Rafting i Jarabacoa!

I dag har eg rafta i tidenes mest rotete og skitne elv, men du hendelse, kor gøy det var! To

Rafting!
på Rancho Biguate i jarabacoa

og ein halv time tok ferda, og dei verste (beste?) stryka var grad 5! Det er fordi det har vore regntid her ei stund no, og då er elva på sitt beste. Guidane var lekne og gode, og takla alle utfordringar greitt nok. Eg var ganske skeptisk i starten, fordi eg kom i ein båt med fira veldig ukompetente og utrente personar. To av dei snakka verken spansk eller engelsk, så guiden hadde det nok ikkje så greitt. Eg hjalp til så godt eg kunne, og fiska opp russarar etter kvart som dei datt uti J

Utgangspunktet for turen, samt frukost og lunsj, var på Rancho Biguate. Dei driv med alt frå klatring til overnatting, så det er nok ein stad eg kjem til å bruka neste år! Stille og rolig, jordbærgardar rundt på alle kantar, samt massevis av mulighetar for spel og avslapping.

Etter rafting og lunsj vart eg praia (eller praia eg?) av ein av rafteguidane. Han hadde hørt at eg trengte tre viktige ting: minibank, billig overnattingsplass og ein tur til den flottaste fossen i byen. Så dermed fòr vi ned og opp den gjørmete gardsvegen med mine to ryggsekkar på hans litle moped til vi kom til det første hotellet i byen. Turen til fossen, Salto Jimenoa nr Uno, var fin, men på grunn av mykje regn i det siste var den skiten og kulpen alt for stri til å bada. Grei unnskyldning å ha, for vatnet var faktisk iskaldt! Fossen var på 600moh, så det var kanskje ikkje så rart.

Kvelden har eg brukt på å vaska klede for hand og nytt noko eg ikkje har hatt på lenge: Ein dusj og varmt vatn! Så var det ut og eta kinamat og spela 9 rundar med biljard. Flott måte å bruka ein kveld på i ein rolig og nydelig fjellby!

http://ranchobaiguate.com/

Isla Paraiso

Mellom Puerto Plata og Monte Cristi ligg ei nesten veglaus grend der ein kan reise til Paradisøya. Denne består av om lag 50 kvadratmeter sand, fira bananpalmebodar og ingenting meir enn dei folkene som eventuelt har komt ut dit. Målet for dagen var å nyta sol, korallar, fisk og mat. Det klarte eg så absolutt, saman med ei frå Cabarete som heite Jessica. Turen dit var utrulig lang, og av 11 timar vekke, var  8 bumpete busstur… Sånn sett vart eg usikker på om det er verdt strevet, men snorklinga på revet var nydelig! Eg såg trompetfisk og papegøyefisk, mellom anna.

Her er ein link til turoperatøren eg brukte:

http://www.colonialtours.com.do/cayo_arena_puerto_plata.htm

MountainBiking!

bad og vask etter ein våt, glatt og skitten tur i fjellene :)
Bading etter syklinga på Blue Moon restaurant. Nydelig indisk mat her! Og ein fin pus…

I dag har eg prøvd ut ein aktivitet vi kan ha på turen vår neste år: Mountain Biking! Det heile var litt mindre ekstremt enn eg hadde håpa på, men det var på grunn av vèret. Vi kunne ikkje kryssa elva dei to plassane vi mEin liten pause i bakken med info om frukt og folkåtte det, fordi det har regna hundar og kattar her dei siste dagane. Men maten var supergod! Vi stoppa på ein lokal liten butikk og fekk lokalprodusert honning, kokosnøtt og ananas, og avslutta dagen med basseng (totalt unødvendig, sidan vi var klissvåte J ) og indisk-inspirert mat på ein liten topp med nydelig utsikt over alle regnbygene og kaffibuskene.

Fisketur i øs pøs og herlig solskinn!

Fleire gangar no har eg vore med Papon og dyrka hans fiskeglede. Eg veit ikkje om det er viktigare enn baseball, men det er i alle fall kjempekjekt for meg å vera med! Han kan masse om dei ulike fiskesortane og krepsedyra som vi kan finna i Cabarete, der dei fattige bur og vi skal bu med klassen min neste år. I dag fanga ein av menna ein ål-liknande fisk på over ein meter! På stranda har han utstyr som er fascinerande enkelt, men effektivt. Når det først er kasta ut i bølgene, er det berre å planta gøtten i sanden med litt rekved og passa på til ein ser at det nappar. Eg sovna på stranda mens eg «passa på» alle snørene våre, fordi det var så herlig vèr og søvndyssande bølger. Dèt kallar eg kontemplativt friluftsliv og matauk 

De nære ting

I dag har eg gjort det eg har drømt om lenge: Besøkt favorittfamilien min i fjellet ved Cabarete. Men ikkje nok med det, eg har møtt så utrulig mange av dei andre naboane og familiane som huskar meg godt frå fira og fem år tilbake. Eg er så takknemlig! Ungane tok meg med for å bada i ei hule med kjeldevatn og viste meg massevis av interessante plantar og fruktar undervegs. Mor i huset, Chan, hadde laga fritert banan til oss då vi kom tilbake, og det smakte! Kan det stemma at det er fira år sidan sist?! Vi plukka appelsiner og avokado, og spelte enkle spel, akkurat sånn eg elska dagane her før!

Det virkar som om heile fjellfolket er klare for å få besøk av klassen min neste år, og det er fabelaktig! Dei har allereie diskutert kor mange elevar som får plass hjå kven, og rekna ut kor mange hestar vi kan oppdriva til ridetur. Den store hola med kjeldevatn er open om vi betalar litt, så no er snart heile den dagen ferdig planlagt! Efraim, far til fira nydelege ungar, lovar å ta oss med på omvisning på husmannsplassen sin, der han dyrkar appelsiner, mango, avokado, ananas, guanabana, guava, sukker og yuca. Folka her er så rike på så mange ting vi ikkje har… Dei har ikkje mykje materielt, men naturressursane er gode til sjølvberging og familien er alltid nær- Spedbarn vert passa av større søsken og det finns alltid ei tante å gå til. Kvinnesynet og trufastheten begge vegar er det nok så som så med, samt arbeidsmoral og familieetikk hjå mange menn, men i det store og heile fungerar samfunnet godt.

Eg avslutta dagen på stranda i dag, med mi nye venninne Jessica. Håpar å få ha ho med meg vidare i livet. Ho har lært meg mykje om det å vera fattig, men rik. Hennas to ungar er supersmarte og den elste vil gjerne bli doktor. Eg ber om at dei blir velsigna med ei like god framtid som hjertene deira!

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.