Gjennoppvarming og renselse

Vi vakna altså midt på vidda onsdag, til rim på soveposen og havregraut i gompien. Etter den lange og overraskande dagen med samling av flokk, flytting, slakting og matlaging, var vi ganske segne. Men kva er vel betre då, enn å oppsøka bygdas spa-avdeling?Rett over «gata» ligg nemlig Jergul Astu , ei fjellstove med lange tradisjonar. Dei har godt med plass til besøkande i ulike formar for overnatting, samt både konferansar og drop-in besøk. I tillegg har dei kjekke aktivitetar i løpet av året, som til dømes Jergullekene og bli kjent med elva. 

jerguljergul_2

 

Men mest av alt har dei godt med hjerterom på Astu! Det er alltid kjekt å stikke innom for ein kaffi, og det at eg kunne ta med klassen min denne dagen var ikkje anna enn perfekt! Sjefen sjølv, John Edvin Holmestrand, gjorde klart for oss, og så var det berre å rigga seg til. Metrane ut til boblebadet var lange når kulden har satt seg i ryggraden og snøen og mørkret ligg overalt, men du hendelse, kor godt det var å komma seg oppi! Nokon var tøffe nok til å ta snøbad innimellom boblinga… Badstu var det òg.

IMG_8299

Det var veldig kjekt å ha desse timane til å prata saman om kva vi hadde vore med på, og snakke med Svein Holmestrand som var spesialinvitert for anledninga.

Namnet til fjellstova, Astu, saman med ordet for «tid»,  betyr visst «fri tid». Det passar bra: Her har dei god stemning, god tid og gode fortellingar… 

Takk for oss!

 

<script>
(function(i,s,o,g,r,a,m){i[‘GoogleAnalyticsObject’]=r;i[r]=i[r]||function(){
(i[r].q=i[r].q||[]).push(arguments)},i[r].l=1*new Date();a=s.createElement(o),
m=s.getElementsByTagName(o)[0];a.async=1;a.src=g;m.parentNode.insertBefore(a,m)
})(window,document,’script’,’//www.google-analytics.com/analytics.js’,’ga’);

ga(‘create’, ‘UA-47898758-1’, ‘bloggnorge.com’);
ga(‘send’, ‘pageview’);

</script>

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.