Miljøkriminalitet

Vi har vore med på ein interessant tur med Rigo og Antonio i nasjonalparken Isla Juan Venado. Vi køyrde med båt, hadde med kajakkar  og frukt. Kunnskapen til gaidane var veldig interessant! Dei er båe veldig brennande interesserte i miljøvern, og let seg ikkje be to gongar for å fortelje oss om det som skjer.

SuperJohan utfordrar tygdekraften!
SuperJohan utfordrar tygdekraften!

Det første Rigo peikar på, er store gravemaskiner som driv på inne på stranda i Las Penitas, med å flytte sand og grave ut grøfter. Så vidt eg forstod skulle det brukes til rekeproduksjon, og var totalt ulovleg. Dei hadde fått nei, men har betalt seg fram til riktige papir…

Uloveleg arbeid, dei lokale fiskarane fortvilar
Uloveleg arbeid, dei lokale fiskarane fortvilar
Nydeleg dag til å utforske mangroveskogen
Nydeleg dag til å utforske mangroveskogen

Det andre vi ser er menn som kjem ut frå mangroveskogen med båtar fulle av treverk. Det er ulovleg å høgge ved i nasjonalparken, og mangroveskogen er livsviktig for mange system i havet, då mellom anna reker, krabbar og småfiskar bur der, samt andre ting nederst på næringskjeda.

Vi plantar over hundre mangrovetrer!
Vi plantar over hundre mangrovetrer!

Så padlar vi innover ein stad så grunn at båten ikkje kan komme inn, og i ein nydeleg lagune går det eit sperregarn tvers over alt. I det ligg det masse daud fisk, og det luktar forferdeleg… Fiske på denne måten er ikkje lov inne i skogen.

Vi besøkar ein klekkingsplass for skjelpadder. Det er heilt magisk å sjå på dei små skapningane kjempa seg ut i bølgjene! For desse er det i alle fall litt meir håp enn for dei som vert funne av mennesker, og solgt for 1dollar egget på marknaden…

Menneskebabyar kan berre gå og legge seg...
Menneskebabyar kan berre gå og legge seg…

I båten att møtar vi ein gjeng unge menn på veg innover i mangroveskogen. Antonio fortel at dei skal inn for å jakte krokodillar. Vi såg ein liten krokodille då vi var inne ved lagunen, og Rigo fortalte at det er veeeldig sjeldan han ser krokodiller der lenger.

Vi var superheldige og fekk sjå krokodille!
Vi var superheldige og fekk sjå krokodille!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.