Topptur til Loftskartind og Galtåtind

No må ein bruka snøen mens den er her!

På laurdag som var kom eg meg heldigvis på privattur til fagre Isfjorden…

Ryggtraversen er ganske så spennande...
Ryggtraversen er ganske så spennande…

På øvre Kavli parkerte vi på bar bakke, men det var heldigvis nok snø til å starte å gå i løypene med ein gong. Det var arrangert eit løp for oversprekemannfolk på joggepinnerando`-ski, så området var fullt av folk. Supervarmt, gratislunsj og godt selskap 🙂

 

Endeleg kom snøen!

Utsikt ut Skorgedalen
Utsikt ut Skorgedalen

Etter tidenes tørraste og raraste vinter vart det plutseleg total julestemning på tunet. Vi vakna til laussnø på omlag 30 cm, og onsdag satt vi avgarde til Skorgedalen. Målet var Smørbottfjellet på 1188m.o.h. Det var varsla snøskredfaregrad 3 i Romsdalen, og det er noko ein skal ha respekt for. Nettopp difor valgte vi dette fjellet, då vi visste at det var ganske lite gamal snø der, at det brattaste partiet var mogeleg å gå på avblåst rygg, at det ikkje nokon stad er brattare enn 28grader og at himmelretninga var den vi veit det har lagt seg minst snø i (lo side).

Hiluxus!
Hiluxus!

Turen starta bra, vi kom oss i «Lynet» og fòr innover fjorden. Då vi skulle opp skogsvegen, innsåg vi fort at vi måtte gi tapt. Dermed var det på med kjettingar, noko som alltid er like stas. Lærerikt i alle fall… Heldigvis var det ein grunneigar i området som skulle opp med bilen sin. Hiace har ingenting å stilla opp med overfor Hilux! Frimodige som vi er, spurte vi om haik. Det fekk vi, og Oda og Elisabeth vart fint innpakka i ski, stavar, spadar, sekkar og all verdens ræl baki, mens Johan og Pål fekk brisken i førarhuset. Ubeskriveleg!

Vi satt avgarde, og litt oppe i skogsida tok vi oss lunsj i store, herlege mengdar laussnø. Etterpå grov vi litt for å forstå snøen betre, sjekka lagdelingar og gjere oss opp ei meining om vi var eininge med varselet. Vi fann interessante svake lag (sannsynlegvis hagl), ulikt omgjort nysnø og fann ut via spadeprøve at varselet nok stemte. Vidare oppover sjekka vi snøen nokre gonger til. All etterforskinga er sjølvsagt mest på grunn av læringa, jamfør vurderingane gjort over. Då vi nådde toppen var det litt steinete, men det gjekk fint. Nedfarten var legendarisk! Som å danse på skyer!!!

Bilete av Oda Haagensen og Elisabeth Eide

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.