Ekspedisjon Amazonas

Vi har fått oss nokon gode, ærlege folk rundt oss som vi stolar på.
Vi har fått oss nokon gode, ærlege folk rundt oss som vi stolar på.

I desse dagar er vi i full gang med å bygge flåte, innhente opplysningar om mat, søke om alle mulige løyver, designe og svette. Den vesle byen Coca er no blitt vår heim, vi går ut for å ete til lunsj og middag, og om kvelden vert vi kasta vekk frå leikeplassen i park
en av securitasvaktane. Vi er visst ikkje ungar lenger, meiner dei 🙂

Vi har satt i gang ein kilometerkonkurranse og innsamlingsaksjon for Flyktningehjelpen. Allereie i dag har vi samla inn over 4000kr! Premien blir totalt verdt det, donèr og DSC00630bli med!

Her kan du donere og her må du skriva inn kor mange kilometer du trur vi klarar.

Følg bloggen vår om du vil vite meir om korleis det går med oss!

 

 

DSC00639
Tønner og basilikum er vår kirke

 

No kan vi masse spesielle ord på spansk...
No kan vi masse spesielle ord på spansk…

Oi… ballen er i gang….

I natt kom siste flåtar til Quito, og vi har styrt litt rundt, samsnakka oss og kjøpt medisinar og eit kart.

Samsnakking over frukost, med surrete, døvhørte Guillermo som kelner
Samsnakking over frukost, med surrete, døvhørte Guillermo som kelner

Eg er redd.

Eg er klar.

Eg er flekkete av myggstikk allereie.

Eg er gira.

Eg er litt sjuk i magen.

Eg er omringa.

Eg trur eg er på rett plass…

Vi prøvar å vera kreative i teambuilding, heilt til la policia jagar oss vekk
Vi prøvar å vera kreative i teambuilding, heilt til la policia jagar oss vekk

Og det som er deilig, er at no treng eg ikkje ta så mykje ansvar for alt mulig lenger. Vi er mange som kan snakka spansk, mange som kan gjera ulike ærend og ikkje minst mange med kompass og kunnskap i hovudet.

vi er forsikra i håve og halen... Trur vi har omlag 6kg med førstehjelp og medisinar.
vi er forsikra i håve og halen… Trur vi har omlag 6kg med førstehjelp og medisinar.

No startar den harde etappen byggemessig. Alle har mange idear, og gledar seg. Forhåpentligvis vert vi enige. Forhåpentligvis finn vi materiale.

Que sera, sera!

Den kjensla...
Den kjensla…
css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.