… men bloggen var ikkje død!

 

Og så  var det altså blitt verkeleg: Friluftsliv/Backpacking lever i beste velgåande skuleåret 2013/14!

Klassen består av fem jenter og tre gutar, som til saman utgjer ein spennande miks av dialektar, kunnskapar og kreativ energi. Dei er engasjerte og opptatte av å lære. I skulekvardagen utmerkar dei seg ofte med stor deltaking og makalaus kvalitet på morgonsamling og elevkveld!

Nok skryt no: Over til det dagsaktuelle:

Vi er på tur! I fire veker skal vi reise rundt med ryggsekk i Den Dominikanske Republikk, Nicaragua og Costa Rica. Flybillettane er i boks og timeplanen er både ambisiøs, laus og fast i fisken.
I skrivande stund sit eg som lærar på siste flyet for dagen, og kan endeleg puste skikkeleg. Eg tenkjer helst ikkje på kor lang tid vi har vore på reise, eller at eg og to andre sov på steingolvet på Gardermoen sist natt, eller at beina verker etter all stillesittinga: Eg er rett og slett takksam og letta for at vi rakk siste flyet! For å gjere ei hektisk historie kort: Då vi gjekk inn i flyet i Miami rakk vi ikkje sette oss ein gong før det var ready for take off!

I dag gjennstår det berre å komma seg ut av blikkboksen att, finna bagasjen, pruta drosje og innlosjera oss på eit sjarmerande og billeg hostel i den gamle, koloniale delen av Santo Domingo. I morgon skal vi akklimatisera oss, vandra i historia, ete ny mat, praktisere spansk, sikkert bli svette og fulle av inntrykk, ete is, gå på ufseleg billeg kino og nyte byen!

Framme i Zona Colonial
Framme i Zona Colonial

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.