Kva som skjer når ein er døgnvill

Vi stod opp klokka fire i natt. Hadde billett til bussen. Klare for den lange reisa heim. Julemat og kulde.

MEN flyet vårt går i morgon!!! Eg vart sjølvsagt ganske glad for å oppdaga det fem minutt før bussen gjekk, for då kunne vi bli i paradis litt lenger…

Manuel Antonio Nasjonalpark, her må eg tilbake!!!

Han her budde rett bak der vi la oss på stranda. Vi fekk vera vitne til hans kurtisering av dama si :)
Han her budde rett bak der vi la oss på stranda. Vi fekk vera vitne til hans kurtisering av dama si 🙂
ByggmesterBob vart akkurat ferdig med verket før floa kom!
ByggmesterBob vart akkurat ferdig med verket før floa kom!
Sebastianane stal chipsen vår når vi var ute og bada...
Sebastianane stal chipsen vår når vi var ute og bada…
Miko stal kjeksene våre!!!
Miko stal kjeksene våre!!!
Apekattar over alt!!!
Apekattar over alt!!!

 

Toppstøtet!

Buldre :)
Buldre 🙂
Fjellet i bakgrunnen er Chirripo - Tek seg betre ut herfrå enn i skodda!
Fjellet i bakgrunnen er Chirripo – Tek seg betre ut herfrå enn i skodda!
Los Crestones - seksti meter høge og herlige å klatre!
Los Crestones – seksti meter høge og herlige å klatre!
på veg til Haredalen
på veg til Haredalen
nyeskjørtet vart til hue og sjal
nyeskjørtet vart til hue og sjal
Oki, vi lar vera...
Oki, vi lar vera…
regn og kaldt klokka 0300
regn og kaldt klokka 0300

Alle reisebøker sa det. Våre medvandrarar sa det. Vi meinte det gav meining. Så vi la ut klokka 03.00 om morgonen for å nå soloppgangen på 3820moh. Ein fem kilometers marsj frå hytta, i mørkret. Problemet vårt var at det regna og var superoverskya! Då vi kom på toppen såg vi ikkje ein gong skilnad på aust og vest… Det var seks grader der oppe, og minst 12mps vind, så vi vart ikkje lenge… Men toppen var nådd! Endå eit land kan eg kryssa av på lista mi 🙂

Vi gjekk raskt nedatt, og sov til klokka 13.00 på dagen. Etter litt lunsj gjekk vi utatt på eit nytt prosjekt: Los Crestones. Desse nydelegeklippeformasjonane skulle vere ein flott måte å sjå solnedgangen på. Og det var vel greitt å ein liten time. Det var stas å få buldra litt i klippene! Vi sat lenge på toppen av ei 60 meter høg søyle og såg utover. Skydekket låg om lag  700meter lenger nede, så vi fekk ein noko spesiell solnedgang; lange skyggar og brennande skyer. Etter ein liten rundtur bar det heimover att til hytta. Der var det god stemning med folk som faktisk hadde teke med gitar, og kortspel . Det var kjekt å prata med folk og høyra kor dei var frå, kva dei gjorde heime, kvifor dei var i Costa Rica og mykje anna.

(sorry for manglande evne til å få bileta i kronologisk rekkefølge….)

Mot toppen av Costa Rica

Man tager alt hvad man haver.... Varmt nok, heldigvis!!
Man tager alt hvad man haver…. Varmt nok, heldigvis!!
Nydelig og skiftande utsikt   i eit terreng av regnskog,  cloudforrest og ein til type heilt øverst. Interessant og rikt!
Nydelig og skiftande utsikt i eit terreng av regnskog, cloudforrest og ein til type heilt øverst. Interessant og rikt!
Sånn ser sjuke meg ut på toppen før hytta... Ikkje mykje hoi i hatten, men du hendelse det var godt å få komma seg inn!
Sånn ser sjuke meg ut på toppen før hytta… Ikkje mykje hoi i hatten, men du hendelse det var godt å få komma seg inn!
Hest, ja... E ikkje for oss!
Hest, ja… E ikkje for oss!
Preparaciones :)
Preparaciones 🙂

 

 

Først av alt må ein skjøne at allemannsrett, karttradisjon og utstyrsfilosofi er veldig ulikt i mange land. Har ein forstått det, går prosessen betre: Først må ein skynta seg til Nasjonalparkkontoret før klokka 1600, for å sjå om ein er griseheldig å få plass til å gå neste dag. I høgsesongen er det gløymesak, vi var veldig heldige! Betal for antal døger i parken og du er tilsvarande nøyd til å bu på det einaste hyttekomplekset som er der like lenge. Etter det kan ein vurdere å få ein bærar til børa si, anten hest eller mann. Så må ein finne mat, og det er forholdsvis enkelt, då det berre er ein butikk. Der kan ein til dømes kjøpa regnjakke til12 kroner som ryk når du tek han på deg. Kart finns ikkje å få tak i. Sovepose og brennar fekk vi leiga på hostellet der vi sat att tinga våre. Kjøt vart steikt og egga kokte, og så var det berre å sova seg fram til ein grytidleg starrt.

Det kosta litt å stå opp, særlig fordi eg var skikkeleg forkjøla… Men opp skulle vi, og det var berre å starta å siga. Stigen var supertydeleg og kvar kilometer var markert med skilt, sjølv om dei verka å vera veldig lange kilometer…. Høgda byrja snart å legga seg oppå forkjølelesen min, og det vart ikkje lettare utover dagen. Naturen var derimot nydeleg, skiftande og interessant – så det var noko å avleia tankane på. Kvitkrull og klokkelyng, til dømes! Mange av plantane var like dei vi har heime, særleg over 3000moh. Etter 1800 høgdemeter og 14.5kilometer kom endeleg hytta til syne, og eg fekk omsider dradd meg sjølv opp av kjellaren. Maten var fantastisk og dei harde sengene ei velsigning!

Transport

Universalspråket Wunderbaum miksa med katolisismen
Universalspråket Wunderbaum miksa med katolisismen
Haiketur med påsegla sjåfør...
Haiketur med påsegla sjåfør…
Denne bussen fekk vi sitteplass på. Etter to timar.
Denne bussen fekk vi sitteplass på. Etter to timar.
Motoconcho i Dominikanske republikk får deg overalt!
Motoconcho i Dominikanske republikk får deg overalt!

Når ein skal reise i to heile land på to korte veker, vert det mykje transport. Det er forbausande lett å flytta på seg, i alle fall når ein snakkar spansk og møtar folk som forstår kva vi ikkje forstår! Drosje i Nicaragua er veldig billeg, for femti kroner vert ein køyrt 40 minutt og kan stoppe når ein vil ha is eller spørje om vegen. Einaste snåle er at dei tek betalt per person. I mitt hovud må det bli dårleg butikk? Det finns noko som er drosje for fleire, der dette betalingssystemet gir meining: Du stoppar ein bil, der det gjerne er fleire i, og sjåføren køyrar der folka skal. Logikken her brest reint geografisk, for du kan risikere at sjåføren er veldig «rettvis» og køyrar folk i aust og vest etter rekkefølga dei kom inn.

Kva så med buss? Om vi held oss i Nicaragua kan det tyde mange ulike ting… Bybussane er gjerne overfylte, pensjonerte amerikanske skulebussar på randen av totalt samanbrot. Hjelpemannen hylar og skrik «Dale pues» for å både skynda på folk og seie at alt er OK, før han  bankar i sida på bussen så sjåføren veit han kan køyre. Folk som har problem med blodtrykket eller klaustrofobi bør unngå desse bussane.  Eit halvt hakk betre er bussane som går mellom byar, men dei er framleis mynta på born under 150cm og kan aldri bli for fulle. Skal ein langdistanse, derimot, kan ein få skikkeleg buss, som med litt flaks glatt slår Nor-Way-bussekspress ned i kne.

I Costa Rica er alt ein god del betre, billigbussane heng betre saman, du har gjerne plass til beina om du kjem tidleg og setenummerreservasjon finns. Standarden på drosjane er jamvel høgare, men dei tek seg meir betalt. Likevel hadde eg dårleg samvit for å berre betale 180 kroner for å køyre ein halv time rett opp i fjellet, fordi vegen gav bilen ein noko hard masasje ettersom asfalt vart til grus, som vart til betongflekkar og spisse steinar… Han fekk litt tips.

Canopy og Cloudforrest!

Eg veit framleis ikkje kva ordet betyr. Men det var veldig kjekt! Konseptet er enkelt nok: Sleng deg ut på ståltau mellom trea i skyeskogen. Der kjem neste ordproblem: kva er «cloud forrest» på norsk? Det får eg slenga ut i verdsvevslufta, og kanskje ein av dåke som les kan oversetta for meg J

Frukosten på hostellet vårt i Santa Elen,: http://www.pensionsantaelena.com/, var rett og slett ein liten taco og fire stykker frukt. Vi supplerte med litt kornblanding og kaffi, og var kliss klare for eventyr! Anlegget til Selvatura, http://www.selvatura.com/, var imponerande velfungerande, reint og bra sørvis. Her var det sommarfuglpark, insektsmuseum og kolibrihage i tillegg til hengebruløype og ståltaubanene. Først tok vi tur med gaid som fortalte om alt frå mat til latinske namn på orkidear og fuglar. Utruleg lærerikt! Turen tok om lag to timar, og hadde det ikkje vore for gaiden, ville vi rett og slett sikkert brukt om lag 45min og ikkje sett ein halv sopp ein gong…. Så bar det opp i tretoppane for å slenga seg utfor 13 ulike baner; den lengste var 1km lang!!! Alt var trygt og bra laga til, og ikkje minst Tarzan-slengen gav kriblingar i magen. Vi avslutta med rundtur i sommarfuglparken, og den kunnskapsrike gaiden Roy bobla over av entusiasme og glede over desse nydelege skapningane. Særleg den blå, store Morfo-sommarfuglen var det mange av. Skranglande nedover til byen att var eg ganske salig og mett på både ny kunnskap og opplevingar!

Laguna de Apoyo

Etter marknaden unna vi oss luksusen med ein drosjetur til Laguna de Apoyo, mellom Leon og Granada. Det tok ein halv time, og kosta 40kr. Då er det vel greitt? Lagunen er eit urgamalt vulkankrater, det er utruleg lite utbygd og mange av hostella har gratis kajakkar, kjekke kaiar og dekkslangar ein kan bada med. Her høyrar ein om lag ein bil i timen, og elles rådar grashoppene og gekkoane.  Vi har faktisk utedusj! Og myggnetta over sengene ser ut som prinsesseforheng… På ein annan stad rundt lagunen hadde eg den kjekkaste turen då eg studerte her, og dit skal vi nok tilbake med klassen: http://www.themonkeyhut.net/monkey/ . Her kan ein bade, padle og chille, i rein luft og utan stress…

Handverksmarknad i Masaya!

Den minste provinsen i Nicaragua, og likevel stappfull av tradisjon og kultur! Byen Masaya er liten, og her stoppar faktisk bilane for deg når du prøvar å kryssa gata, så her er det ganske rolig og grei stemning. Hostella ligg alle på under 70kr natta, og det er lett å finne fram. Marknaden er eit heilt kvartal, så her er det mykje å ta tak i… Det går an å prute om lag 8%, så det er ikkje så mykje, men om ein kjøpar fleire ting, går det betre med salget. Eg har no fiksa litt julepresangar (og gledar meg til å bæra det med meg resten av turen…) og faktisk kjøpt meg skjørt og sandalar! Sistnevnte er av den fine sorten , så her skal det visast fram ved varme høve heime. I tillegg har eg eit problem med sko på denne turen; slippersane gjer meg gnagsår og eine joggeskoen la eg att i gjestehuset til Rigo… Men eg klarar meg utmerka utan! Enn så lenge, kanskje må eg investera skal eg nå Costa Ricas høgaste punkt…

Playa las Peñitas og Rigos Guesthouse

Tilbake til kjente område utanfor Leon, der eg studerte I tre månader. Rigo var supersnill og lot oss få sova i gjestehuset sitt på stranda! Der er det mange val; hengekøye, madrass eller senger. I tillegg er det koselege kattar og hundar der, havbrisen og bølgene dyssar ein i søvn og ikkje minst den store gjestfridomen hjå dei som styrar huset.  Sjå denne linken om du vil sjå meir: http://www.tripadvisor.com/Hotel_Review-g1166730-d3419485-Reviews-Rigo_s_Guest_House-Las_Penitas_Leon_Department.html

Stranda har vorte ganske utbygd sia sist eg var her, og no tek det ikkje ein time på ryggskadeleg veg å køyra hit frå byen, så det var stor stas! Samstundes har plassen endå eit preg av urørt og uendeleg sandstrand, og skjelpaddene kjem framleis hit for å legge egg. Restaurantane er få, men gode nok, sjølv om det tek lang tid å få maten…  Heilt tilfeldig har eg møtt tre viktige personar i dag! Det er  merkelig, at ein skal sjå folk att på den måten i ein så stor by! Magisk…

Etter litt vanskelig, men utruleg herlig  surfing vart det buss vidare til ein stad som heite Puerto Sandino. Ein kjekk kar i marineuniform hjalp til med å  finne buss til riktig stad. Då det viste seg at bussen gjekk først om ein time, inviterte han heim til seg og familien! Du hendelse, hadde sånt skjedd i Noreg?

 

Viva Leon!

Etter bussturen til Santo Domingo fann vi ein kjekk drosjesjåfør som anbefalte eit hostell i Zona Colonial. Den bydelen er der Colombus først grunnla ein by i sør-amerika, og sidan vart det eit senter for handel, forsvar og ikkje minst 500år etter; turisme. Sonen er veldig flott, med gamle hus i kolonistil og det er masse gateliv og museumsbygg over alt. Denne gongen gjekk vi langs heile Malecon, der ein har god sjans til å bli overkøyrd, få kjøpt roser til sin kjæreste, eta dyr mat og nyta solnedgangen mens pelikanane stupar etter mat. Edwardo hadde aldri vore på kino før, så vi såg liksågodt to stykk! Og, endå betre, det kostar ca 30kr billetten!

 

Eg sov nesten ingenting den natta, for eg måtte opp kl 0400 for å reisa til flyplassen. Der gjekk ferda til Miami, og du hendelse, virkeligheten tok meg att når det gjaldt prisnivå og skilnad mellom nord og sør! Så dermed var det godt å berre venda nasa sørover att, og vi landa i Managua midt på dagen. Derfrå tok vi taxi til fagre Leon. Alle som skal gjennom hovudstaden med bil må hugse å ha med seg vatn og mat! Det er ein knøttliten by, men det tok ein time å reisa gjennom den på grunn av elendig gateplanlegging… Klarte likevel å ha det veldig greitt i drosjen, og det var godt å besøka Hilario på hostellet eg budde på då eg studerte: http://www.hostalcasasantiago.com/.

Dagen i dag er spesiell for katolikkane, dei feirar jomfru Maria, og det er som ein religiøs halloween, for du kan få snop om du seier ei regle i døra til andre, der dei har laga store alter. Fyrverkeri av syke mengdar og massevis av folk i gatene var eit herlig gjennsyn med Leon! Seinare bar det til ein restaurant og så til La Olla Quemada, der eg heilt tilfeldigvis møtte læraren til Henriette, Marybely! Og då vi hadde bestemt oss for å gå, kom akkurat Rigo den einaste Sampson inn J Superstas å møta gamle kjente!

 

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.