Laguna de Apoyo

No  er vi i Apoyo-lagunen, Nicaraguas største kraterinnsjø. Vi var kjempeheldige å få hjelp av Rigo til å finne eit flott hostell her, http://hostelparadiso.com/, der vi søv på sovesal med ein annan person. Krateret er stille og fredeleg, bølgeskvulp, snille kattar, flaggermus og hengekøyer.

Vårt rom, med nydeleg utsikt over sjøen
Vårt rom, med nydeleg utsikt over sjøen

Maten var nydeleg! Nicaragua er latterleg billeg når det gjeld mat! I dag, til dømes, spanderte eg middag på våre to gode hjelparar, og full middag og to brus til kvar av oss kom på 135 kr, inkludert tips!

Den tradisjonelle maten her heiter Gallo Pinto, og er bønner og ris saman. Til dette har ein som regel noko kjøt eller egg, dersom ein ikkje er veldig fattig. Men alle stadane vi har vore har det i tillegg til dette vore flust av varierte valg på restaurantane, til dømes eit halvt kilo hummer med tilbehør til berre 70kr.

NYDELIG frukost med pannekaker, frukt, bacon, smoothie og sirup, for ca 25kr...
NYDELIG frukost med pannekaker, frukt, bacon, smoothie og sirup, for ca 25kr…

Vi har køyrt mykje i Rigo sin bil i det siste, og der humpar ein av garde på benkar av skai. Men det er sosialt og vi har mykje bra musikk, sidan alle høyrer på sin eigen musikk og dei i framsetet durar på med gamle og nye slagere frå eit breitt internasjonalt spekter.

Fine Sigrid med rap på øret og humøret på topp!
Fine Sigrid med rap på øret og humøret på topp!

 

Vi skal skrive meir, no som vi har internett i ein dag til… og, ja, vi har MASSE å fortelje!

Julie 🙂

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.