Til Amazonas!

Fine augestikkaren i havna i Puerto Maldonado
Fine augestikkaren i havna i Puerto Maldonado

Å køyre i Lima by er noko herk. Byen har ingen effektiv infrastruktur, og alt tar lang tid. Men vi kom oss til flyplassen etter kvart, og flaug via Cusco til Puerto Maldonado i Amasonas. Der vart vi møtt av kjekke gaidar som skulle ta oss med til plassen vi skulle bu. På grunn av ein omfattande og komplisert streik i området, fekk vi ikkje køyra aleine til hamna, så politiet eskorterte oss. Streiken er på grunn av ein salig blanding av oljeinteresser, ulovleg og lovleg gullutvinning, naturreservat og doptraffikk. Vi vart plasserte i lange elvebåtar og vinden blåste friskt imot heilt til vi var framme. Det som møtte oss var ein stad eg har vanskeleg for å gi eit enkelt namn… Her var utallige papegøyar, tucan, tamme gigantrotter, ekorn, badebaseng, frukttrær,kaffiplantar, bar og fransk mat. Vi fekk eigne, store bungalowar å sove i, med gassoppvarma vatn i dusjen. Lyset var på kun ti timar om dagen og vi hadde ein stikkontakt, men det gjorde ingenting. Første dag gjekk vi ein tur på om lag ein og einhalv time, der gaidane fortalte oss om plantar og insekt i skogen. Lærte masse nytt! No veit eg kva tre eg må banka på om eg vil ha hjelp, eller kva tre eg ikkje bør legga meg inntil…. Vi avslutta med bad i lunka basseng før middag. Herleg!

Superkoselig med besøk på terrassen av Lola og ein Tucan
Superkoselig med besøk på terrassen av Lola og ein Tucan

Neste dag var det av garde tiiiidleg til ein sandbanke i elva der vi skulle vente til store flokkar med papegøyar kanskje kom for å eta. Dei kom og var stilige å sjå på! Minerala i sanden var det dei åt på. Mesteparten av tida vart det berre å sitte heilt i ro, ganske meditativt, eigentleg… Tilbake åt vi frukost klokka. Maten var generelt veldig god, men fransk, så det var litt skuff. Vi la på nytt frå land  i båt, og skulle til ei øy med apekattar på. Det var ein stilig opplevelse! Alfahann og alfaho tok mykje plass, og fekk flest bananer. Herr Nilson kom òg på tiggebesøk. Deretter reiste vi vidare til ein innsjø der vi skulle ete lunsj. Gaidane fortalte heile tida, og vi såg utallige sommerfuglar, insekt, plantar, fuglar og apekattar. Dei padla oss ut til ein lokal familie som hadde eit stort og fancy kompleks der vi åt lokal lunsj, servert i palmeblad. Det var litt rart å ha brukt to timar inn i jungelen, ikkje sett anna enn trebåtar som var menneskeskapt, og så komma til denne luksusen, når det ikkje var noko anna å sjå rundt oss! Vi måtte gå totalt 8km denne dagen, og det merka ein på skrotten….

Neste dag mått vi på nytt med politieskorte til flyplassen. Altfor tidleg kom vi dit, så vi nytta høve til å få solt oss litt. Trur sånn sett flyplassen i Puerto Maldonado er det kjekkaste flyplassen eg har vore på! Og mangojusen var himmelsk…

Pachacutec og Ungdomshuset

 

Begge desse jentene fortalte oss at dei er utruleg takksame for å ha  ungdomshuset, få gode venner og læra nye ting.
Begge desse jentene fortalte oss at dei er utruleg takksame for å ha ungdomshuset, få gode venner og læra nye ting.

Henriette og Jose har arbeida for eit unikt prosjekt i ein av dei fattigaste og nyaste bydelane i Lima. Den heiter Pachacutec, som er namnet til ein viktig Inka. Her fungerar det sånn at fattige, gjerne frå amazonas eller fjellene, slår seg ned ved å avgrensa eigendommar med stein eller anna. Deretter bur og byggar dei etter kvart som dei får midlar til å gjere det. Sånn veks byen fram, i tørr og fjellete ørken. Vi ser ein veldig stor utvikling her på berre fire år. No har dei ein del asfalterte vegar og handelsstrøka startar å ta fin form. Folk er kreative i å finne arbeid, og arbeidssomme, så det er faktisk ganske imponerande kva dei får til. Jose estimerar at ein familie på fem personar har for om lag 10kroner å ete for kvar dag. For å få dette til å gå rundt, har mange familiar organisert seg med felles kjøkken, der ein rullerar på kven som kokar. Samstundes er det ganske sosialt, og kan erstatte litt av det livet dei kanskje kjente frå  livet dei hadde før. Mange er flinke å dyrke ulike urter og frukt i sanden, og derfor ser det etter kvart meir om meir leveleg og triveleg ut i bydelen.

Ungdomshuset var eit prosjekt strømmestiftelsen støtta, men som dei no har slutta å gi pengar og ressursar. Dette er på mange måtar Jose sitt livsverk, han er ein stor idealist, og brukar framleis tid med ungdommane. Han har lært dei mykje, og dei har sommarkurs i ulike ting: Engelsk, sjonglering, dans og sikkert meir eg ikkje veit. Det viktige er å gi dei ein positiv stad å vere. Mange lir under vald heime, narkotika er eit stort problem, og sist men ikkje minst, den store fattigdommen. Ingen får vera i ungdomshuset dersom dei ikkje prøvar å stå på eksamenane på skulen. Nokon har faktisk fått seg plass på universitetet, og det er verkeleg eit lite under, forholda tatt i betraktning. Mange av ungdommane arbeidar med å selje småting, synge på bussen, tigge ved lyskryss eller tar småjobbar. Dagen vi var der, var mange på skulen, så dei kunne ikkje komme å vise oss det dei kunne. Men vi fekk litt av eit show likevel! Mange var veldig rørte over det dei såg, og gruppa har fått ein unik dag som ikkje kunne vorte gjort utan Jose og Henriette. Ho gaida oss ut dit, fortalte masse interessant, og forberedte oss litt på det som kom. Dagen før hadde dei samla inn litt pengar frå oss, og for det kjøpte dei masse (pengane rakk LANGT!). Mellom anna to kostymer og sjongleringskjegler ungdommane kan bruka når dei lagar show i bursdagar og liknande. Det er hovudsakleg sånn dei tenar pengar. I tillegg har dei kino på eit laken, og lagar popcorn. Vi kjøpte ei kokeplate og ein kjele til dette, samt glas dei kan servere brus i. I tillegg fekk dei ein god del ekstra sjongleringsutstyr, og 280 jojoar som dei kan leike med og prøve å selje. Vi åt saman etter at dei hadde hatt framsyning for oss. På veg til ”paradis” der vi budde, trur eg folk hadde litt av kvart å fordøye i tillegg til maten!

Bilete av Frode Brakstad

Nytt eventyr på gang!

Viss ein har 200 000kr kan ein få kjøpe denne venusfigurvinflaska.
Viss ein har 200 000kr kan ein få kjøpe denne venusfigurvinflaska.

I skrivande stund sit eg i ein snabla god stressless på flyplassen i Amsterdam. Starbucks har fått pengar, eg har fått frappucino. Så no er det som det skal vera før ein tur!

Vi starta gørrtidleg i dag, med minibuss som henta oss på Hjertås klokka 0400. Kva skal gruppa heite? Tidlegare har Skare-group vore nevnt, denne gang får vi heller kalla det Odlandsfloken.  Det er nemlig fordi mamma  feirar halvvegs til hundre at vi reiser, og ho har skreddarsydd programmet.  Det ser veldig bra ut, aktivt og variert, så no er det berre å henga på!

lamaFormåla med turen:  Ha det kjekt, oppleva mange ulike delar av Peru, møta Jose sin verden og vera ilag med familie og vennar.

Chilleavdelingen, der ungdommen lika seg
Chilleavdelingen, der ungdommen lika seg

Litt av det vi skal er å besøke Macchu Picchu og Urubambadalen, bu hjå familiar i Titicacasjøen, Amazonas og ikkje minst besøka Ungdomshuset Henriette og Jose har lagt ned mykje arbeid i, som ligg i ein veldig fattig del av Lima.

Med på turen er Familien Odland Skare og Mariellita, Sjølvaste Odland og frue, Høvding Skjelvik og frue, Spreke Grete, Kjekke Frode og vår venninne  Marianne. Samt utallige førstehjelpsskrin, øyreproppar, ladarar , nyvaksinerte kroppar og urolege magar.

Her i Amsterdam skal vi òg få møte resten av dei vi skal reise med, som hang seg på konseptet til mamma.

Starbucks - oppskrytt og kjempegodt!
Starbucks – oppskrytt og kjempegodt!

Satsar på å oppdatera dåke heima  etter kvart – neste innlegg kjem plutseleg 😉

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.