Transport

Universalspråket Wunderbaum miksa med katolisismen
Universalspråket Wunderbaum miksa med katolisismen
Haiketur med påsegla sjåfør...
Haiketur med påsegla sjåfør…
Denne bussen fekk vi sitteplass på. Etter to timar.
Denne bussen fekk vi sitteplass på. Etter to timar.
Motoconcho i Dominikanske republikk får deg overalt!
Motoconcho i Dominikanske republikk får deg overalt!

Når ein skal reise i to heile land på to korte veker, vert det mykje transport. Det er forbausande lett å flytta på seg, i alle fall når ein snakkar spansk og møtar folk som forstår kva vi ikkje forstår! Drosje i Nicaragua er veldig billeg, for femti kroner vert ein køyrt 40 minutt og kan stoppe når ein vil ha is eller spørje om vegen. Einaste snåle er at dei tek betalt per person. I mitt hovud må det bli dårleg butikk? Det finns noko som er drosje for fleire, der dette betalingssystemet gir meining: Du stoppar ein bil, der det gjerne er fleire i, og sjåføren køyrar der folka skal. Logikken her brest reint geografisk, for du kan risikere at sjåføren er veldig «rettvis» og køyrar folk i aust og vest etter rekkefølga dei kom inn.

Kva så med buss? Om vi held oss i Nicaragua kan det tyde mange ulike ting… Bybussane er gjerne overfylte, pensjonerte amerikanske skulebussar på randen av totalt samanbrot. Hjelpemannen hylar og skrik «Dale pues» for å både skynda på folk og seie at alt er OK, før han  bankar i sida på bussen så sjåføren veit han kan køyre. Folk som har problem med blodtrykket eller klaustrofobi bør unngå desse bussane.  Eit halvt hakk betre er bussane som går mellom byar, men dei er framleis mynta på born under 150cm og kan aldri bli for fulle. Skal ein langdistanse, derimot, kan ein få skikkeleg buss, som med litt flaks glatt slår Nor-Way-bussekspress ned i kne.

I Costa Rica er alt ein god del betre, billigbussane heng betre saman, du har gjerne plass til beina om du kjem tidleg og setenummerreservasjon finns. Standarden på drosjane er jamvel høgare, men dei tek seg meir betalt. Likevel hadde eg dårleg samvit for å berre betale 180 kroner for å køyre ein halv time rett opp i fjellet, fordi vegen gav bilen ein noko hard masasje ettersom asfalt vart til grus, som vart til betongflekkar og spisse steinar… Han fekk litt tips.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.