Det meste er nord…

No er vi på Gardermoen, klare for å ta av til Alta!

Få i gjengen har kryssa polarsirkelen før, vi får håpa det går greit 🙂

Stairway to Lappland!
Stairway to Lappland!

Brukar høvet til å gi beskjed til alle elevar ved Molde, om at eg har fått til ein rabattavtale med ChillOut. Det er den stiligaste reisebutikken, både på nett, i Bergen og Oslo. Du får 15%, og rabattkoden til nettbutikken er FHSMOLDE. Må jo oppfordre dåke til å reise etter året er ferdig 🙂

http://www.chillout.no/

 

Se oftere mot nord.

Gå mot vinden, du får rødere kinn.

Finn den ulendte stien. Hold den.

Den er kortere.

Nord er best.

Vinterens flammehimmel,

sommernattens solmirakel.

Gå mot vinden. Klyv berg.

Se mot nord.

Oftere.

Det er langt dette landet.

Det meste er nord.

 

   

Rolf Jakobsen Over Romsdalen

… men bloggen var ikkje død!

 

Og så  var det altså blitt verkeleg: Friluftsliv/Backpacking lever i beste velgåande skuleåret 2013/14!

Klassen består av fem jenter og tre gutar, som til saman utgjer ein spennande miks av dialektar, kunnskapar og kreativ energi. Dei er engasjerte og opptatte av å lære. I skulekvardagen utmerkar dei seg ofte med stor deltaking og makalaus kvalitet på morgonsamling og elevkveld!

Nok skryt no: Over til det dagsaktuelle:

Vi er på tur! I fire veker skal vi reise rundt med ryggsekk i Den Dominikanske Republikk, Nicaragua og Costa Rica. Flybillettane er i boks og timeplanen er både ambisiøs, laus og fast i fisken.
I skrivande stund sit eg som lærar på siste flyet for dagen, og kan endeleg puste skikkeleg. Eg tenkjer helst ikkje på kor lang tid vi har vore på reise, eller at eg og to andre sov på steingolvet på Gardermoen sist natt, eller at beina verker etter all stillesittinga: Eg er rett og slett takksam og letta for at vi rakk siste flyet! For å gjere ei hektisk historie kort: Då vi gjekk inn i flyet i Miami rakk vi ikkje sette oss ein gong før det var ready for take off!

I dag gjennstår det berre å komma seg ut av blikkboksen att, finna bagasjen, pruta drosje og innlosjera oss på eit sjarmerande og billeg hostel i den gamle, koloniale delen av Santo Domingo. I morgon skal vi akklimatisera oss, vandra i historia, ete ny mat, praktisere spansk, sikkert bli svette og fulle av inntrykk, ete is, gå på ufseleg billeg kino og nyte byen!

Framme i Zona Colonial
Framme i Zona Colonial

Kva som skjer når ein er døgnvill

Vi stod opp klokka fire i natt. Hadde billett til bussen. Klare for den lange reisa heim. Julemat og kulde.

MEN flyet vårt går i morgon!!! Eg vart sjølvsagt ganske glad for å oppdaga det fem minutt før bussen gjekk, for då kunne vi bli i paradis litt lenger…

Manuel Antonio Nasjonalpark, her må eg tilbake!!!

Han her budde rett bak der vi la oss på stranda. Vi fekk vera vitne til hans kurtisering av dama si :)
Han her budde rett bak der vi la oss på stranda. Vi fekk vera vitne til hans kurtisering av dama si 🙂
ByggmesterBob vart akkurat ferdig med verket før floa kom!
ByggmesterBob vart akkurat ferdig med verket før floa kom!
Sebastianane stal chipsen vår når vi var ute og bada...
Sebastianane stal chipsen vår når vi var ute og bada…
Miko stal kjeksene våre!!!
Miko stal kjeksene våre!!!
Apekattar over alt!!!
Apekattar over alt!!!

 

Hei, verda!

Velkomne til bloggen min!

I skrivande stund sit eg i ei dobbeltseng i Miami og lurar på kva «blogg» faktisk tyder… Det er likevel ikkje så viktig; det essensielle er at eg får spreia mine erfaringar utover verdsveven!

Eg tenkjer å skrive om reisene mine og jobben min, som ofte er same sak. Det som har stått på programmet fram til no i november var 20 innhaldsrike dagar med klassen min i Australia. Der prøvde vi alt frå dykking, surfing, rafting, fallskjermhopp til sandbrettkøyring. Herlig!

Det som no står på programmet er å undersøkje og planlegge neste års tur til nyelinja mi «Frilufsltiv/Backpack» på Molde folkehøgskule. Ferda går til Latinamerika, og i morgon landar eg vonleg i Santo Domingo. Derfrå skal eg vidare nordover til Cabarete, der eg kjenner nokre snille bønder vi kanskje kan få bu hjå i skogen.

Stay tuned!

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.