I dag har eg prøvd ut ein aktivitet vi kan ha på turen vår neste år: Mountain Biking! Det heile var litt mindre ekstremt enn eg hadde håpa på, men det var på grunn av vèret. Vi kunne ikkje kryssa elva dei to plassane vi måtte det, fordi det har regna hundar og kattar her dei siste dagane. Men maten var supergod! Vi stoppa på ein lokal liten butikk og fekk lokalprodusert honning, kokosnøtt og ananas, og avslutta dagen med basseng (totalt unødvendig, sidan vi var klissvåte J ) og indisk-inspirert mat på ein liten topp med nydelig utsikt over alle regnbygene og kaffibuskene.
Skal sei du står på! Heia bloggen 😉
Dette er ein super måte å stå på på 😉 Håpe dåke har fine daga heima!