Amantani og Taquile

Nydeleg horisont...
Nydeleg horisont…

Amantani

Høgdepunktet på heile turen var for meg å besøke Amantani igjen. Det er ei lita øy i Titicacasjøen og det bur om lag 4000 mennesker her. Dei snakkar det gamle språket quechua. Tradisjonelt et dei veldig lite kjøtt, på grunn av at det er så vanskeleg å få dyrka ting i høgda. Særleg kornet quinoa ar vore livsnaudsynt for dei. Eit audmjukt folkeferd som har forstått at dei kan tene pengar på turismen, utan (enn så lenge) å vere kyniske og krevjande.

Vi fekk moña-te heile tida. Smakar nydeleg og skal hjelpe mot høgdesjuka
Vi fekk moña-te heile tida. Smakar nydeleg og skal hjelpe mot høgdesjuka

Opplegget vårt var å komma ut dit og ete lunsj. Vi fekk potetsuppe og potetmiddag, veldig tradisjonell mat! Det finns visst over 3800 potetsortar i Peru! Så høgt som dette er det vanskeleg å få særleg mykje til å vekse, men du og du, kor dei jobbar for å få det til… Sauane vert til dømes nøye gjeta kvar dag, og det er ofte kvinnene som gjetar. Når kvelden kjem, stappar dei sauane inn i små steingardsirklar og tettar hòlet. Der vert dei så verande, og gjetaren kan ta møkka dagen etterpå og bære den til dit ho treng det. ALT må nyttast i dette jordfattige landskapet.

Vi vart fordelte i heimar rundtom i bygda, om lag 4 i kvart hus. Dei stilte med mat til oss og reine og OK rom. Heldigvis godt med tepper! På dei fire åra sidan sist eg var her, merkar eg stor skilnad på standarden på husa, turismen har gjort at dei har det mykje betre. Fliser på bad og skikkeleg do (dog utan innlagt vatn) var vanleg no, og nesten alle husa hadde solcellestraum. Det er ikkje straum eller bilar på Amantani.

I vår vertsheim. Tante Jorunn leikar med ei velutvikla jente på 8mnd. Dei er knallharde på familieplanlegging her.
I vår vertsheim. Tante Jorunn leikar med ei velutvikla jente på 8mnd. Dei er knallharde på familieplanlegging her.

Mamma, Henriette, Pappa og eg la i veg for å finne huset vi hadde budd i for fira år sidan, og vi fann det! Dei vi budde hjå no sa at dei hadde flytta til Lima, og det var altså blank løgn. Eg vart så sint! Det er visst vanleg at dei lyg om dette, for at folk skal bli i bygda dei kjem til (dei har eit rulleringssystem for å fordele godene) og dei prøvar å gjere uorganisert overnatting der vanskeleg å gjennomføre. Familien hugsa oss godt, særleg at eg hadde hatt ilt i ryggen, detaljar om liva våre og fått hjelp av sjamanen. Tenk det, etter så lang tid!

Vi gjekk på fjellet Pachatata, og sjølv om det ikkje var mange hundre høgdemeterar opp dit, var det vanskeleg å gå i den tynne lufta! Pachatata betyr faderjord, og på toppen var det eit stort tempel. Dette er berre opent ein gong i året, så vi måtte gå utanfor. Der såg vi på solnedgangen, og vart for ørtiande gong overraska over kor fort det vert mørkt og kaldt når sola forsvinn.

På kvelden organiserte vertsfamiliane våre ein dans for oss, med musikarar og tradisjonelle kostymer. Benjamin, Mariell og eg vart spådde i koka-blad av ei gamal, klok kone etterpå….

 

Taquile er øya vi besøkte dagen etterpå. Der gjekk vi over halve øya, såg på alle dei strikkande mannfolka, åt herleg lunsj og bada litt i sjøen før vi vente nasen mot gråstygge Juliaca og flyet attende til Lima.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.