Mellom Puerto Plata og Monte Cristi ligg ei nesten veglaus grend der ein kan reise til Paradisøya. Denne består av om lag 50 kvadratmeter sand, fira bananpalmebodar og ingenting meir enn dei folkene som eventuelt har komt ut dit. Målet for dagen var å nyta sol, korallar, fisk og mat. Det klarte eg så absolutt, saman med ei frå Cabarete som heite Jessica. Turen dit var utrulig lang, og av 11 timar vekke, var 8 bumpete busstur… Sånn sett vart eg usikker på om det er verdt strevet, men snorklinga på revet var nydelig! Eg såg trompetfisk og papegøyefisk, mellom anna.
Her er ein link til turoperatøren eg brukte:
http://www.colonialtours.com.do/cayo_arena_puerto_plata.htm