi skulle vente til store flokkar med papegøyar kanskje kom for å eta. Dei kom og var stilige å sjå på! Minerala i sanden var det dei åt på. Mesteparten av tida vart det berre å sitte heilt i ro, ganske meditativt, eigentleg… Tilbake åt vi frukost klokka. Maten var generelt veldig god, men fransk, så det var litt skuff. Vi la på nytt frå land  i båt, og skulle til ei øy med apekattar på. Det var ein stilig opplevelse! Alfahann og alfaho tok mykje plass, og fekk flest bananer. Herr Nilson kom òg på tiggebesøk. Deretter reiste vi vidare til ein innsjø der vi skulle ete lunsj. Gaidane fortalte heile tida, og vi såg utallige sommerfuglar, insekt, plantar, fuglar og apekattar. Dei padla oss ut til ein lokal familie som hadde eit stort og fancy kompleks der vi åt lokal lunsj, servert i palmeblad. Det var litt rart å ha brukt to timar inn i jungelen, ikkje sett anna enn trebåtar som var menneskeskapt, og så komma til denne luksusen, når det ikkje var noko anna å sjå rundt oss! Vi måtte gå totalt 8km denne dagen, og det merka ein på skrotten….

Neste dag mått vi på nytt med politieskorte til flyplassen. Altfor tidleg kom vi dit, så vi nytta høve til å få solt oss litt. Trur sånn sett flyplassen i Puerto Maldonado er det kjekkaste flyplassen eg har vore på! Og mangojusen var himmelsk…

Pachacutec og Ungdomshuset

 

Begge desse jentene fortalte oss at dei er utruleg takksame for å ha  ungdomshuset, få gode venner og læra nye ting.
Begge desse jentene fortalte oss at dei er utruleg takksame for å ha ungdomshuset, få gode venner og læra nye ting.

Henriette og Jose har arbeida for eit unikt prosjekt i ein av dei fattigaste og nyaste bydelane i Lima. Den heiter Pachacutec, som er namnet til ein viktig Inka. Her fungerar det sånn at fattige, gjerne frå amazonas eller fjellene, slår seg ned ved å avgrensa eigendommar med stein eller anna. Deretter bur og byggar dei etter kvart som dei får midlar til å gjere det. Sånn veks byen fram, i tørr og fjellete ørken. Vi ser ein veldig stor utvikling her på berre fire år. No har dei ein del asfalterte vegar og handelsstrøka startar å ta fin form. Folk er kreative i å finne arbeid, og arbeidssomme, så det er faktisk ganske imponerande kva dei får til. Jose estimerar at ein familie på fem personar har for om lag 10kroner å ete for kvar dag. For å få dette til å gå rundt, har mange familiar organisert seg med felles kjøkken, der ein rullerar på kven som kokar. Samstundes er det ganske sosialt, og kan erstatte litt av det livet dei kanskje kjente frå  livet dei hadde før. Mange er flinke å dyrke ulike urter og frukt i sanden, og derfor ser det etter kvart meir om meir leveleg og triveleg ut i bydelen.

Ungdomshuset var eit prosjekt strømmestiftelsen støtta, men som dei no har slutta å gi pengar og ressursar. Dette er på mange måtar Jose sitt livsverk, han er ein stor idealist, og brukar framleis tid med ungdommane. Han har lært dei mykje, og dei har sommarkurs i ulike ting: Engelsk, sjonglering, dans og sikkert meir eg ikkje veit. Det viktige er å gi dei ein positiv stad å vere. Mange lir under vald heime, narkotika er eit stort problem, og sist men ikkje minst, den store fattigdommen. Ingen får vera i ungdomshuset dersom dei ikkje prøvar å stå på eksamenane på skulen. Nokon har faktisk fått seg plass på universitetet, og det er verkeleg eit lite under, forholda tatt i betraktning. Mange av ungdommane arbeidar med å selje småting, synge på bussen, tigge ved lyskryss eller tar småjobbar. Dagen vi var der, var mange på skulen, så dei kunne ikkje komme å vise oss det dei kunne. Men vi fekk litt av eit show likevel! Mange var veldig rørte over det dei såg, og gruppa har fått ein unik dag som ikkje kunne vorte gjort utan Jose og Henriette. Ho gaida oss ut dit, fortalte masse interessant, og forberedte oss litt på det som kom. Dagen før hadde dei samla inn litt pengar frå oss, og for det kjøpte dei masse (pengane rakk LANGT!). Mellom anna to kostymer og sjongleringskjegler ungdommane kan bruka når dei lagar show i bursdagar og liknande. Det er hovudsakleg sånn dei tenar pengar. I tillegg har dei kino på eit laken, og lagar popcorn. Vi kjøpte ei kokeplate og ein kjele til dette, samt glas dei kan servere brus i. I tillegg fekk dei ein god del ekstra sjongleringsutstyr, og 280 jojoar som dei kan leike med og prøve å selje. Vi åt saman etter at dei hadde hatt framsyning for oss. På veg til ”paradis” der vi budde, trur eg folk hadde litt av kvart å fordøye i tillegg til maten!

Bilete av Frode Brakstad

Sightseeing i Lima og vasspark

I dag starta vi med frukost på hotellet, med supert utval som passa til dei fleste sin smak. Eg for min del var godt nøgd med friske fruktar og oliven, er så herleg å ha tilgang på masse forskjellig sunt! Vi vart henta av ein buss og ein gaid klokka ni, og dei køyrde oss til sentrum av Lima, der mesteparten av dei gamle kolonibygga som endå er att, ligg, saman med katedral og kloster og togstasjon. Gaiden kunne mykje, men var nesten for detaljert på byggteknikk og stilartar og tidsepokar innimellom. Tilbake i Miraflores åt vi på ein mektig buffet, med eige bord for salat, dessert, frukt, samt tjue meter med ulike varmrettar. Etter fire timar og ein joggetur var eg framleis knallmett!

Joggeturen var på Malecon og ved surfestrendene nedanfor i den Lima-bydelen vi bur i; Miraflores. Å få springa litt rundt sånn på måfå og oppdaga nye plassar er noko av det kjekkaste eg veit på tur! Denne gongen fann eg svære sandklipper med farga steinar som folk har lagt i mønster. Til dømes stod det «gratulerar med dagen» og «gift deg med meg!» på nokon, sånn at dei som er i høghusa eller i paraglider kan sjå det. Bilvegen larma femti stupmeter nedanfor, og Malecon, med parkar og folk var oppanfor meg. Møtte to gribbar der nede. Dei brydde seg lite om min tilstedeværelse. På surfestranda vart eg shanghaia av ein full, avdanka surfar, som ville eg skulle kjøpa instruksjon hjå ein kompis av han. Hadde vore stas, får vurdere det i morgon. Kosta 80kr for to timar leige av surfebrett, så det står ikkje akkurat på pengane!

På kvelden gjekk vi ut i gata og fekk fanga fira drosjar, der tillitsfulle nordmenn vart innlosjert etter beste evne. På tide at ein får oppleva at det går fint å køyre seks personar i ein vanleg bil. Belte er oppskrytt… Vi kom til vassparken i ein annan bydel, og det er eit imponerande skue. Trur bileta får snakka for seg! Høgdepunktet er eit lys og lyd og vatn – show som visar ulike typar folkedans og leikar med høgde, kraft og djupn. Vel vert ein tur! Sjølv om det kosta heile 8kr å komma inn…

Bilete av Benjamin og Harry

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.