Ein liten sandbanke, masse fisk, frukt og rom og cola,,,, For dei som er glad i matte: Øya er ca 50kvadratmeter, og vi var meir enn 80 personar der, kva vert tettleiken?
Snorklinga var fantastisk! Vi såg mellom anna trompetfisk, den blå venninna til Nemi og papegøyefisk.
Mange nye ingrediensar å læra seg, og teknikkar for å laga maten
Etter en lang busstur over fjellet fra Santo Domingo var vi vel fremme i Cabarete. Byen var full av liv og røre, og egentlig nokså lik slik vi hadde forestilt oss at en Karibisk by ville være. Vi ankom «La Loma», skogen hvor vi skulle tilbringe de neste dagene, og ble møtt av Papon; vår guide/kontaktperson/alt-mulig-mann. Allerede før vi var steget ut bussen, var de lokale guttene der, klare til å bære sekkene våre opp til huset til Efrahim, vår altmuligmann nr. 2, og lokalet for velkomstfesten vår. Der ble vi møtt av en enda større gjeng: et 10-talls damer som var godt i gang med å forberede et festmåltid til oss, og deres ektemenn og barn. Vi merket fort den åpne og inkluderende kulturen de er kjent for her i den Dominikanske Republikk. Til tross for ulikt språk sto det ikke på innsatsen for å prøve å bli kjent med oss. Vi jentene fikk være med å lage mat, og lærte samtidig de spanske navnene på alle ingrediensene. Alle sammen fikk være med på en kort ekskursjon opp til et utsiktspunkt for å sjekke ut området.
Olinda vert guida av Esmeralda
Tilbake ved Efrahim sitt hus måtte alle jentene på do og ble fulgt av China, en utrolig karismatisk jente og en av døtrene til Efrahim. Toalettet var en utedo på toppen av en liten bakke, bak et forheng, med en liten blikkplate som tak. I tur og orden gikk vi på do og China fulgte oppmerksomt med.
Etter noen timer med mingling på spansk, ble all maten satt frem på et langbord og plassen dekorert av hengende lys. Vi fikk servert alt frå grillet kylling og svin, til diverse salater, risotto og platanos fritos (friterte bananer). Alt smakte fantastisk og det var god stemning rundt måltidet.
China fiksar håret til Fride, dei elskar å dulla med oss!
Mørket senket seg nokså fort, og med det ble det satt frem høytalere og et ”live-band” begynte å spille dominikansk musikk. Det gikk ikke lang tid før alle var i gang med å danse den lokale dansen ”Merengue”, og etter hvert også ”Bachata”. I utgangspunktet enkle danser, men en utfordring for oss stive nordmenn. Alle jentene fikk rimelig raskt beundrere, og var etter et titalls danser rimelig gjennomsvette og klare for en god natts søvn.
Det aular med folk i alle aldre!
Albania gir god klem og fiksar hår.Her frå kjøkkenet til Efrahim
Matlaging!
Fotograf Olinda
Fotograf Olinda,. Nydelege Rut 🙂
Husbandet!
Fotograf Olinda
Det ble foretatt en rask loddtrekning for å finne ut hvilke to av oss som skulle bo hos hver familie, og vi gikk alle i en stor, samlet flokk fra hus til hus hvor vi ble innlosjet hos familiene våre. Vi tok i bruk en av våre spanske fraser ”buenas noches” og var klare for senga. Til tross for varmen sov vi alle sammen godt etter en lang dag med mange nye inntrykk.
Kvifor ikkje stå opp klokka 02.30 for å køyre til midten av landet, der ein time er på vegar som får norske vegklagarar til å holde godt munn? No problemas!
Vi gav sekkane våre til nokre barske hestekarar og dyra deira, og starta på den lange ferda klokka 07.00. Etter to mil og to tusen høgdemeter i varmen kom vi til hytta vi skulle bu i. Gaidane laga middag til oss og bål, så vi hadde det supert til vi la oss på tregolvet i den eine hytta klokka 20.00 på kvelden, totalt utslitte. Så var det opp og stå klokka 03.30 og drikka varm sjokolademelk til frukost, for å nå sjølve toppen klokka 06.30 til soloppgang. Vi gjekk i nydeleg stjerneklar himmel og nådde toppen med fantastisk utsikt! Då vi var ferdig med litt karbohydratar og bilder var vi blitt så kalde at vi måtte nedatt, for vinden og temperaturen så høgt er ikkje til å spøka med.
Vi kom ned til starten klokka 1600, og då hadde vi totalt gått i 22 av 36 timar desse dagane. Snakk om sprek gjeng! Og spreke gaidar og dyr som kunne hjelpa dei som trengte det innimellom. Vi avslutta dagen med å ete hjå sjefshelten, Ramon, i huset hans.
Vi vart shanghaia av ein mann som vart kalla Guagua. Det betyr eigentleg buss, og vi forstod først etterpå at vi var hans pasasjerar! Han tok oss med på museum, kyrkjer, sjokoladebutikk, tobakkbutikk, smykkebutikk og masse meir i over to timar. Og det heile kosta 12kr.
På kvelden gjekk vi i over ein halv time for å komma til kinoen, og såg SankyPanky2, som handlar om korleis dominikanarane prøvar å finne seg dame for å få reise til rike land. Ein støyande komedie, masse høg musikk og vi forstod lite, men når det heile kosta 21kr. For alle ni billettane!!!
Og så var det altså blitt verkeleg: Friluftsliv/Backpacking lever i beste velgåande skuleåret 2013/14!
Klassen består av fem jenter og tre gutar, som til saman utgjer ein spennande miks av dialektar, kunnskapar og kreativ energi. Dei er engasjerte og opptatte av å lære. I skulekvardagen utmerkar dei seg ofte med stor deltaking og makalaus kvalitet på morgonsamling og elevkveld!
Nok skryt no: Over til det dagsaktuelle:
Vi er på tur! I fire veker skal vi reise rundt med ryggsekk i Den Dominikanske Republikk, Nicaragua og Costa Rica. Flybillettane er i boks og timeplanen er både ambisiøs, laus og fast i fisken.
I skrivande stund sit eg som lærar på siste flyet for dagen, og kan endeleg puste skikkeleg. Eg tenkjer helst ikkje på kor lang tid vi har vore på reise, eller at eg og to andre sov på steingolvet på Gardermoen sist natt, eller at beina verker etter all stillesittinga: Eg er rett og slett takksam og letta for at vi rakk siste flyet! For å gjere ei hektisk historie kort: Då vi gjekk inn i flyet i Miami rakk vi ikkje sette oss ein gong før det var ready for take off!
I dag gjennstår det berre å komma seg ut av blikkboksen att, finna bagasjen, pruta drosje og innlosjera oss på eit sjarmerande og billeg hostel i den gamle, koloniale delen av Santo Domingo. I morgon skal vi akklimatisera oss, vandra i historia, ete ny mat, praktisere spansk, sikkert bli svette og fulle av inntrykk, ete is, gå på ufseleg billeg kino og nyte byen!
Vi stod opp klokka fire i natt. Hadde billett til bussen. Klare for den lange reisa heim. Julemat og kulde.
MEN flyet vårt går i morgon!!! Eg vart sjølvsagt ganske glad for å oppdaga det fem minutt før bussen gjekk, for då kunne vi bli i paradis litt lenger…
Manuel Antonio Nasjonalpark, her må eg tilbake!!!
Han her budde rett bak der vi la oss på stranda. Vi fekk vera vitne til hans kurtisering av dama si 🙂ByggmesterBob vart akkurat ferdig med verket før floa kom!Sebastianane stal chipsen vår når vi var ute og bada…Miko stal kjeksene våre!!!Apekattar over alt!!!
Buldre 🙂Fjellet i bakgrunnen er Chirripo – Tek seg betre ut herfrå enn i skodda!Los Crestones – seksti meter høge og herlige å klatre!på veg til Haredalennyeskjørtet vart til hue og sjalOki, vi lar vera…regn og kaldt klokka 0300
Alle reisebøker sa det. Våre medvandrarar sa det. Vi meinte det gav meining. Så vi la ut klokka 03.00 om morgonen for å nå soloppgangen på 3820moh. Ein fem kilometers marsj frå hytta, i mørkret. Problemet vårt var at det regna og var superoverskya! Då vi kom på toppen såg vi ikkje ein gong skilnad på aust og vest… Det var seks grader der oppe, og minst 12mps vind, så vi vart ikkje lenge… Men toppen var nådd! Endå eit land kan eg kryssa av på lista mi 🙂
Vi gjekk raskt nedatt, og sov til klokka 13.00 på dagen. Etter litt lunsj gjekk vi utatt på eit nytt prosjekt: Los Crestones. Desse nydelegeklippeformasjonane skulle vere ein flott måte å sjå solnedgangen på. Og det var vel greitt å ein liten time. Det var stas å få buldra litt i klippene! Vi sat lenge på toppen av ei 60 meter høg søyle og såg utover. Skydekket låg om lag 700meter lenger nede, så vi fekk ein noko spesiell solnedgang; lange skyggar og brennande skyer. Etter ein liten rundtur bar det heimover att til hytta. Der var det god stemning med folk som faktisk hadde teke med gitar, og kortspel . Det var kjekt å prata med folk og høyra kor dei var frå, kva dei gjorde heime, kvifor dei var i Costa Rica og mykje anna.
(sorry for manglande evne til å få bileta i kronologisk rekkefølge….)
Man tager alt hvad man haver…. Varmt nok, heldigvis!!Nydelig og skiftande utsikt i eit terreng av regnskog, cloudforrest og ein til type heilt øverst. Interessant og rikt!Sånn ser sjuke meg ut på toppen før hytta… Ikkje mykje hoi i hatten, men du hendelse det var godt å få komma seg inn!Hest, ja… E ikkje for oss!Preparaciones 🙂
Først av alt må ein skjøne at allemannsrett, karttradisjon og utstyrsfilosofi er veldig ulikt i mange land. Har ein forstått det, går prosessen betre: Først må ein skynta seg til Nasjonalparkkontoret før klokka 1600, for å sjå om ein er griseheldig å få plass til å gå neste dag. I høgsesongen er det gløymesak, vi var veldig heldige! Betal for antal døger i parken og du er tilsvarande nøyd til å bu på det einaste hyttekomplekset som er der like lenge. Etter det kan ein vurdere å få ein bærar til børa si, anten hest eller mann. Så må ein finne mat, og det er forholdsvis enkelt, då det berre er ein butikk. Der kan ein til dømes kjøpa regnjakke til12 kroner som ryk når du tek han på deg. Kart finns ikkje å få tak i. Sovepose og brennar fekk vi leiga på hostellet der vi sat att tinga våre. Kjøt vart steikt og egga kokte, og så var det berre å sova seg fram til ein grytidleg starrt.
Det kosta litt å stå opp, særlig fordi eg var skikkeleg forkjøla… Men opp skulle vi, og det var berre å starta å siga. Stigen var supertydeleg og kvar kilometer var markert med skilt, sjølv om dei verka å vera veldig lange kilometer…. Høgda byrja snart å legga seg oppå forkjølelesen min, og det vart ikkje lettare utover dagen. Naturen var derimot nydeleg, skiftande og interessant – så det var noko å avleia tankane på. Kvitkrull og klokkelyng, til dømes! Mange av plantane var like dei vi har heime, særleg over 3000moh. Etter 1800 høgdemeter og 14.5kilometer kom endeleg hytta til syne, og eg fekk omsider dradd meg sjølv opp av kjellaren. Maten var fantastisk og dei harde sengene ei velsigning!
Universalspråket Wunderbaum miksa med katolisismenHaiketur med påsegla sjåfør…Denne bussen fekk vi sitteplass på. Etter to timar.Motoconcho i Dominikanske republikk får deg overalt!
Når ein skal reise i to heile land på to korte veker, vert det mykje transport. Det er forbausande lett å flytta på seg, i alle fall når ein snakkar spansk og møtar folk som forstår kva vi ikkje forstår! Drosje i Nicaragua er veldig billeg, for femti kroner vert ein køyrt 40 minutt og kan stoppe når ein vil ha is eller spørje om vegen. Einaste snåle er at dei tek betalt per person. I mitt hovud må det bli dårleg butikk? Det finns noko som er drosje for fleire, der dette betalingssystemet gir meining: Du stoppar ein bil, der det gjerne er fleire i, og sjåføren køyrar der folka skal. Logikken her brest reint geografisk, for du kan risikere at sjåføren er veldig «rettvis» og køyrar folk i aust og vest etter rekkefølga dei kom inn.
Kva så med buss? Om vi held oss i Nicaragua kan det tyde mange ulike ting… Bybussane er gjerne overfylte, pensjonerte amerikanske skulebussar på randen av totalt samanbrot. Hjelpemannen hylar og skrik «Dale pues» for å både skynda på folk og seie at alt er OK, før han bankar i sida på bussen så sjåføren veit han kan køyre. Folk som har problem med blodtrykket eller klaustrofobi bør unngå desse bussane. Eit halvt hakk betre er bussane som går mellom byar, men dei er framleis mynta på born under 150cm og kan aldri bli for fulle. Skal ein langdistanse, derimot, kan ein få skikkeleg buss, som med litt flaks glatt slår Nor-Way-bussekspress ned i kne.
I Costa Rica er alt ein god del betre, billigbussane heng betre saman, du har gjerne plass til beina om du kjem tidleg og setenummerreservasjon finns. Standarden på drosjane er jamvel høgare, men dei tek seg meir betalt. Likevel hadde eg dårleg samvit for å berre betale 180 kroner for å køyre ein halv time rett opp i fjellet, fordi vegen gav bilen ein noko hard masasje ettersom asfalt vart til grus, som vart til betongflekkar og spisse steinar… Han fekk litt tips.