Aleinetid

Gjengen delte seg i tre grupper, og alle hadde planlagt meir eller mindre kvar dei skulle reise, korleis og kvar dei ville bu og ikkje minst korleis dei skulle komma seg dit.

Så, kva skulle læraren gjere?!

Manikyr!
Manikyr!

Eg tok meg først ein runde i Granada, fekk pedikyr for første gang på 27 år og kjøpte bikini på bruktbutikk for ti kroner. Deretter køyrde eg med ein gamal mann i ein 25 år gamal bil i to timar for å komme til San Juan del Sur, eit chill ferieparadis for surfarar, loffarar og dei som treng billige spansktimar og yogatimar.

 

Eg fann meg eit billig hostell der dei var i total oppussingsmodus i tillegg til å vere rett ved barneskulen, hendelse til støy! Så eg skifta dagen etter, til eit hotell i sentrum der dei hadde dårleg frukost, bråkete naboar, dårleg belysning og plastikkunderlag i sengene – MEN godt internett, nydelege folk og fantastisk kaffi- så då var dei innafor likevel 🙂

Nydelege fargar...
Nydelege fargar…

Så var det av garde på stranda. Klarte å halde ut ein time. KJEDELIG!

Så eg gjekk heller til ansiktsbehandling. Det er jo latterlig billig! Men det skulle visa seg å vera alt anna enn bra… Damo smurte meg inn med krem fem gangar, masserte med nesten umerkelige bevegelsar og holdt forsyne meg på i ein time og eit kvarter! Det einaste eg verkeleg trengte; skikkelig rens og peel, fekk eg ikkje. SKUFFA.

Ansiktsbehandling. Ikkje suksess.
Ansiktsbehandling. Ikkje suksess.

Åt hummer til middag! Full middag med to drikker og tre hummarhalar, 100kr versågod. Dagen etter gjentok eg suksessen 🙂

Morgondagen kom, med typisk nica-frukost av egg, bønner, ris og kaffi. Veldig grei måte å starta dagen på, faktisk! Varar lenge. Eg gjekk på yogatime og besøkte Jesus-statuen, der eg tok dagens push-ups og tenkte litt over livet Det er kjekt å vera aleine etter  3 veker saman med klassen, men eg var litt einsam og kjenner at dei gir meg energi- så det var godt å snakkas att!!

Solnedgangar er perfekte for filosofering...
Solnedgangar er perfekte for filosofering…

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.