Amantani og Taquile

Nydeleg horisont...
Nydeleg horisont…

Amantani

Høgdepunktet på heile turen var for meg å besøke Amantani igjen. Det er ei lita øy i Titicacasjøen og det bur om lag 4000 mennesker her. Dei snakkar det gamle språket quechua. Tradisjonelt et dei veldig lite kjøtt, på grunn av at det er så vanskeleg å få dyrka ting i høgda. Særleg kornet quinoa ar vore livsnaudsynt for dei. Eit audmjukt folkeferd som har forstått at dei kan tene pengar på turismen, utan (enn så lenge) å vere kyniske og krevjande.

Vi fekk moña-te heile tida. Smakar nydeleg og skal hjelpe mot høgdesjuka
Vi fekk moña-te heile tida. Smakar nydeleg og skal hjelpe mot høgdesjuka

Opplegget vårt var å komma ut dit og ete lunsj. Vi fekk potetsuppe og potetmiddag, veldig tradisjonell mat! Det finns visst over 3800 potetsortar i Peru! Så høgt som dette er det vanskeleg å få særleg mykje til å vekse, men du og du, kor dei jobbar for å få det til… Sauane vert til dømes nøye gjeta kvar dag, og det er ofte kvinnene som gjetar. Når kvelden kjem, stappar dei sauane inn i små steingardsirklar og tettar hòlet. Der vert dei så verande, og gjetaren kan ta møkka dagen etterpå og bære den til dit ho treng det. ALT må nyttast i dette jordfattige landskapet.

Vi vart fordelte i heimar rundtom i bygda, om lag 4 i kvart hus. Dei stilte med mat til oss og reine og OK rom. Heldigvis godt med tepper! På dei fire åra sidan sist eg var her, merkar eg stor skilnad på standarden på husa, turismen har gjort at dei har det mykje betre. Fliser på bad og skikkeleg do (dog utan innlagt vatn) var vanleg no, og nesten alle husa hadde solcellestraum. Det er ikkje straum eller bilar på Amantani.

I vår vertsheim. Tante Jorunn leikar med ei velutvikla jente på 8mnd. Dei er knallharde på familieplanlegging her.
I vår vertsheim. Tante Jorunn leikar med ei velutvikla jente på 8mnd. Dei er knallharde på familieplanlegging her.

Mamma, Henriette, Pappa og eg la i veg for å finne huset vi hadde budd i for fira år sidan, og vi fann det! Dei vi budde hjå no sa at dei hadde flytta til Lima, og det var altså blank løgn. Eg vart så sint! Det er visst vanleg at dei lyg om dette, for at folk skal bli i bygda dei kjem til (dei har eit rulleringssystem for å fordele godene) og dei prøvar å gjere uorganisert overnatting der vanskeleg å gjennomføre. Familien hugsa oss godt, særleg at eg hadde hatt ilt i ryggen, detaljar om liva våre og fått hjelp av sjamanen. Tenk det, etter så lang tid!

Vi gjekk på fjellet Pachatata, og sjølv om det ikkje var mange hundre høgdemeterar opp dit, var det vanskeleg å gå i den tynne lufta! Pachatata betyr faderjord, og på toppen var det eit stort tempel. Dette er berre opent ein gong i året, så vi måtte gå utanfor. Der såg vi på solnedgangen, og vart for ørtiande gong overraska over kor fort det vert mørkt og kaldt når sola forsvinn.

På kvelden organiserte vertsfamiliane våre ein dans for oss, med musikarar og tradisjonelle kostymer. Benjamin, Mariell og eg vart spådde i koka-blad av ei gamal, klok kone etterpå….

 

Taquile er øya vi besøkte dagen etterpå. Der gjekk vi over halve øya, såg på alle dei strikkande mannfolka, åt herleg lunsj og bada litt i sjøen før vi vente nasen mot gråstygge Juliaca og flyet attende til Lima.

Uros-øyene

Fattar ikkje at dei klarar å læra seg å gå på dette "golvet"
Fattar ikkje at dei klarar å læra seg å gå på dette «golvet»

Urofolket er det veldig  interessant å besøke! Dei er eit folk med røtter tilbake til før Inka-dynastiet, og har ein veldig spesiell måte å bu på, nemleg på flytande øyer. Det fins 42 av desse rundt Bolivia og Peru, i Titicacasjøen på 3812moh. Myndighetene har tvangsflytta dei til same område, og dette har reslutert i dårlegare livsvilkår når det gjeld å hauste frå naturen, men samstundes har dei fått støre nærleik til Puno og dagleg kjem det ein heil horde med små turist-båtar. Ute på øyene har dei no sjukehus, skule og turistsenter. Vi opplevde at det har skjedd veldig mykje utvikling her på berre fire år. Kanskje ikkje heilt til det betre, på ein måte, for no var det vanvittig med folk og vanlege hus.

Duskane betyr her så vidt eg huskar at ein er singel :)
Duskane betyr her så vidt eg huskar at ein er singel 🙂

Det verkar litt rart å bygge vanlege hus oppå øyene, men det har dei i alle fall gjort. Så vidt eg hugsar, så varar ei øy i om lag 20 år. Dei sagar laus noko som såg ut som torv, med stoooore sager. Så pluggar dei saman bitane dei har saga til ein så stor flate som dei vil ha, vanlegvis nok til om lag 10 hytter. Så legg dei massevis av lag med siv oppå. Hyttene vert òg laga av siv, og dei byggjer dei litt meir opp enn å berre ligge rett på grunnivået. Ofte, lurar på om det var 4-5 gongar i året, må dei legge på ein meter med nytt siv på heile øya.

 

Ungar lærar ikkje å symje før dei er rundt 10 år. Det sa dei var fordi det er då dei kan hjelpe til med fiskinga. Difor hendar det ofte, særleg når turistane kjem, at små ungar druknar. Dei fell utanfor øya, som ikkje har rekkverk, ned i doen eller merdane dei har til fisk. Tragisk…!

Gjennomsnittsalderen er låg, berre om lag 60 år. Det er hovudsakleg på grunn av to ting, sa gaiden vår: Hudkreft og all soppen. Dei lever eit heilt liv rett under sola, i tynn luft og utan solkrem. Myndighetene har gått ut og anbefalt store hattar, i staden for dei tradisjonelle bowlerhattane dei har brukt før. Sopp er eit problem fordi det alltid er fuktig, og vatnet står gjerne om lag 20 cm under føttene dine når du går rundt på øya.

Gaiden vår fortalte nøye om historia, geografien og folket
Gaiden vår fortalte nøye om historia, geografien og folket

Til oss turistane lagar dei vakre broderi og mykje nips. Dette sel dei, og tek litt pengar for å vise oss inn i hyttene sine. Eg og Pappa var inne hjå eit ektepar på over 80 år (så nokon lever lenge!) og det var stussleg, fullt av floger, tepper og tørka fisk. Bland det med fuktig, tenk på lukta…. Utan turistane ville veldig få uro-indianarar hatt mogelegheit til å studere, så det er bra at vi får inn økonomi til dei. Det ein kanskje kan problematisere er at det verkar som om få som studerar kjem tilbake og at pengane dei får av turistane gjer at presset på å ta utdanning ikkje vert stort, då dei klarar seg fint. Lynnet til uros-indianarane er nydeleg, dei er gjestfrie og ler mykje, der dei stabbar av garde i dei spesielle kleda sine og store magar.

Desse øyene og folka er vel verdt eit besøk!

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.