Oi… ballen er i gang….

I natt kom siste flåtar til Quito, og vi har styrt litt rundt, samsnakka oss og kjøpt medisinar og eit kart.

Samsnakking over frukost, med surrete, døvhørte Guillermo som kelner
Samsnakking over frukost, med surrete, døvhørte Guillermo som kelner

Eg er redd.

Eg er klar.

Eg er flekkete av myggstikk allereie.

Eg er gira.

Eg er litt sjuk i magen.

Eg er omringa.

Eg trur eg er på rett plass…

Vi prøvar å vera kreative i teambuilding, heilt til la policia jagar oss vekk
Vi prøvar å vera kreative i teambuilding, heilt til la policia jagar oss vekk

Og det som er deilig, er at no treng eg ikkje ta så mykje ansvar for alt mulig lenger. Vi er mange som kan snakka spansk, mange som kan gjera ulike ærend og ikkje minst mange med kompass og kunnskap i hovudet.

vi er forsikra i håve og halen... Trur vi har omlag 6kg med førstehjelp og medisinar.
vi er forsikra i håve og halen… Trur vi har omlag 6kg med førstehjelp og medisinar.

No startar den harde etappen byggemessig. Alle har mange idear, og gledar seg. Forhåpentligvis vert vi enige. Forhåpentligvis finn vi materiale.

Que sera, sera!

Den kjensla...
Den kjensla…

Tsàchila-folket

 

Vi reiste frå den deilige lufta og stemninga på kysten, austover til Santo Domingo.

Godt med ein strekk på hard benk etter busskøyringa. Deilig med skogslydar og roleg atmosfære
Godt med ein strekk på hard benk etter busskøyringa. Deilig med skogslydar og roleg atmosfære

Det var ein by som kan samanliknast litt med Førde; ligg midt på vegen, grei nok, har alt av butikkar, men manglar sjel og retning. Vi tok lokalbussen ut av byen i det totalt ukjente, for vi ville oppsøka stammen som vert kalla ”dei farga” av spansktalande, og  Tsàchila-folket  av seg sjølve. Dei fargar håret raudt på toppen, og alle går med hekla eller vevd stripete skjørt. Dei er kjent for sjamanane sine og sitt gode humør og stor gjestfridom. Vi fekk sjå at det stemte!

Vi spurte nokon om vi kunne få vera der og oppleva litt av deira liv. Det kunne vi, så lenge vi orka å sove på ei stutt seng av

Kakaoslang med Nena og Carlo :)
Kakaoslang med Nena og Carlo 🙂

bambuslaminat, utan vatn eller toalett. Sjefen, Jose Aguavil, spurte om vi ville prøva Ayahuasca, eit hallisunogen som er mykje brukt i områda rundt Amasonas, frå ei slyngplante. Den lukta, såg ut som og smakte som selje, i tilfelle nokon vil prøve heime…

Ein nydeleg hekkblome
Ein nydeleg hekkblome

Vi sa ja, og han lova å ta godt vare på oss. Vi fekk beskjed om å ikkje ete noko resten av dagen. Eg er alltid svolten, så dette vart ei kjempeutfordring! Men vi klarte det, ved å slappa heilt av, snakka mykje med familien til Jose, henta ved, hugga ayahuasca og koka det i to timar. Først skulle vi reinsast for alt dumt, nede i eit hellig rom hugga ut i leire.

Sånn ser blomen på bommulsplanten ut
Sånn ser blomen på bommulsplanten ut

Han starta med røyking og skvetting av ulike vatn på altersteinane. Jesus og Maria stod og såg på oss; synkretismen lenge leve! Eg trur det er best å ikkje skrive så mykje om kva som skjedde etter dette, for det er ganske privat. Men spennande var det, og alt gjekk bra!

Anita lagar ei krone av bommull til Jose, eit teikn på respekt og myndighet
Anita lagar ei krone av bommull til Jose, eit teikn på respekt og myndighet

Elles var vi berre der, leika med ungane, gjekk på slang etter kakao, appelsiner, mandariner og pasjonsfrukt. Åt grøne bananer og yuca frå hagen, fortalte om Noreg og korleis det var å fly. Vi fekk reisa og bada i ei deilig, rein elv og gjekk litt rundtom i bondelandet.

Ein stilig plante
Ein stilig plante

Neste natt vart vi spurt om vi ville sova heima hjå dei, og ei sånn ”backstage”-oppleving seier ein ikkje nei til! Det var mykje her som kan samanliknast med turismen samane driv i Noreg, både korleis ein går frå framside til bakside, korleis ein kler seg, korleis ein brukar språket sitt og korleis dei tenkjer om seg sjølv og storsamfunnet.

Nok om det, bileta får seie resten! Spør gjerne om kontaktinformasjon om du vil til desse folka, eg framsnakkar dei gjerne!

 

Vi fekk god kvelds heime hjå Anita og Jose
Vi fekk god kvelds heime hjå Anita og Jose
Og her sov vi supergodt! Trass knallheftig regnvær og predikantar tidleg om morgonen.
Og her sov vi supergodt! Trass knallheftig regnvær og predikantar tidleg om morgonen.

 

Alle ting er i balanse
Alle ting er i balanse
CrazyCatWoman lærar å laga armband av San Pedro-frø
CrazyCatWoman lærar å laga armband av San Pedro-frø
Anita plantar i hagen. Ikkej forstår eg at denne harde sandjorda kan vera så fruktbar, men her veks ting alle stadar!
Anita plantar i hagen. Ikkej forstår eg at denne harde sandjorda kan vera så fruktbar, men her veks ting alle stadar!
Vi får ikkje hjelpa til med maten. Uansett kor mykje vi spør.
Vi får ikkje hjelpa til med maten. Uansett kor mykje vi spør.
Ungane hentar vatn til oss, så vi får vaska hendene før middag.
Ungane hentar vatn til oss, så vi får vaska hendene før middag.
Elv med innlagt dusj og varme steinar til å laga basseng på :)
Deilig rein elv, innlagt dusjefoss og varme steinar

 

 

)

Store forventingar til Ayahuascasnus. Innfridde ikkje.
Store forventingar til Ayahuascasnus. Innfridde ikkje.
Vi må mose Ayauaskaen før vi kan koke den
Vi må mose Ayauaskaen før vi kan koke den
Jose skal laga benkar av desse balsastokkane. Men ikkje på ein søndag
Jose skal laga benkar av desse balsastokkane. Men ikkje på ein søndag
Anita syns det var så trist at mange dyr berre vert kasta vekk, så hjå dei er det seks hundar og to kattar frå gata. I tillegg har dei ei skjelpadde og masse giganthøns.
Anita syns det var så trist at mange dyr berre vert kasta vekk, så hjå dei er det seks hundar og to kattar frå gata. I tillegg har dei ei skjelpadde og masse giganthøns.

Luksus i Pedernales

På eit bittelite museum som er verdt eit besøk!
På eit bittelite museum som er verdt eit besøk! Alt dette er eldgamle signaturstempel… Ah, vil ha!!!

Pedernales får ingen omtale i Lonely Planet. Det syns vi den skulle hatt! Her var det god gatemat, gratis danseshow på torget, konsert og eit yrande natteliv på stranda. Rett ved bussterminalen sov vi på eit hotell der vi for 120kr fekk aircondition, flatskjerm/kleshengar, eige bad, varmtvatn og veranda. Vi likte oss mye!

Eg unnar meg litt pedikyr til 40 kroner.
Eg unnar meg litt pedikyr til 40 kroner.
Han lærar seg ta-på-skjerm....
Han lærar seg ta-på-skjerm….

 

Vi skal til ANDENES!
Vi skal til ANDENES!

 

Frukost på gata er aldri kjedeleg!
Frukost på gata er aldri kjedeleg! Ei gås kostar 20kr, om du lurte.

Vegen blir til mens du bussar

Pimp that bus and nose!
Pimp that bus and nose!

No har vi reist med overraskande behaglege bussar til kysten.

Prisen er omlag 8kr for ein time. Greit det.

Besten instruerar Birk i kokosnøttkunsten. Denne kaféen var overmåte bra, både mat og folka og hjelpa!
Besten instruerar Birk i kokosnøttkunsten. Denne kaféen var overmåte bra, både mat og folka og hjelpa!

Øya Muisne endte vi opp på, og for ein stad! Utslitt, vérbitt, roleg og snill. Rekebasseng og mangroveskog i skjønn disharmoni, dramatisk hav og skiftande himmel. Vi snorkla etter stilige fiskar, såg fuglar med blåe bein og fekk juling i bølgene. Men tøffast av alt var å sjå kvalane! Det er utruleg at kapteinen klarte å finna dei på det store stillehavet….

Må berre plukke på termittua....
Må berre plukke på termittua….
Bøttevask...
Bøttevask…
Vi ventar på Luis som skal ta oss med på båttur
Vi ventar på Luis som skal ta oss med på båttur
Kvalutflukt, habil båtførar, snorkling, mangroveklatring, fisking, deilig dag!!!
Kvalutflukt, habil båtførar, snorkling, mangroveklatring, fisking, deilig dag!!!
Vi vart sitjande med denne gamle, sletne mjelkebonden i ein time og prata politikk og økonomi, samt livet generelt..
Vi vart sitjande med denne gamle, sletne mjelkebonden i ein time og prata politikk og økonomi, samt livet generelt..

 

Det er den draumen

Kor mykje kostar eit år? Kva skal ein måle det i? Pengar, lønningar, arbeid, relasjonar, møter, smil, sjølvtillit, draumar eller tårer?

No startar eit nytt eventyr, som ikkje skal målast i anna enn minner og tid. Kanskje kjem eg til å skrive litt her til dåke som er glade i meg, til dåke som treng eit spark bak for å komma i gang med eigne turar eller berre deg som tilfeldigvis klikkar forbi. Audmjukt seier eg takk til deg som følgjer!

Eg har no permisjon frå Molde Folkehøgskole, har vore på Nordgardsetra og gjort meg feit, vaksinert skrotten for det meste ulumskt som finns og er klar for Sør-Amerika, regnskogen og Amasonas!

DSC_0483[1]
Eg sov ikkje bort Gardermoen-natta
Planen er genial i sin komplekse enkelhet:

  • Fly Bergen til Quito I Ecuador
  • Byggje ein flåte til fem personar
  • Sjå kor langt vi kjem
  • Fly heim frå Rio de Janiero, Brasil

Forhåpentligvis. Vi har i teorien teke høgde for malariamedisinpsykose, bryllupsreiseforventningar, varierande risikopersepsjon og kulinariske behov. Vi kjenner ikkje kvarandre alle saman frå før av, så dette vert spennande, utfordrande, irriterande, klaustrofobisk, morsomt og lærerikt! Skulle alt gå skeis har eg for min del testamentet ferdigskrive, samt passordoversikt og ønskelista til julenissen klart heime. Så få vi sjå då, korleis alt går til sist : ) Eg er klar for kva det skulle vere!

Regel nummer 3: Hold lav profil. Korleis skal eg klara det, når eg er som eg er, og Birk er sjølvaste definisjonen på norsk turist!?
Regel nummer 3: Hold lav profil. Korleis skal eg klara det, når eg er som eg er, og Birk er sjølvaste definisjonen på norsk turist!?
Denne skulle eg gjerne hatt ei historie til...
Denne skulle eg gjerne hatt ei historie til…

På flyet over Atlanterhavet var situasjonen denne: Eg og reisekammerat Håkon Birk har planlagt neste veke ilag på 10 minutt, kvifor gjere det meir komplisert? Mamma har skrive song til meg på «Vesle Daniel»-melodien, Malin har skrive eit legendarisk, pasjonert flybrev og beina mine er ein stad mellom elefant og vissen peppermynte. «Pura
vida!» ville dei sagt i Costa Rica, kva vil vi læra oss å seie her?

DSC_0494[3]
Obligatorisk «Vi er framme»-bilete på Quitos tak
Så kom vi fram, og tru det eller ei: På heile reisa har det ikkje skjedd noko kluss! Alle papir, flygningar og magar er i orden. Det er noko å skrive heim om.

Vi ordna oss inn på koselege, reine og vennlege Hostal Secret Garden, og sjekka inn på sovesal. 100kr natta. Deilig å vera i gang igjen! Så tok vi byen fatt, åt, prata, handla og såg på ting. Quito er ein ryddig og strukturert by, så vidt eg opplever det til no. Har sett nokre horer og mange fulle, eldre menn, men ellers er det overraskande flott her!

DSC_0491[1]
Magane og vegane overraskar!
Det er godt å reisa denne gangen, for eg gledar meg til å komma heimatt på ein ny måte for meg. Gløggen er allereie bestilt og juleverkstadsinvitasjonane forventar eg vil tårna seg opp i postkassen.

Hald deg innstilt

(stay tuned)

DSC_0478[1]

Norsk. Norwegian. Noruega. Takksam.

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.