Eg lyt vel skriva litt om meg sjøl?
Til dømes at eg er omlag 174cm høg, vestlending, brukar briller og har sesongbasert hårfarge. Eg har reist ein god del, budd i fem fylker, studert i Nicaragua og Den dominikanske republikk og tatt for meg delar av Sør-Amerika med ryggsekk og Lonely Planet.
Utdanningsmessig er eg stappfull av studiepoeng, men det seier lite om kva eg faktisk kan eller burde kunne. Friluftsliv, reiseliv, samfunnsfag, pedagogikk og kristendom er nokre av det eg har studert. I tillegg har eg ein del kurs i friluftslivsrelaterte ting, som våttkort, brattkort, jegerprøva og mykje anna. Det gode med å ha så mykje ulikt i bagasjen er at eg passar i folkehøgskulekvardagen sine forskjellige utfordringar, og likar jobben min utruleg godt!

På fritida mi driv eg faktisk mykje med det som er jobb; klatring, fjell, ski, reising og scrapbooking. Eg likar å lesa, særleg dikt og inspirerande faglitteratur. Vennegjengen min i Molde er flotte og aktive sjeler som det er godt å henga med sjølv etter lange dagar på jobb eller om hårdagen er dårleg!
Eg bur i eit tilnærma uisolert hus, med alt for stor plass, så det fyllar eg med rot og varmar meg med tanken på at eg har gode naboar og fantastisk utsikt over Romsdalsalpane over fjorden… og jordomsegling i horisonten!