På Karibiens tak!

Pico Duarte!

Kvifor ikkje stå opp klokka 02.30 for å køyre til midten av landet, der ein time er på vegar som får  norske vegklagarar til å holde godt munn? No problemas!Herlig å kunne hente vatn Takknemlige for hjelp! Pushups i hytta :) Everyday adventure :)

Vi gav sekkane våre til nokre barske hestekarar og dyra deira, og starta på den lange ferda klokka 07.00. Etter to mil og to tusen høgdemeter i varmen kom vi til hytta vi skulle bu i. Gaidane laga middag til oss og bål, så vi hadde det supert til vi la oss på tregolvet i den eine hytta klokka 20.00 på kvelden, totalt utslitte. Så var det opp og stå klokka 03.30 og drikka varm sjokolademelk til frukost, for å nå sjølve toppen klokka 06.30 til soloppgang. Vi gjekk i nydeleg stjerneklar himmel og nådde toppen med fantastisk utsikt! Då vi var ferdig med litt karbohydratar og bilder var vi blitt så kalde at vi måtte nedatt, for vinden og temperaturen så høgt er ikkje til å spøka med.IMG_0226 Toppen 3087m.o.h.

Kaldt kl 0700...Vi kom ned til starten klokka 1600, og då hadde vi totalt gått i 22 av 36 timar desse dagane. Snakk om sprek gjeng! Og spreke gaidar og dyr som kunne hjelpa dei som trengte det innimellom. Vi avslutta dagen med å ete hjå sjefshelten, Ramon, i huset hans.

Takk for ein nydeleg og tøff tur!Helten og hans disiplar! Middag etter turen

Santo Domingo

Nydelig frokost!
Nydelig frokost!

Akkurat som Colombus, fann vi òg fram til hovudstaden i den Dominikanske Republikk. Vi stod opp til nydeleg frukost med ost, salami, deilig appelsinjus og mangosyltetøy. For ikkje å snakka om å endeleg drikka dominikansk kaffi! Etter frukost gjekk vi ein tur i byen, gjennom hovudgata som er frå 1500-talet. Pengeuttak, å sjå på folk, bli tilbydd alt frå dop til guiding og duemating var noko av det vi opplevde på vegen mot festningane. Mange kontrastar frå våre liv dukkar opp, til dømes når ein ser handikappa og eldre sitje å tigge, eller tynne, heimlause dyr…

Duenes mann Martin!

 

Vi vart shanghaia av ein mann som vart kalla Guagua. Det betyr eigentleg buss, og vi forstod først etterpå at vi var hans pasasjerar! Han tok oss med på museum, kyrkjer, sjokoladebutikk, tobakkbutikk, smykkebutikk og masse meir i over to timar. Og det heile kosta 12kr.

Høg sigarfaktor!

På kvelden gjekk vi i over ein halv time for å komma til kinoen, og såg SankyPanky2, som handlar om korleis dominikanarane prøvar å finne seg dame for å få reise til rike land. Ein støyande komedie, masse høg musikk og vi forstod lite, men når det heile kosta 21kr. For alle ni billettane!!!

På kino i Santo Domingo

 

Happy go lucky gjengen
Happy go lucky-gjengen

… men bloggen var ikkje død!

 

Og så  var det altså blitt verkeleg: Friluftsliv/Backpacking lever i beste velgåande skuleåret 2013/14!

Klassen består av fem jenter og tre gutar, som til saman utgjer ein spennande miks av dialektar, kunnskapar og kreativ energi. Dei er engasjerte og opptatte av å lære. I skulekvardagen utmerkar dei seg ofte med stor deltaking og makalaus kvalitet på morgonsamling og elevkveld!

Nok skryt no: Over til det dagsaktuelle:

Vi er på tur! I fire veker skal vi reise rundt med ryggsekk i Den Dominikanske Republikk, Nicaragua og Costa Rica. Flybillettane er i boks og timeplanen er både ambisiøs, laus og fast i fisken.
I skrivande stund sit eg som lærar på siste flyet for dagen, og kan endeleg puste skikkeleg. Eg tenkjer helst ikkje på kor lang tid vi har vore på reise, eller at eg og to andre sov på steingolvet på Gardermoen sist natt, eller at beina verker etter all stillesittinga: Eg er rett og slett takksam og letta for at vi rakk siste flyet! For å gjere ei hektisk historie kort: Då vi gjekk inn i flyet i Miami rakk vi ikkje sette oss ein gong før det var ready for take off!

I dag gjennstår det berre å komma seg ut av blikkboksen att, finna bagasjen, pruta drosje og innlosjera oss på eit sjarmerande og billeg hostel i den gamle, koloniale delen av Santo Domingo. I morgon skal vi akklimatisera oss, vandra i historia, ete ny mat, praktisere spansk, sikkert bli svette og fulle av inntrykk, ete is, gå på ufseleg billeg kino og nyte byen!

Framme i Zona Colonial
Framme i Zona Colonial
css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.