Gokart og Atlanterhavsparken!

Alltid kjekt med ferge! Molde-Vestnes
Alltid kjekt med ferge! Molde-Vestnes

Nydeleg vèr, to flotte friluftslivsklassar, velfungerande minibuss, fartsfyllt gokartkøyring, interaktivt akvarium, overspising på pizzabuffet….

– altså ein flott dag på jobben!

Kan verkeleg anbefale både Ålesund Gokartutleige og Atlanterhavsparken:

http://www.atlanterhavsparken.no/

http://www.gokartutleie.no/

Endeleg kom snøen!

Utsikt ut Skorgedalen
Utsikt ut Skorgedalen

Etter tidenes tørraste og raraste vinter vart det plutseleg total julestemning på tunet. Vi vakna til laussnø på omlag 30 cm, og onsdag satt vi avgarde til Skorgedalen. Målet var Smørbottfjellet på 1188m.o.h. Det var varsla snøskredfaregrad 3 i Romsdalen, og det er noko ein skal ha respekt for. Nettopp difor valgte vi dette fjellet, då vi visste at det var ganske lite gamal snø der, at det brattaste partiet var mogeleg å gå på avblåst rygg, at det ikkje nokon stad er brattare enn 28grader og at himmelretninga var den vi veit det har lagt seg minst snø i (lo side).

Hiluxus!
Hiluxus!

Turen starta bra, vi kom oss i «Lynet» og fòr innover fjorden. Då vi skulle opp skogsvegen, innsåg vi fort at vi måtte gi tapt. Dermed var det på med kjettingar, noko som alltid er like stas. Lærerikt i alle fall… Heldigvis var det ein grunneigar i området som skulle opp med bilen sin. Hiace har ingenting å stilla opp med overfor Hilux! Frimodige som vi er, spurte vi om haik. Det fekk vi, og Oda og Elisabeth vart fint innpakka i ski, stavar, spadar, sekkar og all verdens ræl baki, mens Johan og Pål fekk brisken i førarhuset. Ubeskriveleg!

Vi satt avgarde, og litt oppe i skogsida tok vi oss lunsj i store, herlege mengdar laussnø. Etterpå grov vi litt for å forstå snøen betre, sjekka lagdelingar og gjere oss opp ei meining om vi var eininge med varselet. Vi fann interessante svake lag (sannsynlegvis hagl), ulikt omgjort nysnø og fann ut via spadeprøve at varselet nok stemte. Vidare oppover sjekka vi snøen nokre gonger til. All etterforskinga er sjølvsagt mest på grunn av læringa, jamfør vurderingane gjort over. Då vi nådde toppen var det litt steinete, men det gjekk fint. Nedfarten var legendarisk! Som å danse på skyer!!!

Bilete av Oda Haagensen og Elisabeth Eide

Finnmarksfilm!

Elisabeth i klassen har laga ein film av noko av det vi gjorde i Finnmark. Her er mellom anna Northern Lights Husky og flinke vegleiaren Eirill, snøskuterkøyring, besøk på Sametinget og hjå Strømeng Samekniv. I tillegg var vi i Finland, på feiring av Samisk Nasjonaldag og slakta rein… Les tidlegare innlegg for meir info 🙂

 

 

Rafting i Jarabacoa!

I dag har eg rafta i tidenes mest rotete og skitne elv, men du hendelse, kor gøy det var! To

Rafting!
på Rancho Biguate i jarabacoa

og ein halv time tok ferda, og dei verste (beste?) stryka var grad 5! Det er fordi det har vore regntid her ei stund no, og då er elva på sitt beste. Guidane var lekne og gode, og takla alle utfordringar greitt nok. Eg var ganske skeptisk i starten, fordi eg kom i ein båt med fira veldig ukompetente og utrente personar. To av dei snakka verken spansk eller engelsk, så guiden hadde det nok ikkje så greitt. Eg hjalp til så godt eg kunne, og fiska opp russarar etter kvart som dei datt uti J

Utgangspunktet for turen, samt frukost og lunsj, var på Rancho Biguate. Dei driv med alt frå klatring til overnatting, så det er nok ein stad eg kjem til å bruka neste år! Stille og rolig, jordbærgardar rundt på alle kantar, samt massevis av mulighetar for spel og avslapping.

Etter rafting og lunsj vart eg praia (eller praia eg?) av ein av rafteguidane. Han hadde hørt at eg trengte tre viktige ting: minibank, billig overnattingsplass og ein tur til den flottaste fossen i byen. Så dermed fòr vi ned og opp den gjørmete gardsvegen med mine to ryggsekkar på hans litle moped til vi kom til det første hotellet i byen. Turen til fossen, Salto Jimenoa nr Uno, var fin, men på grunn av mykje regn i det siste var den skiten og kulpen alt for stri til å bada. Grei unnskyldning å ha, for vatnet var faktisk iskaldt! Fossen var på 600moh, så det var kanskje ikkje så rart.

Kvelden har eg brukt på å vaska klede for hand og nytt noko eg ikkje har hatt på lenge: Ein dusj og varmt vatn! Så var det ut og eta kinamat og spela 9 rundar med biljard. Flott måte å bruka ein kveld på i ein rolig og nydelig fjellby!

http://ranchobaiguate.com/

MountainBiking!

bad og vask etter ein våt, glatt og skitten tur i fjellene :)
Bading etter syklinga på Blue Moon restaurant. Nydelig indisk mat her! Og ein fin pus…

I dag har eg prøvd ut ein aktivitet vi kan ha på turen vår neste år: Mountain Biking! Det heile var litt mindre ekstremt enn eg hadde håpa på, men det var på grunn av vèret. Vi kunne ikkje kryssa elva dei to plassane vi mEin liten pause i bakken med info om frukt og folkåtte det, fordi det har regna hundar og kattar her dei siste dagane. Men maten var supergod! Vi stoppa på ein lokal liten butikk og fekk lokalprodusert honning, kokosnøtt og ananas, og avslutta dagen med basseng (totalt unødvendig, sidan vi var klissvåte J ) og indisk-inspirert mat på ein liten topp med nydelig utsikt over alle regnbygene og kaffibuskene.

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.