I dag har eg gjort det eg har drømt om lenge: Besøkt favorittfamilien min i fjellet ved Cabarete. Men ikkje nok med det, eg har møtt så utrulig mange av dei andre naboane og familiane som huskar meg godt frå fira og fem år tilbake. Eg er så takknemlig! Ungane tok meg med for å bada i ei hule med kjeldevatn og viste meg massevis av interessante plantar og fruktar undervegs. Mor i huset, Chan, hadde laga fritert banan til oss då vi kom tilbake, og det smakte! Kan det stemma at det er fira år sidan sist?! Vi plukka appelsiner og avokado, og spelte enkle spel, akkurat sånn eg elska dagane her før!
Det virkar som om heile fjellfolket er klare for å få besøk av klassen min neste år, og det er fabelaktig! Dei har allereie diskutert kor mange elevar som får plass hjå kven, og rekna ut kor mange hestar vi kan oppdriva til ridetur. Den store hola med kjeldevatn er open om vi betalar litt, så no er snart heile den dagen ferdig planlagt! Efraim, far til fira nydelege ungar, lovar å ta oss med på omvisning på husmannsplassen sin, der han dyrkar appelsiner, mango, avokado, ananas, guanabana, guava, sukker og yuca. Folka her er så rike på så mange ting vi ikkje har… Dei har ikkje mykje materielt, men naturressursane er gode til sjølvberging og familien er alltid nær- Spedbarn vert passa av større søsken og det finns alltid ei tante å gå til. Kvinnesynet og trufastheten begge vegar er det nok så som så med, samt arbeidsmoral og familieetikk hjå mange menn, men i det store og heile fungerar samfunnet godt.
Eg avslutta dagen på stranda i dag, med mi nye venninne Jessica. Håpar å få ha ho med meg vidare i livet. Ho har lært meg mykje om det å vera fattig, men rik. Hennas to ungar er supersmarte og den elste vil gjerne bli doktor. Eg ber om at dei blir velsigna med ei like god framtid som hjertene deira!